Ernst & Young i ny rollekonflikt
Lørdag 25. september, 2004
Prøveprosjekt nummer to for privatiseringsmetoden offentleg privat samarbeid (OPS) i vegsektoren er 18 kilometer ny E39 mellom Lyngdal og Flekkefjord. Kontrakten er verdt rundt 1,2 milliardar kroner. Den vart 29. april tildelt Allfarveg AS. Allfarveg er oppretta av Veidekke ASA og Sundt AS, som i hovudsak er pengebingen til reiarkapitalist Petter C. G. Sundt.Allfarvegen er det andre av tre prøveprosjekt med OPS i vegsektoren. Vegdirektoratet har brukt ti millionar kroner på rådgjeving frå Ernst & Young for å få dei to fyrste OPS-kontraktane i hamn. Klassekampen har omtalt den fyrste, som gjekk til Orkdalsvegen AS. Dette selskapet har valt Ernst & Young som revisor, og har kjøpt tenester frå E&Y i samband med OPS-prosjektet ved Orkdal. No viser det seg at kundar av Ernst & Young så langt har gjort det skarpt i to av to konkurransar om norske OPS-milliardar.Bidratt med rådRevisjonsfirmaet til Veidekke ASA heiter Ernst & Young. Revisjonsfirmaet til Allfarveg AS heiter Ernst & Young. Dei finansielle rådgjevarane som hjalp Allfarveg med OPS-prosessen heiter derimot DnB NOR og Macquarie. Men Ernst & Young har også bidratt med råd under vegs. ? Veidekke har brukt konsulentar innanfor fleire fagfelt og frå ulike konsulentmiljø. Blant dei problemstillingane som dukka opp i arbeidet med tilbodet var områda skatt og avgift. På desse områda gjorde Veidekke bruk av Ernst & Young som rådgjevar, opplyser dagleg leiar for Allfarveg AS Torgeir Øvstebø til Klassekampen. ? Vi er kjent med at Ernst & Young i mange år har vore revisor for Veidekke ASA. Dette oppfattar vi ikkje som noko problem, seier OPS-ansvarleg Kjersti Billehaug i Vegdirektoratet til Klassekampen. Leiger tilbakeI OPS-prosjektet på Sørlandet inngår også drift og vedlikehald av 21 kilometer E39. Allfarveg AS står for investering, bygging og absolutt alle tenester, og så leiger staten tilbake med årlege innbetalingar gjennom 25 år. EUs europeiske investeringsbank har lånt 632 millionar kroner til prosjektet. Resten av lånefinansieringa kjem frå DnB og den statseigde nordiske investeringsbanken.? Prosjektet går bra. Vegen skal vera klar for trafikk 1. september 2006, opplyser Øvstebø.
Prøveprosjekt nummer to for privatiseringsmetoden offentleg privat samarbeid (OPS) i vegsektoren er 18 kilometer ny E39 mellom Lyngdal og Flekkefjord. Kontrakten er verdt rundt 1,2 milliardar kroner. Den vart 29. april tildelt Allfarveg AS. Allfarveg er oppretta av Veidekke ASA og Sundt AS, som i hovudsak er pengebingen til reiarkapitalist Petter C. G. Sundt.Allfarvegen er det andre av tre prøveprosjekt med OPS i vegsektoren. Vegdirektoratet har brukt ti millionar kroner på rådgjeving frå Ernst & Young for å få dei to fyrste OPS-kontraktane i hamn. Klassekampen har omtalt den fyrste, som gjekk til Orkdalsvegen AS. Dette selskapet har valt Ernst & Young som revisor, og har kjøpt tenester frå E&Y i samband med OPS-prosjektet ved Orkdal. No viser det seg at kundar av Ernst & Young så langt har gjort det skarpt i to av to konkurransar om norske OPS-milliardar. Bidratt med rådRevisjonsfirmaet til Veidekke ASA heiter Ernst & Young. Revisjonsfirmaet til Allfarveg AS heiter Ernst & Young. Dei finansielle rådgjevarane som hjalp Allfarveg med OPS-prosessen heiter derimot DnB NOR og Macquarie. Men Ernst & Young har også bidratt med råd under vegs. ? Veidekke har brukt konsulentar innanfor fleire fagfelt og frå ulike konsulentmiljø. Blant dei problemstillingane som dukka opp i arbeidet med tilbodet var områda skatt og avgift. På desse områda gjorde Veidekke bruk av Ernst & Young som rådgjevar, opplyser dagleg leiar for Allfarveg AS Torgeir Øvstebø til Klassekampen. ? Vi er kjent med at Ernst & Young i mange år har vore revisor for Veidekke ASA. Dette oppfattar vi ikkje som noko problem, seier OPS-ansvarleg Kjersti Billehaug i Vegdirektoratet til Klassekampen. Leiger tilbakeI OPS-prosjektet på Sørlandet inngår også drift og vedlikehald av 21 kilometer E39. Allfarveg AS står for investering, bygging og absolutt alle tenester, og så leiger staten tilbake med årlege innbetalingar gjennom 25 år. EUs europeiske investeringsbank har lånt 632 millionar kroner til prosjektet. Resten av lånefinansieringa kjem frå DnB og den statseigde nordiske investeringsbanken.? Prosjektet går bra. Vegen skal vera klar for trafikk 1. september 2006, opplyser Øvstebø.










