KS set foten ned
Lørdag 4. september, 2004
Torsdag presenterte Klassekampen ein kritisk gjennomgang av dei sentrale påstandane i KPMGs kontroversielle rapport om Offentleg privat samarbeid (OPS). Granskinga har skapt sterke reaksjonar i Kommunenes sentralforbund (KS).
- Vi vil ta kontakt med departementet snarast. Vi vil be om at det blir gjort ei ny vurdering i lys av det som er kome fram, seier KS-direktør Runa Opdal Kerr til Klassekampen.
Utan interesseorganisasjonen til kommunane på laget kan det bli vanskeleg for moderniseringsminister Morten Meyer (H) å få fart på Offentleg privat samarbeid. Til no har det gått smertefritt: I mars arrangerte KS ein konferanse om OPS i samarbeid med NHO. KS var med i arbeidsgruppa som laga rettleiinga om OPS, som Moderniseringsdepartementet snart er ferdig med.
- Men faktagrunnlaget må vera korrekt. Når britiske forskarar set spørjeteikn ved opplysningane i denne rapporten, er det grunn til å gå ein runde til, seier Kerr. Ho har ansvaret for OPS-arbeidet i Kommunenes sentralforbund.
Avgjerande rettleiingar
Den omstridte KPMG-rapporten vart levert til Nærings- og handelsdepartementet i mars 2003. KPMGs påstandar vart deretter lagt til grunn for arbeidet med ei rettleiing om OPS for heile offentleg sektor. Slike statlege rettleiingar har vore avgjerande for å få fart på OPS i Storbritannia.Det er stilt spørreteikn ved KPMGs rolle, fordi konsulentselskapet er ein stor kommersiell aktør i marknaden som opnar seg med OPS. Klassekampen presenterte derfor eit utval av KPMGs påstandar OPS i Storbritannia for forskarar ved University College London som har spesialisert seg på feltet.
- Denne rapporten ser på ingen måte truverdig ut, konkluderte seniorforskar David Price i Klassekampen torsdag (sjå eiga sak).
Då KS hadde KPMG-rapporten på høyring i fjor, uttalte organisasjonen at «Rapporten gir en grei oversikt over OPS løsninger og erfaringer». No er ikkje Runa Opdal Kerr så sikker på det lenger.
- Når Klassekampen har fått forskarar til å gå grundigare inn i stoffet, ser vi oss nøydde til å sjå på saka ein gong til. Denne rapporten er jo ein del av faktagrunnlaget for informasjonen som skal ut til kommunane, seier ho.
Etter KS kjenner til, har ikkje arbeidet med OPS-rettleiinga bygd på andre kjelder til erfaringane frå føregangslandet Storbritannia enn denne KPMG-rapporten.
Ukritisk til KPMG
Forbundsleiar Jan Davidsen i Fagforbundet meiner KS har vore for ukritisk til KMPG og departementet i denne saka. Han viser til at ein representant for KPMG fekk halda foredraget «OPS-erfaringer fra andre land - nyttig lærdom for Norge» for KS-konferansen om OPS.Foredragshaldaren var Dag Strømsnes, same mann som skreiv den kritiserte rapporten og deretter store delar av rettleiinga som snart skal vera ferdig.
- Årsaka til at vi brukte vedkommande frå KPMG var at Nærings- og handelsdepartementet hadde tinga og gjeve ut ein rapport frå dette selskapet, som grunnlag for sitt arbeid. KS føreset at departementet syt for å kvalitetssikra eit sånt arbeid, seier Kerr.
- Har det skjedd?
- Det skal ikkje eg uttala meg om.
- Bør det skaffast informasjon om erfaringane med OPS frå meir uavhengige instansar enn KPMG?
- Det må bli ein del av vurderinga om ein no bør gå ut og henta inn fleire opplysningar.
KPMG med dristige påstandar
Dei britiske forskarane Klassekampen var i kontakt med, ga i avisa torsdag KPMG-rapporten «Kartlegging og utredning av former for offentlig privat samarbeid» hard medfart. KPMG hevdar for eksempel at «analysen av 250 OPS-prosjekter [...] viste at i snitt hadde OPS gitt 17 prosent mer for pengene enn den vanlige offentlige modellen».Fakta er at denne studien, som vart gjort av konsulentfirmaet Andersen Consulting, omfatta 29 prosjekt, ikkje 225. Den 17 prosent store innsparinga skreiv seg i all hovudsak frå berre tre av desse 29. Og dette var påstått innsparing, ved signeringa av kontrakten, ikkje realisert innsparing.
Den norske rapporten opplyser ikkje at fleire store OPS-prosjekt, inkludert eitt av dei som låg til grunn for påstanden om 17 prosent innsparing, har gått over budsjett med hundretals millionar kroner og ført til store tap for det offentlege. KPMG brukte heller dei overoptimistiske tala frå gamle kalkylar.
