Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, mandag 21. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120521
Innenriks
Mandag 6. september, 2004

Nei-sida leiar

Mandag 6. september, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
For andre månad på rad seier eit fleirtal nei til norsk medlemskap i EU. - Men straks ja-folka på Stortinget ser sjansen vil dei setja i gang, trur Nei til EUs Sigbjørn Gjelsvik.

August-målinga frå Sentio-Norstat viser ein ørliten margin i favør nei til norsk EU-medlemskap: 44 prosent svarer nei, 43,2 prosent ja. Målinga er gjort for Klassekampe, Nationen og Dagen.

Resultatet ligg langt unna tilstanden i juni, då ja-sida hadde 47,2 prosent oppslutnad mot 38,2 for nei-standpunktet. Målinga for juli var den fyrste med nei-fleirtal på to år. No er det så godt som daudt løp.

- Dette er brukbare tal! Men det er ingen grunn for oss til å slappa av, kommenterer avtroppande leiar for Nei til EU, Sigbjørn Gjelsvik. Han trur ikkje ei ny koalisjonsregjering på tvers av EU-frontane etter valet i 2005 vil vera ein garanti mot ein ny offensiv for medlemskap.

- Eg er ganske sikker på at når ja-folka på Stortinget ser sjansen, vil dei setja i gang. Då skaffar dei seg det naudsynte handlingsrommet. Konstellasjonar på Tinget kan i høgda utsetja prosessen, meiner Gjelsvik.

- Det som held ja-folka igjen er haldninga ute blant folk. Derfor skal nei-sida halda trykket oppe, legg han til.

Utypisk Oslo

Statistikken frå Sentio teiknar eit relativt tydeleg mønster: Dominerande grupper i det norske samfunnet vil inn i EU, medan dei dominerte seier nei takk.

  Menn: Ja-fleirtal, 49-42.

  Kvinner: Nei-fleirtal, 46-37.

  40-49 år: Ja-fleirtal 43-39.

  Under 30 år: Nei-fleirtal 52-40.

  Inntekt over 500.000: Ja-fleirtal 52-35.

  Inntekt 100.000-200 000: Nei-fleirtal 68-22.

Oslo/Akershus skil seg frå alle andre geografiske område, med 53 prosent ja mot 37 prosent nei.

- Kva er det med folk i Oslo-området?

- Ja, det er eit godt spørsmål. I København og Stockholm ser vi klåre fleirtal mot EU sitt økonomiske union ØMU i fleire bydelar. EU-skepsisen står sterkare der enn i Oslo. Dette er noko for nei-sida å ta tak i, svarer Gjelsvik.

Nei i nord

Det er slutt på ja-fleirtal i Nord-Noreg. 57 prosent nei mot 36 prosent ja er svaret frå dei nordlege fylka. Berre på Austlandet er fleirtalet er positive til unionen, i alle andre landsdelar står fleirtalet på same side som i 1972 og 1994. 50 prosent av sørlendingane seier nei, 36 prosent ja.

- Eg trur etableringa av Kysten inn i EU har skapt ein fiskeripolitisk debatt som nei-sida har tent på, kommenterer Gjelsvik.

- Det er ei alt for enkel analyse, svarer sekretariatsansvarleg Geir Ove Ystmark i Kysten inn i EU, som er finansiert av NHO.

- Eg trur ikkje nei-sida over tid tener på ein sakleg debatt om kysten og EU, seier Ystmark, som vedgår at Kysten inn i EU har ein lang veg å gå.

- Det blir ein kjempejobb. Vi må få tydeleg fram det positive for kysten ved EU-medlemskap. Det er ein formidabel jobb, seier Ystmark.

Kultur & medier
Mandag 21. mai, 2012
- Statsstøtte gir økt frihet

- Statsstøtte gir økt frihet

Føringene som legges på teatrene, går ikke ut over den kunstneriske friheten, mener kulturministeren: - Den største friheten kulturinstitusjonene kan få, er midler til å gjennomføre det de har lyst til, sier hun.
Utenriks
Mandag 21. mai, 2012
Hengemyr til blodpris

Hengemyr til blodpris

KRIGSRÅD: Afghanistan-krigens byrder overskygger Natos toppmøte i Chicago. Samtidig innleder en ny gruppe kamp mot USAs planer om å ha styrker i Afghanistan til 2024.
Innenriks
Mandag 21. mai, 2012
To av tre ga opp på 20 år

To av tre ga opp på 20 år

OPPGITT: To av tre har sluttet med landbruk i landets beste kornbygder de siste 20 åra, sier kornbonden Svein Stubberud i Vestby. Han frykter at regjeringens tilbud til bøndene vil få flere til å gi opp.
Dagens leder
Mandag 21. mai, 2012
Alf Skjeseth
Blanke f...

Blanke f...

Dagens leder
Powered by eonBIT