Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, mandag 21. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120521
Innenriks
Tirsdag 24. august, 2004

Private kan overta lånekunder

Tirsdag 24. august, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Regjeringa i Storbritannia innfører forbod mot Offentleg privat samarbeid om IT-prosjekt. I Noreg foreslår KPMG å setja ut heile kundesystemet til Lånekassa til privat sektor.

Etter fleire store fadesar det siste tiåret la finansdepartementet i Storbritannia fredag fram eit nytt reglement for Offentleg privat samarbeid (OPS). No blir det heilt slutt på OPS innanfor utvikling av offentlege IT-system: «OPS skal ikkje brukast ved IT/IKT-innkjøp», konkluderer den britiske regjeringa. Retretten kjem som fylgje av dyrkjøpte erfaringar med store IT-prosjekt som fullt og heilt er sett vekk til privat sektor.

Den største fadesen er truleg det nye National Insurance Reporting System (NIRS2), som Andersen Consulting (no Accenture) fekk ansvaret for midt på 1990-talet. Ikkje berre førte systemfeil og store forseinkingar til at hundretusenar av pensjonistar og trygdemottakarar ikkje fekk pengane dei hadde krav på. Det kom også fram at grunnen til at Andersen hadde levert eit tilbod prisa til 100 millionar pund under konkurrentane, var at selskapet heldt fast på eigedomsretten til IT-løysinga det utvikla for staten. Dette hadde ein kalkulert verdi på 100 millionar pund.

Dermed sat det offentlege hardt fast i kontrakten med Andersen, same kor mykje selskapet tabba seg ut. I august 2000 kom det fram at staten ville måtta betala rundt 170 millionar kroner i lisens for programvaren til Andersen, dersom ein annan kontraktør skulle ta over drifta av NIRS2. Den massive kritikken som har fylgd fiaskoar som NIRS2, har ført til at Blair-regjeringa no set ned foten for vidare eksperimentering på IT-området.

Vil kopiera

I Noreg blir regjeringa råda til å kopiera den uhemma britiske privatiseringsiveren frå 1990-talet. I sin OPS-rapport til Nærings- og handelsdepartementet (NHD), som Klassekampen omtalte laurdag, foreslår rådgjevingsselskapet KPMG dette: «I stedet for at Statens lånekasse for utdanning selv utvikler et nytt kundebehandlingssystem, kunne dette vært gjort som et OPS-prosjekt».

Lånekassa er inne i eit såkalla moderniseringsprosjekt. I stortingsmeldinga som vart behandla i april blir det slått fast at Lånekassa skal skilja ut fleire funksjonar til det private næringslivet. Utvikling og drift av nytt kundebehandlingssystem er ein aktuell kandidat for utskiljing, får Klassekampen opplyst hos departementet. Om det blir aktuelt å gjennomføra dette som OPS er avhengig av kva Lånekassa sjølv og deretter Utdannings- og forskingsdepartementet kjem fram til. Investeringane i oppgradering av Lånekassa er kalkulert til å kosta 250 millionar kroner og skal vera ferdig i 2007.

I marknadsføringa av OPS blir det understreka at dei private selskapa må ta fullt ansvar for risikoen ved sin del av samarbeidet. I Storbritannia er det likevel brukarane av dei offentlege tenestene som har teke støyten, både når skular står halvferdig bygd i Aust-London etter ein privat konkurs og når pensjonistane fekk for lite pengar på grunn av Andersens fiasko med NIRS2-systemet. Det same kan bli resultatet for kundane i Lånekassa, dersom eit tilsvarande kompetent firma får ta på seg risikoen ved å driva eit nytt datasystem.

Pådrivar og profitør

KPMG-rapporten frå 2003, som er hovudkjelda for regjeringa sitt noverande arbeid med retningsliner for OPS, byggjer i stor grad på erfaringane med OPS i Storbritannia. Der har KPMG vore ein av dei ivrigaste pådrivarane for og profitøren frå denne forma for privatisering. Selskapet er også ein hovudaktør i lobbygruppa International Financial Services London (IFSL), som sjølv opplyser at «IFSL tek ei leiarrolle i promoveringa av OPS verda rundt».

Kritikarane av OPS i Storbritannia er glade for at regjeringa strammar inn, og håper utlandet tar læring.

- Desse nye retningslinene bør vera av stor interesse i utlandet, kommenterer OPS-ekspert Margie Jaffe i Unison, det største fagforbundet i landet.

