Psykiatrisk OPS i Oslo
Torsdag 16. september, 2004
Oslo kommune treng 15-20 nye bustader for personar med psykiske lidingar. Bygginga av desse skal skje som offentleg privat samarbeid (OPS), om fleirtalet i Helse- og sosialkomiteen får det som dei vil. Dette er i tråd med forslaget frå byrådet: «Det tas sikte på etablering av et byomfattende tilbud med 15-20 boliger etter modell av offentlig og privat samarbeid (OPS-modell)».
Raud Valallianse, SV og Arbeidarpartiet går mot bruken av OPS, som er ein type privatisering der private aktørar står for investeringane og kommunen leiger bygg og tenester gjennom kontraktar som varer fleire tiår. Desse partia samla seg i komitemøtet måndag om forslaget frå RV: «Etablering av et byomfattende tilbud med 15-20 boliger gjennomføres som et kommunalt prosjekt både når det gjelder bygg/anlegg og framtidig drift».
Fyrst sikra Venstre fleirtal for dette, og dermed nederlag for byrådet, men gruppeleiar Ola Elvestuen forsikrar om at dette var ein glipp som blir retta opp når saka kjem til bystyret.
- Uproblematisk
- Vi har lang tradisjon i Oslo for å ha samarbeid med aktørar som Frelsesarmeen, Bymisjonen og andre på dette feltet, når det gjeld både investering og drift. Bruken av OPS her er heilt uproblematisk, seier Elvestuen til Klassekampen.RV-representant Erling Folkvord meiner Venstres gruppeleiar er dårleg informert om OPS.
- Han veit ikkje heilt kva dette handlar om. Samarbeid med Bymisjonen og liknande har vi hatt lenge før OPS-modellen vart importert frå Storbritannia, seier Folkvord til Klassekampen.
Kjem an på innhald
Folkvord har to sterke innvendingar mot bustadbygging som OPS:Privat låneopptak blir dyrare enn om kommunen investerer sjølv
Konkurransen mellom private aktørar fører til press på lønns- og pensjonsvilkår for dei tilsette.
- Derfor ynskjer RV at opning av ny drift skjer i kommunal regi, seier han.
- Er alt samarbeid med private institusjonar som Bymisjonen eller Blåkors negativt?
- RV har støtta slike avtalar med ikkje-kommersielle aktørar. Dei driv for offentlege pengar og har driftsmåtar som liknar kommunen. Eg har heller ikkje inntrykk av at dei pressar dei tilsette hardare enn Oslo kommune gjer.
- Så kva er problemet med OPS i denne saka?
- Det kjem an på innhaldet i dei konkrete kontraktane. Men vi har ingen garanti for at det blir ikkje-kommersielle aktørar som slepp til. Og vi har sett at byrådet pressar dei ikkje-kommersielle aktørane til å konkurrera med storselskap som ISS. Denne negative utviklinga unngår vi ved at kommunen sjølv gjennomfører prosjektet.
Oslo kommune treng 15-20 nye bustader for personar med psykiske lidingar. Bygginga av desse skal skje som offentleg privat samarbeid (OPS), om fleirtalet i Helse- og sosialkomiteen får det som dei vil. Dette er i tråd med forslaget frå byrådet: «Det tas sikte på etablering av et byomfattende tilbud med 15-20 boliger etter modell av offentlig og privat samarbeid (OPS-modell)».
Raud Valallianse, SV og Arbeidarpartiet går mot bruken av OPS, som er ein type privatisering der private aktørar står for investeringane og kommunen leiger bygg og tenester gjennom kontraktar som varer fleire tiår. Desse partia samla seg i komitemøtet måndag om forslaget frå RV: «Etablering av et byomfattende tilbud med 15-20 boliger gjennomføres som et kommunalt prosjekt både når det gjelder bygg/anlegg og framtidig drift».
Fyrst sikra Venstre fleirtal for dette, og dermed nederlag for byrådet, men gruppeleiar Ola Elvestuen forsikrar om at dette var ein glipp som blir retta opp når saka kjem til bystyret.
- Uproblematisk
- Vi har lang tradisjon i Oslo for å ha samarbeid med aktørar som Frelsesarmeen, Bymisjonen og andre på dette feltet, når det gjeld både investering og drift. Bruken av OPS her er heilt uproblematisk, seier Elvestuen til Klassekampen.
RV-representant Erling Folkvord meiner Venstres gruppeleiar er dårleg informert om OPS.
- Han veit ikkje heilt kva dette handlar om. Samarbeid med Bymisjonen og liknande har vi hatt lenge før OPS-modellen vart importert frå Storbritannia, seier Folkvord til Klassekampen.
Kjem an på innhald
Folkvord har to sterke innvendingar mot bustadbygging som OPS:
Privat låneopptak blir dyrare enn om kommunen investerer sjølv