Høgre vrakar OPS
Onsdag 25. august, 2004
- Asker og Røyken har klart å sprenge grenser mange andre ville funnet uoverstigelige, uttalte sosialminister Ingjerd Schou (H) då ho la ned grunnsteinen for Bråset bu- og omsorgssenter i Røyken for eitt år sidan. Statsråden hylla dei to Høgre-styrte kommunane for å ha «funnet et originalt samarbeid mellom offentlig og privat sektor».
Det originale samarbeidet skulle gå ut på at Selvaag Senior AS står for investering, bygging og eigarskap, medan dei to kommunane blir ståande som leigetakarar av den nye sjukeheimen i 20 år framover. Eit skuleeksempel på Offentleg privat samarbeid (OPS).
No har rådmennene i Asker og Røyken har rekna på kostnadene. Ved enden av kontraktperioden, i 2024, vil OPS-alternativet vera 115 millionar kroner dyrare enn om kommunane eig sjølv, viser kalkylane. Derfor innstiller rådmennene på at kommunane kjøper det 200 sengeplassar store bygget frå Selvaag. Dette har dei rett til etter kontrakten, fram til fyrste byggetrinn er ferdig 24. september.
- Billigare å eige sjølv
- Sånn som rådmannen har lagt det fram, er det ingen tvil om at det lønnar seg for oss å kjøpa og eiga dette sjølv, seier ordførar Morten Strand (H) i Asker til Klassekampen. Saka var oppe i formannskapet i kommunen i går kveld.Det er gjennomført forhandlingar med Selvaag om vilkåra for at kommunane bruker retten sin til å ta over sjukeheimen. Selskapet får ti millionar i kompensasjon, i tråd med avtaleteksten. I tillegg får Selvaag tre millionar for å dekkja ekstra byråkratiutgifter selskapet har hatt i løpet av byggeperioden. Likevel sparer kommunane anno 2024 115 millionar kroner på å eiga sjølv, viser reknestykka til rådmennene.
- Det er ikkje berre økonomien, men også fleksibiliteten som gjer utslaget for oss. Det er lettare å gjera justeringar av sjukeheimen når kommunen eig sjølv, seier Strand.
Formannskapet i Røyken har saka oppe i dag. Der ser det ut til å gå i same retning som i Asker, opplyser ordførar Rune Kjølstad (H) til Klassekampen. Dermed blir det truleg kroken på døra for «et originalt samarbeid mellom offentlig og privat sektor».
Ikkje utstillingsvindauge
Men det avblåste OPS-eventyret har kosta pengar. Kommunane må ut med 10 millionar til Selvaag AS i kompensasjon. Oppå dette kjem finansieringskostnadene: Kommunar får alltid betre lånevilkår enn privat sektor. No må kommunen overta fastrenteavtala til Selvaag, og den kostar 35 millionar å kjøpa seg ut av, i kalkylen frå rådmennene. Dersom kommunane hadde gjort investeringa på eiga hand frå byrjinga og fått berre 0,5 prosent betre rentevilkår enn Selvaag, ville finansieringskostnadene over 50 år vore 33,6 millionar lågare i dette prosjektet.Reknestykket som har fått politikarane til å snu har aldri vore presentert før, opplyser økonomisk rådgjevar Bjørn Dølvik i Asker kommune til Klassekampen.
- Kunne det vore laga før?
- Ja, svarer Dølvik.
- Er det relevant å spørja om det burde vore lagt fram før?
- Ja.
- No er det slutt på at Høgre brukar Asker som utstillingsvindauge for privatisering, kommenterer Aps kommunestyrerepresentant Dag Thorkildsen. Tidlegare har kommunen slitt med den privatiserte drifta ved Risenga sjukeheim, som har fått kraftig refs frå Helsetilsynet og påført kommunen uforutsett høge utgifter.
- Asker og Røyken har klart å sprenge grenser mange andre ville funnet uoverstigelige, uttalte sosialminister Ingjerd Schou (H) då ho la ned grunnsteinen for Bråset bu- og omsorgssenter i Røyken for eitt år sidan. Statsråden hylla dei to Høgre-styrte kommunane for å ha «funnet et originalt samarbeid mellom offentlig og privat sektor».
Det originale samarbeidet skulle gå ut på at Selvaag Senior AS står for investering, bygging og eigarskap, medan dei to kommunane blir ståande som leigetakarar av den nye sjukeheimen i 20 år framover. Eit skuleeksempel på Offentleg privat samarbeid (OPS).
No har rådmennene i Asker og Røyken har rekna på kostnadene. Ved enden av kontraktperioden, i 2024, vil OPS-alternativet vera 115 millionar kroner dyrare enn om kommunane eig sjølv, viser kalkylane. Derfor innstiller rådmennene på at kommunane kjøper det 200 sengeplassar store bygget frå Selvaag. Dette har dei rett til etter kontrakten, fram til fyrste byggetrinn er ferdig 24. september.
- Billigare å eige sjølv
- Sånn som rådmannen har lagt det fram, er det ingen tvil om at det lønnar seg for oss å kjøpa og eiga dette sjølv, seier ordførar Morten Strand (H) i Asker til Klassekampen. Saka var oppe i formannskapet i kommunen i går kveld.
Det er gjennomført forhandlingar med Selvaag om vilkåra for at kommunane bruker retten sin til å ta over sjukeheimen. Selskapet får ti millionar i kompensasjon, i tråd med avtaleteksten. I tillegg får Selvaag tre millionar for å dekkja ekstra byråkratiutgifter selskapet har hatt i løpet av byggeperioden. Likevel sparer kommunane anno 2024 115 millionar kroner på å eiga sjølv, viser reknestykka til rådmennene.
- Det er ikkje berre økonomien, men også fleksibiliteten som gjer utslaget for oss. Det er lettare å gjera justeringar av sjukeheimen når kommunen eig sjølv, seier Strand.
Formannskapet i Røyken har saka oppe i dag. Der ser det ut til å gå i same retning som i Asker, opplyser ordførar Rune Kjølstad (H) til Klassekampen. Dermed blir det truleg kroken på døra for «et originalt samarbeid mellom offentlig og privat sektor».
Ikkje utstillingsvindauge
Men det avblåste OPS-eventyret har kosta pengar. Kommunane må ut med 10 millionar til Selvaag AS i kompensasjon. Oppå dette kjem finansieringskostnadene: Kommunar får alltid betre lånevilkår enn privat sektor. No må kommunen overta fastrenteavtala til Selvaag, og den kostar 35 millionar å kjøpa seg ut av, i kalkylen frå rådmennene. Dersom kommunane hadde gjort investeringa på eiga hand frå byrjinga og fått berre 0,5 prosent betre rentevilkår enn Selvaag, ville finansieringskostnadene over 50 år vore 33,6 millionar lågare i dette prosjektet.
Reknestykket som har fått politikarane til å snu har aldri vore presentert før, opplyser økonomisk rådgjevar Bjørn Dølvik i Asker kommune til Klassekampen.