Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, mandag 21. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120521
Innenriks
Lørdag 25. september, 2004

Vart kasta rett ut

Lørdag 25. september, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Selskapet Ernst & Young var i ei openberr dobbeltrolle i konkurransen om OPS-oppdrag i den skotske kommunen Fife. Kommunen kasta dei rett ut.

Ernst & Young var hyra inn som finansiell rådgjevar for den skotske kommunen Fife. Ti flunkande nye skulebygg skulle bli til gjennom offentleg privat samarbeid (OPS).

Blant selskapa som ville slå kloa i kontrakten, verdt omlag 650 millionar kroner, var storentreprenøren Jarvis.

Våren 2003 oppdaga kommunestyret at Ernst & Young (E&Y) var revisoren til Jarvis. I tillegg selde E&Y også andre tenester til selskapet, som totalt betalte rundt 25 millionar kroner til E&Y i 2002.

- Ernst & Young var i ei dobbeltrolle. Det var ein openberr interessekonflikt, seier Andrew D. Arbuckle frå Liberaldemokratane til Klassekampen.

Arbuckle viser til at E&Y opererte både som rådgjevar og revisor for ein av dei sentrale tilbydarane.

- Vi kasta dei ut utan nøling. Det er snakk om store summar her, og vi må ha visse standardar.

59-åringen har vore folkevald i Fife i 18 år. Fife har rundt 350.000 innbyggjarar.

Oppdaga det sjølv

Då EY konkurrerte om oppdraget som OPS-rådgjevar for skuleprosjektet i Fife, erklærte firmaet at «Vi er ikkje kjent med potensielle interessekonflikter i dette oppdraget».

Det var kommunen sjølv som etter kvart oppdaga at denne erklæringa var litt upresis. Då tok Fife affære.

- Hadde dei opplyst frå starten at dei arbeidde for Jarvis, hadde det aldri kome på tale å hyra inn Ernst Young, seier Arbuckle i dag.

I vedtaket frå 26. juni 2003 «inviterer» Fife EY til å trekkja seg frå oppdraget som finansiell rådgjevar, eller å avslutta samarbeidet med interessentane i OPS-prosessen.

Dette var eit samrøystes vedtak frå kommunestyret.

- Privat sektor vart nok ganske overraska over at offentleg sektor gjekk så offensivt til verks. Men kommunestyret meinte at dobbeltrolla til Ernst Young, spesielt når selskapet fyrst ikkje opplyste om situasjonen, hadde påverka relasjonen mellom Fife og Ernst Young på ein alvorleg måte, kommenterer Morag Wallace, som er OPS-ansvarleg i kommunen.

Motsett haldning

28. august i fjor kunngjorde EY at selskapet trakk seg frå rågjevaroppdraget i Fife «på grunn av ein potensiell interessekonflikt».

Men i Noreg har EY stikk motsette haldning:

Her har selskapet vore nært involvert i dei to fyrste vegutbyggingane etter OPS-modellen. I begge tilfella har milliardkontraktane gått til selskap der EY no er revisor (sjå eiga sak).

Både Vegdirektoratet og administrerande direktør Torstein Hokholt i EY Noreg avviser at det finst noko problematisk ved at EY som rådgjevar for staten kan bidra til å gje kontraktar til selskap EY får oppdrag frå som revisor.

Rolla som revisor i slike tilfelle «er etter vår vurdering uansett helt uproblematisk», kommenterte Hokholt i Klassekampen i går.

Ernst Young var hyra inn som finansiell rådgjevar for den skotske kommunen Fife. Ti flunkande nye skulebygg skulle bli til gjennom offentleg privat samarbeid (OPS).

Blant selskapa som ville slå kloa i kontrakten, verdt omlag 650 millionar kroner, var storentreprenøren Jarvis.