- Vi veit at britiske selskap og regjeringa vår promoverer OPS med stor kraft i utlandet. Men dette er det gamle systemet som regjeringa endra på grunn av negative erfaringar. Kva skjer så med marknadsføringa i utlandet, spør Jaffe.

Korkje Timothy Stone eller det norske KPMGs OPS-ansvarlege Ben Guren var i går tilgjengelege for kommentar.

Fagrørsla: - Gjennombrot for kritikken

Dei nye retningslinene for OPS i Storbritannia blir innkassert som ein delsiger av fagrørsla. Dokumentet finansdepartementet la fram fredag, «Value for Money Assessment Guide», inkluderer fleire viktige endringar.

  Regjeringa krev no at innsparing i OPS-prosjekt ikkje skal skje gjennom reduksjon av lønn og rettar for dei tilsette. Dette har vore tilfellet i mange prosjekt til no, og møtt kraftig kritikk frå fagrørsla.

  Det blir eksplisitt slått fast at sjølve tenesteytinga ikkje treng å inngå i privatiseringa ved bruk av OPS. Til no har som regel også tenestene vorte privatisert.

  Finansieringsordningane blir endra slik at andre finansieringsmåtar enn OPS skal bli meir tilgjengelege for lokale styresmakter.

  Det blir slutt på all OPS innanfor IT-sektoren.

- Dette er eit gjennombrot som vil ha stor innverknad på måten OPS blir brukt på i framtida, hevdar generalsekretær Dave Prentis i fagforbundet Unison. Forbundet har fronta kritikken av OPS i Storbritannia, og har vore i samtaler med regjeringa om utviklinga av nye retningsliner dei siste 18 månadene.

Krev svar frå Meyer

Stortingsrepresentant Audun Lysbakken (SV) reagerer kraftig på at rådgjevingsselskapet KPMG er involvert i utviklinga av retningslinene for OPS som moderniseringsminister Morten A. Meyer (H) er på veg med. Som Klassekampen skreiv laurdag, er KPMG ein stor kommersiell aktør i marknaden som oppstår med innføring av OPS. Likevel er arbeidet med statlege retningsliner i all hovudsak basert på ein KPMG-rapport frå 2003, opplyste Nærings- og handelsdepartementet laurdag.

- Det som kjem fram her er nesten lattervekkjande. Regjeringa leiger bukken heilt fram til havresekken. Mitt inntrykk frå Klassekampens artikkel er også at KPMGs rapport lukkar augene for dei mange negative erfaringane som faktisk er gjort med OPS i utlandet, seier Lysbakken, som sit i finanskomiteen. No sender han brev til statsråd Meyer med tre spørsmål om OPS-arbeidet:

  Kva kjelder byggjer departementet sitt arbeid med rettleiing om OPS i staten på?

  Kva slags habilitetsvurdering vart gjort då KPMG fekk oppdraget med å skriva rapporten om OPS?

  Kva andre aktørar var inne med tilbod då KPMG fekk dette oppdraget?

- Det hadde vore høveleg å la ein seriøs forskingsinstitusjon sjå på dette både kompliserte og kontroversielle feltet. Regjeringa har i staden valt å gå til ein privat aktør med sterke eigeninteresser i den politiske prosessen, kommenterer Lysbakken.

Kultur & medier
Mandag 21. mai, 2012
- Statsstøtte gir økt frihet

- Statsstøtte gir økt frihet

Føringene som legges på teatrene, går ikke ut over den kunstneriske friheten, mener kulturministeren: - Den største friheten kulturinstitusjonene kan få, er midler til å gjennomføre det de har lyst til, sier hun.
Utenriks
Mandag 21. mai, 2012
Hengemyr til blodpris

Hengemyr til blodpris

KRIGSRÅD: Afghanistan-krigens byrder overskygger Natos toppmøte i Chicago. Samtidig innleder en ny gruppe kamp mot USAs planer om å ha styrker i Afghanistan til 2024.
Innenriks
Mandag 21. mai, 2012
To av tre ga opp på 20 år

To av tre ga opp på 20 år

OPPGITT: To av tre har sluttet med landbruk i landets beste kornbygder de siste 20 åra, sier kornbonden Svein Stubberud i Vestby. Han frykter at regjeringens tilbud til bøndene vil få flere til å gi opp.
Dagens leder
Mandag 21. mai, 2012
Alf Skjeseth
Blanke f...

Blanke f...

Dagens leder
Powered by eonBIT