Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, mandag 21. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120521
Innenriks
Lørdag 21. august, 2004

På alle sider av bordet

Lørdag 21. august, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Regjeringa byggjer sin komande privatiseringskampanje på ein rapport skriven av konsulentar i KPMG. KPMG vil tena store pengar på at privatiseringa skyt fart. - Det finst ikkje noko problem her, hevdar Nærings- og handelsdepartementet.

«Dersom OPS skal bli noe mer enn sporadiske forsøk i enkeltetater eller kommuner de neste fem årene, må det tas initiativ fra sentralt hold for å utvikle et marked», skriv KPMG i sin rapport til Nærings- og handelsdepartementet.

OPS står for Offentleg Privat Samarbeid, og går ut på at det offentlege let private aktørar byggja og driva sjukehus, skular, eldreheimar og liknande, for å leiga anlegg og tenester tilbake gjennom tiårlange kontraktar.

KPMG

Regjeringa Bondevik trør ut i eit politisk minefelt når ho no vil «legge til rette for økt offentlig og privat samarbeid». Heldigvis har regjeringa KPMG å støtta seg på. KPMG er ikkje i tvil om kva som er vegen å gå.

KPMG-rapporten frå 2003 påstår at ein studie av 250 prosjekt i Storbritannia viser «at i snitt hadde OPS gitt 17 % mer for pengene». Deretter kjem konklusjonane på løpande band. KPMG går inn for OPS «innen et vidt spekter av offentlig tjenesteyting». KPMG foreslår også å lovpålegga kommunane å «vurdere ethvert investeringsprosjekt som et OPS» (sjå faktaboks).

Men kven er KPMG?

Reint kommersielt

- KPMG er eit globalt rådgjevingsselskap. Vi har jobba mykje med rådgjeving i OPS-prosjekt i Storbritannia, New Zealand, Australia og fleire land. Vi har ei reint kommersiell interesse i dette, opplyser Ben Guren til Klassekampen.

Han styrer KPMGs avdeling Rådgivning for offentlig sektor. «KPMG er markedsledende innen OPS. Vi tilbyr rådgivning om alle sider ved OPS-prosjekter, inkludert forretningsmessig og politisk gjennomførbarhet, skriv KPMG i Storbritannia på si nettside.

KPMG har så langt vore involvert som rådgjevar for 140 britiske OPS-prosjekt, til ein total kontraktsverdi av 475 milliardar kroner (38,8 milliardar pund).

Enorme kostnader

Ved OPS oppstår enorme transaksjonskostnader, som er utgiftene til konsulentar, forhandlingar, advokatar og så vidare. For dei fyrste åtte OPS-vegane i Storbritannia var det kalkulert 12 millionar kroner i transaksjonskostnader. Summen vart rundt 100 millionar kroner.

KPMG påstår at det offentlege må rekna med transaksjonskostnader rundt ein prosent, «når en har erfaring med denne typen transaksjoner». Men bydelen Tower Hamlets på austkanten av London måtte ut med 49 millionar kroner til revisorar og advokatar for eit skulebyggprosjekt verdt 588 millionar. Det er over åtte prosent. Den skotske Riksrevisjonen leverte i 2002 ein studie av seks OPS-skular der transaksjonskostnaden i gjennomsnitt var sju prosent.

Her hentar KPMG store pengar. Om KPMG har fått ut to prosent av totalsummen for dei britiske OPS-prosjekta selskapet har vore med på, er det snakk om 9,5 milliardar kroner. Alle «dei fire store» internasjonale revisjonsbyråa gjer no store pengar på OPS. KPMG er i full sving med å bistå transportdepartementet i Brasil med å omforma heile vegnettet etter ein OPS-modell.

Positivt bilete

Ikkje overraskande teiknar KPMGs rapport til Nærings- og handelsdepartementet eit positivt bilete av utanlandske erfaringar med OPS. KPMG hevdar at OPS «synes å gi mer kostnadseffektive tjenester» og at «OPS prosjektene synes internasjonalt å bli ferdigstilt i henhold til plan».

  Men det står ingenting om dei store skandalane i Storbritannia. Då Andersen Consulting fekk gigantjobben med å laga heilt nytt datasystem for all britisk trygd (National Insurance Reporting System), vart resultatet enorme forseinkingar og systemfeil som førte til at hundretusenar av pensjonistar vart underbetalt, slik at staten måtte ut med 458 millionar kroner i kompensasjon.

  Det står heller ingenting om opprøret mot OPS i Labour: 67 prosent av delegatane på landsmøtet i 2002 røysta for å få slutt på OPS.

«Betydelige besparelser»

KPMG-rapporten slår fast at «Erfaringene fra England har vist at private konsortier driver sine fengsler bedre enn det offentlige» og «med betydelige besparelser».

  Men det står ingenting om at tankesmia Catalyst har dokumentert at fengselsvaktene i dei private fengsla tener 43 prosent mindre enn dei offentleg tilsette.

