Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, mandag 21. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120521
Innenriks
Lørdag 11. september, 2004

Støttar fagrørsla

Lørdag 11. september, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Asmund Kristoffersen (Ap) går i rette med sine eigne partifellar i Pensjonskommisjonen. Han er kritisk til analysane som ligg til grunn for pensjonsreforma.

Debatten om pensjonsreforma viser at skepsisen til Pensjonskommisjonen sine framlegg grip om seg. Med både kommisjonsleiar Sigbjørn Johnsen og Hill-Marta Solberg og Sverre Myrli som medlemmer, er Arbeidarpartiet tungt representert i Pensjonskommisjonen som vart oppnemnd av Stoltenberg-regjeringa i mars 2001.

Men det hindrar ikkje motstand i eigne rekkjer. Asmund Kristoffersen, Ap-representant i sosialkomitéen i Stortinget, er blant skeptikarane. Torsdag denne veka innleidde han til pensjonsdebatt på ein konferanse i regi av EL & IT Forbundet.

- Dei framlegga Pensjonskommisjonen har komme med, er utarbeidde på eit reint økonomisk grunnlag. Eg hadde ønskt meg eit meir sosialpolitisk oppdrag for ei pensjonsreform, seier Kristoffersen til Klassekampen. Han er også oppteken av at hans eige parti må halda nær kontakt med fagrørsla i pensjonsdebatten.

- Alle reformer som har gitt betre velferd, har blitt til i eit samspel mellom fagrørsla og partia på venstresida. Skal vi ha ei pensjonsreform, er samspelet med fagrørsla viktig, seier Ap-representanten.

Nye analysar

- Det har blitt reist tvil om ein del av dei utrekningane som ligg til grunn for kravet om innsparing av pensjonskostnadene i framtida?

- Det er nødvendig å gjera langt grundigare analysar av dette. Vi har fått dokumentasjon frå fagrørsla som seier at det er muleg å finansiera det som måtte komma av auka pensjonskostnader over skattesetelen, seier Ap-representanten.

Han stiller seg også svært kritisk til den omfordelinga frå dei med låge inntekter til dei med høge inntekter som ligg i framlegga frå kommisjonen.

Besteårsregelen

Ei grunnleggjande endring i framlegget frå Pensjonskommisjonen i forhold til dagens folketrygd, er overgangen frå 40 års oppteningstid, med dei 20 beste inntektsåra som avgjerande for kor stor pensjonen blir, til den såkalla «alleårsregelen», der alle arbeidsår skal telja likt. Pensjonskommisjonen bruker 43 års oppteningstid i sine rekneeksempel.

- Besteårsregelen bør ikkje fjernast. Eg trur ikkje alle vil makta å stå i full jobb i 43 år, seier Kristoffersen.

I debatten om besteårsregelen har det særleg blitt lagt vekt på kor viktig den er for delvis deltidsarbeidande kvinner. På konferansen torsdag vart det lagt fram tal som viser at menn vil tapa enda meir enn kvinner dersom denne regelen blir fjerna.

Treng tid

- Treng vi i det heile den reforma Pensjonskommisjonen foreslår?

- Utrekningar som har blitt lagde fram, mellom anna av sosialøkonomen Jan Mønnesland, tyder på at vi kunne greidd oss lenge med ein revisjon av folketrygda. Men når Pensjonskommisjonen si innstilling først er der, må vi ta utgangspunkt i den i den vidare diskusjonen. Men både fordelingsaspektet og finansieringa av ei slik reform må vurderast nøye, seier Ap-representanten.

- Kor mykje hastar det å få ferdigbehandla pensjonsreforma?

- Vi må ta den tida vi treng. Arbeidarpartiet må ha ei landsmøtebehandling av saka. Eg kan ikkje sjå at det vil vera ansvarleg saksbehandling å ha eit nytt pensjonsopplegg klart før sommaren 2005.

Debatten om pensjonsreforma viser at skepsisen til Pensjonskommisjonen sine framlegg grip om seg. Med både kommisjonsleiar Sigbjørn Johnsen og Hill-Marta Solberg og Sverre Myrli som medlemmer, er Arbeidarpartiet tungt representert i Pensjonskommisjonen som vart oppnemnd av Stoltenberg-regjeringa i mars 2001.

