Plan for privatisering
Lørdag 14. august, 2004
- Vi er i startfasen. Andre land har kome mykje lenger. Det finst ein klart innsparingspotensial i OPS, seier statssekretær Eirik Lae Solberg (H) i Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
OPS? Offentleg Privat Samarbeid.
Entusiasmen er stor. Då NHO og Kommunenes Sentralforbund hadde konferanse om OPS i vår måtte 50 deltakarar avvisast fordi salen var full. Oslo Kommune sel skular til private firma og leiger dei tilbake i 25 år. Og regjeringa har no lagt OPS-arbeidet inn under moderniseringsminister Morten Meyer (H). Offentleg Privat Samarbeid kan bli det største av alt det store som skal skje med offentleg sektor. Men kva er det?
- Dette er ein taktikk for å driva igjennom privatisering sjølv om opinionen er imot. Hadde regjeringa gått inn for å privatisera helsevesenet i Storbritannia, hadde det blitt opprør, seier Margie Jaffe, OPS-eksperten til Storbritannias største fagforbund, Unison. Meiningsmålingar viser at over 80 prosent av britane er negative til at private selskap skal driva offentlege tenester for profitt, opplyser Jaffe. Men med OPS, som under Tony Blair heiter Private Finance Initiative og Public Private Partnership, er det akkurat dette som skjer.
Sidan Labour tok over i 1997 har det offentlege delt ut OPS-kontraktar verdt rundt 37 milliardar pund, eller 458 milliardar kroner. Det har knapt vore mogleg å få pengar til å byggja eit einaste sjukehus eller ein skule, dersom utbygginga ikkje skjer som Offentleg Privat Samarbeid. Britisk fagrørsle åtvarar no på det sterkaste mot at OPS får breia seg i Noreg.
Labour-kritikk
Etter tolv år med knallhard satsing på OPS har kritikken blitt så sterk at eit stort fleirtal på landsmøtet til Labour i 2002 vedtok at systemet skal stoppast. Statsminister Tony Blair og regjeringa heva seg over vedtaket. Unison, som organiserer offentleg tilsette i Storbritannia, produserer likevel rapportar om OPS på løpande band. Jaffe oppsummerer kritikken i tre punkt:Det blir ikkje billigare, men dyrare for det offentlege.
Innsparingane skjer ofte gjennom åtak på lønns- og arbeidsvilkår.
Når noko går gale, sit det offentlege i praksis med det fulle ansvaret.
Dei auka kostnadene skriv seg både frå at dei private skal ha profitt og frå at staten får betre lånevilkår enn private selskap. Skotske styresmakter har rekna ut at utgiftsauken på grunn av privat låneopptak er 2-3 prosent. Konsulentkostnadene ved dei fyrste 15 kontraktane for OPS-sjukehus var i gjennomsnitt 4 prosent av den totale kostnaden for prosjektet. 6 prosent av dei 458 milliardane som er sett av til OPS-kontraktar er over 27 milliardar kroner. Dette er reine ekstrautgifter, meiner Unison.
- Enorme utgifter
Dei mest kreative private selskapa har henta enorme profittar gjennom OPS-systemet. Ein metode er å refinansiera milliardlåna når skulen eller sjukehuset er bygd ferdig. På det tidspunktet er risikoen i prosjektet så godt som ingenting, samanlikna med før byggestart. Dermed kan selskapet få langt betre lånevilkår enn dei som låg til grunn for kontrakten med det offentlege.Metoden vart brukt av selskapa som fekk kontrakten på å byggja Fazakerley-fengslet i desember 1995. Den britiske riksrevisjonen av avslørt at Group 4/Carillion auka profitten på prosjektet frå førespegla 13 prosent til 39 prosent gjennom refinansiering. I reine pengar var den ekstra profitten over 130 millionar kroner. Alle utgiftene var tilbakebetalt i løpet av dei to fyrste åra av kontrakten, dei 23 siste er rein profitt for det private selskapet.
- Dette er enorme utgifter. Og dei har ført til kutt i andre delar av offentleg sektor. Offentlege sjukehus mistar pengar som blir ført over til dei høge kostnadene ved OPS-sjukehusa, fortel Jaffe.
- Katastrofale resultat
Den radikale tankesmia Catalyst har gjort ein analyse av korleis OPS påverkar lønns- og arbeidsvilkår. Resultatet er nedslåande, set frå dei tilsette:I 2002 og 2003 tente fengselsvaktene i privatkontrakterte fengsel 16 077 pund i året. I dei offentleg eigde fengsla låg lønna 43 prosent høgare: 23 017 pund.
Dei privat tilsette hadde to timar lengre arbeidsveke enn dei offentlege.
Dei private hadde 20-23 fridagar i året, mot 25-33 i det offentlege.
Pensjonsordningane var langt dårlegare for dei tilsette i OPS-fengsla.
- Tala bør seia noko om at motstanden mot OPS er viktig for fagrørsla, kommenterer Jaffe. Unison avviser også påstanden om at OPS inneber at det offentlege og private selskap fullt ut deler risikoen i prosjekta.