KPMG rapporterer at Danmark har «fremmet offentlig privatisering gjennom flere år».

  Men det står ingenting om skandalen i Farum.

Utstillingsvidauget Farum, der til og med rådhuset var seld til private og leigd tilbake, knuste med eit brak då politiet gjekk til razzia mot borgermeister Peter Brixtofte. Samrøret mellom privat sektor og kommunekassa hadde enda med avsløringar av massiv korrupsjon, smøring og ein mafiøs politisk kultur.

  Danmark har no innført lovforbod mot å selja kommunal eigedom for å leiga tilbake (slik byrådet i Oslo vurderer å gjera med to skular), med mindre kommunen har godkjenning frå innanriksdepartementet. Dette nemner ikkje KPMG.

- Omstillingsetterslep

- Noreg har eit visst omstillingsetterslep, seier Ben Guren.

Men no skal det bli fart på sakene. Om ikkje lenge kjem moderniseringsminister Morten A. Meyer (H) med ei rettleiing for bruk av OPS i staten. Han har fått overført OPS-ansvaret frå Nærings- og handelsdepartementet (NHD).

- Rettleiinga blir ei kokebok frå A til Å, seier Guren stolt. For det er KPMG som har levert heile grunnlaget for det som kjem frå departementet.

- Rapporten frå KPMG er hovudkjelda til rettleiinga, opplyser avdelingsdirektør Pål Hellesylt i NHD.

- Har departementet samla britiske røynsler frå andre kjelder enn KPMG?

- Rapporten har med mange ulike kjelder, også erfaringane frå Storbritannia. Den er som sagt vår kjelde for å belysa denne problemstillinga, svarer Hellesylt.

- KPMG er ein stor aktør innan OPS-rådgjeving. Selskapet har økonomisk interesse av mest mogleg OPS. Er denne dobbeltrolla heilt uproblematisk for departementet?

- Mitt inntrykk er at denne rapporten held ein god standard. Det finst ikkje noko problem her, slik eg ser det.

KPMG har også levert rapporten som ligg til grunn for samarbeidet til NHO og Kommunenes sentralforbund, som legg til rette for OPS i kommunane. Rapportskrivinga gjev KPMG eit konkurransefortrinn, opplyser Ben Guren.

- Folk les rapportane om OPS, dei ringjer departementet, som seier «ring KPMG, som kan dette». Dette skjer ofte. Det er mange som luktar på OPS no.

Fleire roller

KPMG har endå fleire roller. KPMG kan også figurera som revisor for private selskap. Ei undersøking gjort av det britiske fagforbundet Unison avdekte 45 tilfelle der eitt av dei fire store revisjonsselskapa var finansrådgjevar for det offentlege i eit OPS-prosjekt der det same selskapet anten var revisor for eit privat selskap som konkurrerte om kontrakten eller sjølv la inn tilbod.

KPMG er i stand til å sitja på alle sider av bordet:

  Nært involvert i utviklinga av OPS-politikken til regjeringa.

  Rådgjevar ved utplukkinga av OPS-kontraktørar.

  Rådgjevar for private firma som slåss om OPS-kontraktar.

  Revisor og rådgjevar for selskap som får OPS-kontraktar.

  Storaktør i rådgjevingstenester under vegs i OPS-prosessen.

  KPMG kan sjølv levera tilbod på administrative funksjonar i eit OPS-prosjekt.

  KPMG lagar rapportar som evaluerer resultata av OPS.

Ein av Unisons rapportar om OPS under Tony Blair i Storbritannia konkluderer med at «vi må tilbake til 1700-tallet for å finna eit system som på dei vesentlege punkta legg så lite akt på normene for offentleg administrasjon».

Kultur & medier
Mandag 21. mai, 2012
- Statsstøtte gir økt frihet

- Statsstøtte gir økt frihet

Føringene som legges på teatrene, går ikke ut over den kunstneriske friheten, mener kulturministeren: - Den største friheten kulturinstitusjonene kan få, er midler til å gjennomføre det de har lyst til, sier hun.
Utenriks
Mandag 21. mai, 2012
Hengemyr til blodpris

Hengemyr til blodpris

KRIGSRÅD: Afghanistan-krigens byrder overskygger Natos toppmøte i Chicago. Samtidig innleder en ny gruppe kamp mot USAs planer om å ha styrker i Afghanistan til 2024.
Innenriks
Mandag 21. mai, 2012
To av tre ga opp på 20 år

To av tre ga opp på 20 år

OPPGITT: To av tre har sluttet med landbruk i landets beste kornbygder de siste 20 åra, sier kornbonden Svein Stubberud i Vestby. Han frykter at regjeringens tilbud til bøndene vil få flere til å gi opp.
Dagens leder
Mandag 21. mai, 2012
Alf Skjeseth
Blanke f...

Blanke f...

Dagens leder
Powered by eonBIT