Men det hindrar ikkje motstand i eigne rekkjer. Asmund Kristoffersen, Ap-representant i sosialkomitéen i Stortinget, er blant skeptikarane. Torsdag denne veka innleidde han til pensjonsdebatt på ein konferanse i regi av EL IT Forbundet.

- Dei framlegga Pensjonskommisjonen har komme med, er utarbeidde på eit reint økonomisk grunnlag. Eg hadde ønskt meg eit meir sosialpolitisk oppdrag for ei pensjonsreform, seier Kristoffersen til Klassekampen. Han er også oppteken av at hans eige parti må halda nær kontakt med fagrørsla i pensjonsdebatten.

- Alle reformer som har gitt betre velferd, har blitt til i eit samspel mellom fagrørsla og partia på venstresida. Skal vi ha ei pensjonsreform, er samspelet med fagrørsla viktig, seier Ap-representanten.

Nye analysar
- Det har blitt reist tvil om ein del av dei utrekningane som ligg til grunn for kravet om innsparing av pensjonskostnadene i framtida?

- Det er nødvendig å gjera langt grundigare analysar av dette. Vi har fått dokumentasjon frå fagrørsla som seier at det er muleg å finansiera det som måtte komma av auka pensjonskostnader over skattesetelen, seier Ap-representanten.

Han stiller seg også svært kritisk til den omfordelinga frå dei med låge inntekter til dei med høge inntekter som ligg i framlegga frå kommisjonen.

Besteårsregelen
Ei grunnleggjande endring i framlegget frå Pensjonskommisjonen i forhold til dagens folketrygd, er overgangen frå 40 års oppteningstid, med dei 20 beste inntektsåra som avgjerande for kor stor pensjonen blir, til den såkalla «alleårsregelen», der alle arbeidsår skal telja likt. Pensjonskommisjonen bruker 43 års oppteningstid i sine rekneeksempel.

- Besteårsregelen bør ikkje fjernast. Eg trur ikkje alle vil makta å stå i full jobb i 43 år, seier Kristoffersen.

I debatten om besteårsregelen har det særleg blitt lagt vekt på kor viktig den er for delvis deltidsarbeidande kvinner. På konferansen torsdag vart det lagt fram tal som viser at menn vil tapa enda meir enn kvinner dersom denne regelen blir fjerna.

Treng tid
- Treng vi i det heile den reforma Pensjonskommisjonen foreslår?

- Utrekningar som har blitt lagde fram, mellom anna av sosialøkonomen Jan Mønnesland, tyder på at vi kunne greidd oss lenge med ein revisjon av folketrygda. Men når Pensjonskommisjonen si innstilling først er der, må vi ta utgangspunkt i den i den vidare diskusjonen. Men både fordelingsaspektet og finansieringa av ei slik reform må vurderast nøye, seier Ap-representanten.

- Kor mykje hastar det å få ferdigbehandla pensjonsreforma?

- Vi må ta den tida vi treng. Arbeidarpartiet må ha ei landsmøtebehandling av saka. Eg kan ikkje sjå at det vil vera ansvarleg saksbehandling å ha eit nytt pensjonsopplegg klart før sommaren 2005.

Kultur & medier
Mandag 21. mai, 2012
- Statsstøtte gir økt frihet

- Statsstøtte gir økt frihet

Føringene som legges på teatrene, går ikke ut over den kunstneriske friheten, mener kulturministeren: - Den største friheten kulturinstitusjonene kan få, er midler til å gjennomføre det de har lyst til, sier hun.
Utenriks
Mandag 21. mai, 2012
Hengemyr til blodpris

Hengemyr til blodpris

KRIGSRÅD: Afghanistan-krigens byrder overskygger Natos toppmøte i Chicago. Samtidig innleder en ny gruppe kamp mot USAs planer om å ha styrker i Afghanistan til 2024.
Innenriks
Mandag 21. mai, 2012
To av tre ga opp på 20 år

To av tre ga opp på 20 år

OPPGITT: To av tre har sluttet med landbruk i landets beste kornbygder de siste 20 åra, sier kornbonden Svein Stubberud i Vestby. Han frykter at regjeringens tilbud til bøndene vil få flere til å gi opp.
Dagens leder
Mandag 21. mai, 2012
Alf Skjeseth
Blanke f...

Blanke f...

Dagens leder
Powered by eonBIT