Åtvarar mot pengesluk
Tirsdag 17. august, 2004
Dei harde innsparingane i kommune-Noreg vil bli endå hardare dersom dei går i gang med Offentleg Privat Samarbeid (OPS), slik NHO og regjeringa ivrar for. Det viser utrekningar gjort av Kommunekreditt AS, finansieringsselskapet storparten av kommunane brukar.
OPS går ut på at private selskap står for investering og utbygging av skular, sjukeheimar, vegprosjekt eller andre offentlege anlegg, og så leiger det offentlege anlegget over fleire tiår. OPS kan også skje ved at det offentlege sel skular eller sjukeheimar til private selskap og leiger dei tilbake. NHO og regjeringa ivrar for innføring av OPS i Noreg, og argumenterer med at det vil gje meir effektiv drift og innsparingar for det offentlege.
- Realiteten er at OPS vil gjera prosjekta mykje dyrare, hevdar administrerande direktør Bjarne Jensen i Kommunekreditt.
115 millionar i tap
Årsaka er at kommunane alltid har betre lånevilkår enn private selskap. Fordi kommunane er rekna som svært solide lånekundar, vil dei alltid ha trekvart til tre prosent lågare rente. Kommunekreditt har gjort fleire utrekningar av kva kommunane tapar på OPS.Då Oslo kommune i vår vedtok å la Veidekke finansiera og driva skulebygget til den nye barneskulen på Røa, påførte det skattebetalarane 115 millionar i meirutgifter. Totalprisen over 25 år blir 398 millionar kroner, samanlikna med 283 millionar dersom kommunen hadde eigd skulen sjølv. (Reknestykket føreset 4 prosent rente og 2,5 prosent inflasjon.)
Ei investering på 200 millionar kroner kan bli 231 millionar kronar dyrare om kommunen lar eit privat selskap stå for prosjektet. Dette blir resultatet om det private selskapet har 8 prosent rente, kommunen har 6 prosent og nedbetalinga skjer over 30 år.
- Finanskostnadene er ein stor del av utgiftene ved store investeringsprosjekt. Det seier seg sjølv at den tradisjonelle OPS-modellen ikkje er spesielt smart for kommunane, kommenterer Jensen. Likevel er OPS på full fart inn i Forsvaret, kommunane og staten.
- Det er påfallande lite diskusjon om dette. Det er jo enorme summar det dreier seg om for det offentlege, seier Jensen. Når ekstrautgiftene for ein Oslo-skule kan bli rundt 100 millionar, vil OPS i stort omfang tappa den hardt pressa kommunesektoren for milliardverdiar.
- Mjølkar budsjettet
Fagforbundet hadde grunn til å gleda seg over meiningsmålinga i Dagbladet søndag, som viste at andelen som er skeptiske til privatisering gjekk opp frå 26 prosent i 2001 til 41 prosent i 2003. Forbundsleiar Jan Davidsen åtvarar no mot at OPS kan bli ei storstilt privatisering av offentlege ressursar.- OPS er berre er ein ny måte å privatisera på. Det er eit tiltak for at private kapitalinteresser skal få mjølka dei offentlege budsjetta, seier Davidsen til Klassekampen.
- Eg trur ikkje alle dei politiske partia har teke inn over seg alvoret i kva dette dreier seg om, legg han til.
Berre SV røysta i mot då Stortinget vedtok å la tre vegprosjekt i Nasjonal transportplan bli overlate til private interesser, som det offentlege skal leiga vegen frå i fleire tiår.
Leiaren for Noregs største fagforbund meiner offentleg sektor i Noreg ikkje har noko å tena på OPS.
- I andre land har dei veike offentlege finansane vore argumentet for OPS. Det har ikkje vore pengar til investering. Her i landet har staten meir enn nok kapital. Derfor finst det ingen god grunn til å inngå avtalar med private investorar som berre blir fordyrande for skattebetalarane på lang sikt, seier Davidsen.
- Ventar du at Ap tek eit klart standpunkt mot OPS?
- Det vil undra meg om Ap er for dette.
- Den store skandalen i vår tid
Det private næringslivet har god grunn til å gle seg over utsiktene til meir Offentleg Privat Samarbeid (OPS), viser rapportar frå Storbritannia. Der har systemet vore i full sving sidan 1993. I juli rapporterte The Observer at eit knippe finans- og byggeselskap i London har hausta over to milliardar kroner (170 millionar pund) i ekstraordinær profitt frå bygginga av fire OPS-sjukehus.Selskapet Inisfree Group, som har spesialisert seg på OPS-oppdrag, tente 530 millionar kroner på å refinansiera investeringa i Princess Royal University Hospital i sør-London. Inisfree og to andre selskap delte 1,2 milliardar i ekstraprofitt etter å ha reforhandla avtalen om Labour-partiets flaggskip av eit OPS-sjukehus, Norfolk and Norwich University Hospital.
Samtidig er OPS i ferd med å utvikla seg til ein av dei største skandalane for Labour-regimet, etter eit utal klagar over problem og feil ved dei privateige sjukehusbygga.
Ved sjukehuset Royal Calderdale i Halifax er det rapportert om strømbrot og skadedyr i veggane.
Ved Norfolk and Norwich oppdaga ein sjukepleiar at to isolasjonsrom var defekte, med fare for å pumpa døydelege bakteriar ut i sjukehuskorridorane. Isolasjonsromma, meint for pasientar med sjukdommar som tuberkolose og Sars, vart ståande inoperative i nesten tre år.
