Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, mandag 21. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120521
Innenriks
Torsdag 9. september, 2004

Vedgår tabbe

Torsdag 9. september, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Moderniseringsminister Morten Meyer (H) vedgår at KPMG har hatt fingrane for langt inne i arbeidet med offentleg privat samarbeid.

Dei siste vekene har Klassekampen avslørt korleis konsulentselskapet KPMG har fått sitja på alle sider av bordet i arbeidet med å auka bruken av offentleg privat samarbeid (OPS). KPMG er ein internasjonal storaktør i konsulentmarknaden som vil utvikla seg med OPS.

Likevel fekk selskapet oppdraget med å skriva rapporten som er regjeringa si oppsummering av dei internasjonale erfaringane med OPS. Deretter har KPMG vore aktivt med og skrive aktivt med og skrive rettleiinga om OPS som skal ut i heile offentleg sektor.

Moderniseringsminister Morten Meyer vedgår no at regjeringa har plassert bukken for nær havresekken. I eit svar til spørsmål frå stortingsrepresentant Audun Lysbakken (SV) kjem statsråden med denne innrømminga: «Når det gjelder utformingen av veilederen, er jeg opptatt av at det skal være departementet som ivaretar denne del av arbeidet. Det skal ikke være tvil om at denne type dokumenter er et resultat av departementets egne vurderinger. Jeg ser derfor at det var uheldig at KPMG bisto med skrivearbeid i denne fasen av prosessen».

- Pinleg for regjeringa

- Svaret frå Meyer viser at det som er avslørt er pinleg for regjeringa. Meyer vedgår at det uryddige samarbeidet med privat næringsliv er «uheldig», seier Audun Lysbakken til Klassekampen.

Då tidlegare KPMG-konsulent Morten Meyer mønstra på som moderniseringsminister 18. juni, erklærte han at «Jeg vil ha en offentlig sektor som aldri etterlater tvil om hvem det offentlige er til for». Lysbakken meiner statsråden har ein del tvil å rydda vekk i denne saka.

- Meyer skriv at det «ikke være tvil om at denne type dokumenter er et resultat av departementets egne vurderinger». No er det oppstått tvil. Og statsråden vedgår at delar av prosessen ikkje har vore ryddig. Derfor må departementet no gå tilbake dit ein skulle starta i fyrste omgang: Å skaffa ei uhilda vurdering av erfaringane med OPS frå utlandet, seier SV-representanten, som avviser at innvendingane hans skuldast SV sin motstand mot privatisering.

- Denne saka handlar om at statsråden har eit ansvar for at grunnlaget for konkrete, store avgjerder rundt om i offentleg sektor skal vera sannferdig og balansert. Regjeringa sitt ansvar for å gjera skikkeleg utgreiing bør vera heva over partipolitikken. At ein aktør i markanden ikkje skal sitja på alle sider av bordet på denne måten bør vera eit prinsipp, svarer Lysbakken.

- Vil gå dei naudsynte rundane

Kommunenes sentralforbund (KS) har vore delaktig i arbeidet med rettleiinga som KPMG var med og skreiv. «I lys av det som er kome fram om KPMGs rapport», fortalde KS i Klassekampen laurdag, vil organisasjonen be Morten Meyer om «ei ny vurdering av faktagrunnlaget for arbeidet med offentleg privat samarbeid». Det var spesielt Klassekampens intervju med britiske forskarar som påviste konkrete feil og store manglar i KPMGs rapport om OPS i føregangslandet Storbritannia som fekk KS til å ta affære.

Avdelingsdirektør Pål Hellesylt, som har ansvaret for arbeidet med OPS, seier til Klassekampen at departementet «framleis er i prosessen med å kvalitetssikra rettleiinga».

- Vi vil gå dei naudsynte rundane, også med KS, for å sikra vårt mål om opplysande, balansert informasjon, svarer Hellesylt.

- Har departementet inntrykk av at rapporten frå KPMG gjev eit balansert og riktig inntrykk av erfaringane med OPS frå andre land?

- Mitt inntrykk er at rapporten gjev eit godt bilete av dei forholda som er kritiske ved OPS-prosjekt. Dette arbeider vi vidare med i utkastet til rettleiing, der vi systematisk går inn på dei styringsmessige utfordringane ved OPS, seier avdelingsdirektør Hellesylt.

Kultur & medier
Mandag 21. mai, 2012
- Statsstøtte gir økt frihet

- Statsstøtte gir økt frihet

Føringene som legges på teatrene, går ikke ut over den kunstneriske friheten, mener kulturministeren: - Den største friheten kulturinstitusjonene kan få, er midler til å gjennomføre det de har lyst til, sier hun.
Utenriks
Mandag 21. mai, 2012
Hengemyr til blodpris

Hengemyr til blodpris

KRIGSRÅD: Afghanistan-krigens byrder overskygger Natos toppmøte i Chicago. Samtidig innleder en ny gruppe kamp mot USAs planer om å ha styrker i Afghanistan til 2024.
Innenriks
Mandag 21. mai, 2012
To av tre ga opp på 20 år

To av tre ga opp på 20 år

OPPGITT: To av tre har sluttet med landbruk i landets beste kornbygder de siste 20 åra, sier kornbonden Svein Stubberud i Vestby. Han frykter at regjeringens tilbud til bøndene vil få flere til å gi opp.
Dagens leder
Mandag 21. mai, 2012
Alf Skjeseth
Blanke f...

Blanke f...

Dagens leder
Powered by eonBIT