- Eg er ikkje overraska; Målet til selskapet som står bak er jo å opna offentleg sektor for at dei skal tena pengar på han, kommenterer Jan Davidsen, leiar i Fagforbundet.
Han seier det må vera uaktuelt å byggja ei rettleiing om OPS på rapporten frå KPMG.
- Departementet bør trekkja rapporten tilbake. Vi må få fakta på bordet frå meir uavhengige kjelder. Det vil berre vera tull å luka ut eit par feil no og elles la rettleiinga om OPS gå sin gang, seier Davidsen.
Torsdag presenterte Klassekampen ein kritisk gjennomgang av dei sentrale påstandane i KPMGs kontroversielle rapport om Offentleg privat samarbeid (OPS). Granskinga har skapt sterke reaksjonar i Kommunenes sentralforbund (KS).
- Vi vil ta kontakt med departementet snarast. Vi vil be om at det blir gjort ei ny vurdering i lys av det som er kome fram, seier KS-direktør Runa Opdal Kerr til Klassekampen.
Utan interesseorganisasjonen til kommunane på laget kan det bli vanskeleg for moderniseringsminister Morten Meyer (H) å få fart på Offentleg privat samarbeid. Til no har det gått smertefritt: I mars arrangerte KS ein konferanse om OPS i samarbeid med NHO. KS var med i arbeidsgruppa som laga rettleiinga om OPS, som Moderniseringsdepartementet snart er ferdig med.
- Men faktagrunnlaget må vera korrekt. Når britiske forskarar set spørjeteikn ved opplysningane i denne rapporten, er det grunn til å gå ein runde til, seier Kerr. Ho har ansvaret for OPS-arbeidet i Kommunenes sentralforbund.
Avgjerande rettleiingar
Den omstridte KPMG-rapporten vart levert til Nærings- og handelsdepartementet i mars 2003. KPMGs påstandar vart deretter lagt til grunn for arbeidet med ei rettleiing om OPS for heile offentleg sektor. Slike statlege rettleiingar har vore avgjerande for å få fart på OPS i Storbritannia.
Det er stilt spørreteikn ved KPMGs rolle, fordi konsulentselskapet er ein stor kommersiell aktør i marknaden som opnar seg med OPS. Klassekampen presenterte derfor eit utval av KPMGs påstandar OPS i Storbritannia for forskarar ved University College London som har spesialisert seg på feltet.
- Denne rapporten ser på ingen måte truverdig ut, konkluderte seniorforskar David Price i Klassekampen torsdag (sjå eiga sak).
Då KS hadde KPMG-rapporten på høyring i fjor, uttalte organisasjonen at «Rapporten gir en grei oversikt over OPS løsninger og erfaringer». No er ikkje Runa Opdal Kerr så sikker på det lenger.
- Når Klassekampen har fått forskarar til å gå grundigare inn i stoffet, ser vi oss nøydde til å sjå på saka ein gong til. Denne rapporten er jo ein del av faktagrunnlaget for informasjonen som skal ut til kommunane, seier ho.
Etter KS kjenner til, har ikkje arbeidet med OPS-rettleiinga bygd på andre kjelder til erfaringane frå føregangslandet Storbritannia enn denne KPMG-rapporten.
Ukritisk til KPMG
Forbundsleiar Jan Davidsen i Fagforbundet meiner KS har vore for ukritisk til KMPG og departementet i denne saka. Han viser til at ein representant for KPMG fekk halda foredraget «OPS-erfaringer fra andre land - nyttig lærdom for Norge» for KS-konferansen om OPS.
Foredragshaldaren var Dag Strømsnes, same mann som skreiv den kritiserte rapporten og deretter store delar av rettleiinga som snart skal vera ferdig.
- Årsaka til at vi brukte vedkommande frå KPMG var at Nærings- og handelsdepartementet hadde tinga og gjeve ut ein rapport frå dette selskapet, som grunnlag for sitt arbeid. KS føreset at departementet syt for å kvalitetssikra eit sånt arbeid, seier Kerr.
- Har det skjedd?
- Det skal ikkje eg uttala meg om.
- Bør det skaffast informasjon om erfaringane med OPS frå meir uavhengige instansar enn KPMG?
- Det må bli ein del av vurderinga om ein no bør gå ut og henta inn fleire opplysningar.
KPMG med dristige påstandar
Dei britiske forskarane Klassekampen var i kontakt med, ga i avisa torsdag KPMG-rapporten «Kartlegging og utredning av former for offentlig privat samarbeid» hard medfart. KPMG hevdar for eksempel at «analysen av 250 OPS-prosjekter [...] viste at i snitt hadde OPS gitt 17 prosent mer for pengene enn den vanlige offentlige modellen».
Fakta er at denne studien, som vart gjort av konsulentfirmaet Andersen Consulting, omfatta 29 prosjekt, ikkje 225. Den 17 prosent store innsparinga skreiv seg i all hovudsak frå berre tre av desse 29. Og dette var påstått innsparing, ved signeringa av kontrakten, ikkje realisert innsparing.