Våren 2003 oppdaga kommunestyret at Ernst Young (EY) var revisoren til Jarvis. I tillegg selde EY også andre tenester til selskapet, som totalt betalte rundt 25 millionar kroner til EY i 2002.

- Ernst Young var i ei dobbeltrolle. Det var ein openberr interessekonflikt, seier Andrew D. Arbuckle frå Liberaldemokratane til Klassekampen.

Arbuckle viser til at EY opererte både som rådgjevar og revisor for ein av dei sentrale tilbydarane.

- Vi kasta dei ut utan nøling. Det er snakk om store summar her, og vi må ha visse standardar.

59-åringen har vore folkevald i Fife i 18 år. Fife har rundt 350.000 innbyggjarar.

Oppdaga det sjølv
Då EY konkurrerte om oppdraget som OPS-rådgjevar for skuleprosjektet i Fife, erklærte firmaet at «Vi er ikkje kjent med potensielle interessekonflikter i dette oppdraget».

Det var kommunen sjølv som etter kvart oppdaga at denne erklæringa var litt upresis. Då tok Fife affære.

- Hadde dei opplyst frå starten at dei arbeidde for Jarvis, hadde det aldri kome på tale å hyra inn Ernst Young, seier Arbuckle i dag.

I vedtaket frå 26. juni 2003 «inviterer» Fife EY til å trekkja seg frå oppdraget som finansiell rådgjevar, eller å avslutta samarbeidet med interessentane i OPS-prosessen.

Dette var eit samrøystes vedtak frå kommunestyret.

- Privat sektor vart nok ganske overraska over at offentleg sektor gjekk så offensivt til verks. Men kommunestyret meinte at dobbeltrolla til Ernst Young, spesielt når selskapet fyrst ikkje opplyste om situasjonen, hadde påverka relasjonen mellom Fife og Ernst Young på ein alvorleg måte, kommenterer Morag Wallace, som er OPS-ansvarleg i kommunen.

Motsett haldning
28. august i fjor kunngjorde EY at selskapet trakk seg frå rågjevaroppdraget i Fife «på grunn av ein potensiell interessekonflikt».

Men i Noreg har EY stikk motsette haldning:

Her har selskapet vore nært involvert i dei to fyrste vegutbyggingane etter OPS-modellen. I begge tilfella har milliardkontraktane gått til selskap der EY no er revisor (sjå eiga sak).

Både Vegdirektoratet og administrerande direktør Torstein Hokholt i EY Noreg avviser at det finst noko problematisk ved at EY som rådgjevar for staten kan bidra til å gje kontraktar til selskap EY får oppdrag frå som revisor.

Rolla som revisor i slike tilfelle «er etter vår vurdering uansett helt uproblematisk», kommenterte Hokholt i Klassekampen i går.

Kultur & medier
Mandag 21. mai, 2012
- Statsstøtte gir økt frihet

- Statsstøtte gir økt frihet

Føringene som legges på teatrene, går ikke ut over den kunstneriske friheten, mener kulturministeren: - Den største friheten kulturinstitusjonene kan få, er midler til å gjennomføre det de har lyst til, sier hun.
Utenriks
Mandag 21. mai, 2012
Hengemyr til blodpris

Hengemyr til blodpris

KRIGSRÅD: Afghanistan-krigens byrder overskygger Natos toppmøte i Chicago. Samtidig innleder en ny gruppe kamp mot USAs planer om å ha styrker i Afghanistan til 2024.
Innenriks
Mandag 21. mai, 2012
To av tre ga opp på 20 år

To av tre ga opp på 20 år

OPPGITT: To av tre har sluttet med landbruk i landets beste kornbygder de siste 20 åra, sier kornbonden Svein Stubberud i Vestby. Han frykter at regjeringens tilbud til bøndene vil få flere til å gi opp.
Dagens leder
Mandag 21. mai, 2012
Alf Skjeseth
Blanke f...

Blanke f...

Dagens leder
Powered by eonBIT