- PFI [det britiske OPS, red.anm.] er den store offentlege skandalen i vår tid, og dei avslørte refinansieringane av desse avtalene er til spott og spe for ein kvar som trur at dei representerer meir for pengane for skattebetalaren, seier ein tidlegare miljøstatsråd for Tony Blair, Michael Meacher, skriv The Guardian.
Direktør David Metter i Inesfree, som heva over 85 millionar kroner i lønn i fjor, avviser kritikken.
- Privat sektor tok på seg all risikoen med bygginga av desse kompliserte prosjekta. Profitten er ei belønning for denne risikoen, og vi deler den på ein rimeleg måte med det offentlege, seier Metter, som for øvrig er tilhengar av Labour.
Dei harde innsparingane i kommune-Noreg vil bli endå hardare dersom dei går i gang med Offentleg Privat Samarbeid (OPS), slik NHO og regjeringa ivrar for. Det viser utrekningar gjort av Kommunekreditt AS, finansieringsselskapet storparten av kommunane brukar.
OPS går ut på at private selskap står for investering og utbygging av skular, sjukeheimar, vegprosjekt eller andre offentlege anlegg, og så leiger det offentlege anlegget over fleire tiår. OPS kan også skje ved at det offentlege sel skular eller sjukeheimar til private selskap og leiger dei tilbake. NHO og regjeringa ivrar for innføring av OPS i Noreg, og argumenterer med at det vil gje meir effektiv drift og innsparingar for det offentlege.
- Realiteten er at OPS vil gjera prosjekta mykje dyrare, hevdar administrerande direktør Bjarne Jensen i Kommunekreditt.
115 millionar i tap
Årsaka er at kommunane alltid har betre lånevilkår enn private selskap. Fordi kommunane er rekna som svært solide lånekundar, vil dei alltid ha trekvart til tre prosent lågare rente. Kommunekreditt har gjort fleire utrekningar av kva kommunane tapar på OPS.
Då Oslo kommune i vår vedtok å la Veidekke finansiera og driva skulebygget til den nye barneskulen på Røa, påførte det skattebetalarane 115 millionar i meirutgifter. Totalprisen over 25 år blir 398 millionar kroner, samanlikna med 283 millionar dersom kommunen hadde eigd skulen sjølv. (Reknestykket føreset 4 prosent rente og 2,5 prosent inflasjon.)
Ei investering på 200 millionar kroner kan bli 231 millionar kronar dyrare om kommunen lar eit privat selskap stå for prosjektet. Dette blir resultatet om det private selskapet har 8 prosent rente, kommunen har 6 prosent og nedbetalinga skjer over 30 år.
- Finanskostnadene er ein stor del av utgiftene ved store investeringsprosjekt. Det seier seg sjølv at den tradisjonelle OPS-modellen ikkje er spesielt smart for kommunane, kommenterer Jensen. Likevel er OPS på full fart inn i Forsvaret, kommunane og staten.
- Det er påfallande lite diskusjon om dette. Det er jo enorme summar det dreier seg om for det offentlege, seier Jensen. Når ekstrautgiftene for ein Oslo-skule kan bli rundt 100 millionar, vil OPS i stort omfang tappa den hardt pressa kommunesektoren for milliardverdiar.
- Mjølkar budsjettet
Fagforbundet hadde grunn til å gleda seg over meiningsmålinga i Dagbladet søndag, som viste at andelen som er skeptiske til privatisering gjekk opp frå 26 prosent i 2001 til 41 prosent i 2003. Forbundsleiar Jan Davidsen åtvarar no mot at OPS kan bli ei storstilt privatisering av offentlege ressursar.
- OPS er berre er ein ny måte å privatisera på. Det er eit tiltak for at private kapitalinteresser skal få mjølka dei offentlege budsjetta, seier Davidsen til Klassekampen.
- Eg trur ikkje alle dei politiske partia har teke inn over seg alvoret i kva dette dreier seg om, legg han til.
Berre SV røysta i mot då Stortinget vedtok å la tre vegprosjekt i Nasjonal transportplan bli overlate til private interesser, som det offentlege skal leiga vegen frå i fleire tiår.
Leiaren for Noregs største fagforbund meiner offentleg sektor i Noreg ikkje har noko å tena på OPS.
- I andre land har dei veike offentlege finansane vore argumentet for OPS. Det har ikkje vore pengar til investering. Her i landet har staten meir enn nok kapital. Derfor finst det ingen god grunn til å inngå avtalar med private investorar som berre blir fordyrande for skattebetalarane på lang sikt, seier Davidsen.
- Ventar du at Ap tek eit klart standpunkt mot OPS?
- Det vil undra meg om Ap er for dette.
- Den store skandalen i vår tid
Det private næringslivet har god grunn til å gle seg over utsiktene til meir Offentleg Privat Samarbeid (OPS), viser rapportar frå Storbritannia. Der har systemet vore i full sving sidan 1993. I juli rapporterte
The Observer at eit knippe finans- og byggeselskap i London har hausta over to milliardar kroner (170 millionar pund) i ekstraordinær profitt frå bygginga av fire OPS-sjukehus.
Selskapet Inisfree Group, som har spesialisert seg på OPS-oppdrag, tente 530 millionar kroner på å refinansiera investeringa i Princess Royal University Hospital i sør-London. Inisfree og to andre selskap delte 1,2 milliardar i ekstraprofitt etter å ha reforhandla avtalen om Labour-partiets flaggskip av eit OPS-sjukehus, Norfolk and Norwich University Hospital.