- Vi ser at dette ikkje er tilfellet i praksis. Resultata er katastrofale, hevdar ho. Eit eksempel er skulekrinsen Tower Hamlets i London.
Skuleungar taper
Selskapet Ballast var utbyggjar for fleire OPS-skular i Tower Hamlets. Då dei nederlandske eigarane bestemte seg for å leggja ned Ballast, gjekk utbygginga heilt i stå. I Tower Hamlets har skular stått halvferdige i over eit år.- Skulen er meir eller mindre ein byggeplass. Ungane blir undervist i den delen som er ferdig. Foreldra flyttar elevar vekk til andre skular frå hausten av, fortel Jaffe.
Konsortiet leitar etter ein arvtakar for Ballast. Men under dei nye vilkåra er kostnadene høgare. Så for å sikra sine 15 prosent profitt, krev konsortiet no meir pengar frå det offentlege.
- Det er i praksis ungane som har bore risikoen i dette prosjektet. Dei private selskapa har ingen ansvar når dei er nedlagt. Og det hjelp ikkje om konsortiet må betala pengar til det offentlege. Det gjev ikkje elevane tilbake eit tapt år med fullverdig skulegang, seier Jaffe.
- Vi er i startfasen. Andre land har kome mykje lenger. Det finst ein klart innsparingspotensial i OPS, seier statssekretær Eirik Lae Solberg (H) i Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
OPS? Offentleg Privat Samarbeid.
Entusiasmen er stor. Då NHO og Kommunenes Sentralforbund hadde konferanse om OPS i vår måtte 50 deltakarar avvisast fordi salen var full. Oslo Kommune sel skular til private firma og leiger dei tilbake i 25 år. Og regjeringa har no lagt OPS-arbeidet inn under moderniseringsminister Morten Meyer (H). Offentleg Privat Samarbeid kan bli det største av alt det store som skal skje med offentleg sektor. Men kva er det?
- Dette er ein taktikk for å driva igjennom privatisering sjølv om opinionen er imot. Hadde regjeringa gått inn for å privatisera helsevesenet i Storbritannia, hadde det blitt opprør, seier Margie Jaffe, OPS-eksperten til Storbritannias største fagforbund, Unison. Meiningsmålingar viser at over 80 prosent av britane er negative til at private selskap skal driva offentlege tenester for profitt, opplyser Jaffe. Men med OPS, som under Tony Blair heiter Private Finance Initiative og Public Private Partnership, er det akkurat dette som skjer.
Sidan Labour tok over i 1997 har det offentlege delt ut OPS-kontraktar verdt rundt 37 milliardar pund, eller 458 milliardar kroner. Det har knapt vore mogleg å få pengar til å byggja eit einaste sjukehus eller ein skule, dersom utbygginga ikkje skjer som Offentleg Privat Samarbeid. Britisk fagrørsle åtvarar no på det sterkaste mot at OPS får breia seg i Noreg.
Labour-kritikk
Etter tolv år med knallhard satsing på OPS har kritikken blitt så sterk at eit stort fleirtal på landsmøtet til Labour i 2002 vedtok at systemet skal stoppast. Statsminister Tony Blair og regjeringa heva seg over vedtaket. Unison, som organiserer offentleg tilsette i Storbritannia, produserer likevel rapportar om OPS på løpande band. Jaffe oppsummerer kritikken i tre punkt:
Det blir ikkje billigare, men dyrare for det offentlege.
Innsparingane skjer ofte gjennom åtak på lønns- og arbeidsvilkår.
Når noko går gale, sit det offentlege i praksis med det fulle ansvaret.
Dei auka kostnadene skriv seg både frå at dei private skal ha profitt og frå at staten får betre lånevilkår enn private selskap. Skotske styresmakter har rekna ut at utgiftsauken på grunn av privat låneopptak er 2-3 prosent. Konsulentkostnadene ved dei fyrste 15 kontraktane for OPS-sjukehus var i gjennomsnitt 4 prosent av den totale kostnaden for prosjektet. 6 prosent av dei 458 milliardane som er sett av til OPS-kontraktar er over 27 milliardar kroner. Dette er reine ekstrautgifter, meiner Unison.
- Enorme utgifter
Dei mest kreative private selskapa har henta enorme profittar gjennom OPS-systemet. Ein metode er å refinansiera milliardlåna når skulen eller sjukehuset er bygd ferdig. På det tidspunktet er risikoen i prosjektet så godt som ingenting, samanlikna med før byggestart. Dermed kan selskapet få langt betre lånevilkår enn dei som låg til grunn for kontrakten med det offentlege.
Metoden vart brukt av selskapa som fekk kontrakten på å byggja Fazakerley-fengslet i desember 1995. Den britiske riksrevisjonen av avslørt at Group 4/Carillion auka profitten på prosjektet frå førespegla 13 prosent til 39 prosent gjennom refinansiering. I reine pengar var den ekstra profitten over 130 millionar kroner. Alle utgiftene var tilbakebetalt i løpet av dei to fyrste åra av kontrakten, dei 23 siste er rein profitt for det private selskapet.
- Dette er enorme utgifter. Og dei har ført til kutt i andre delar av offentleg sektor. Offentlege sjukehus mistar pengar som blir ført over til dei høge kostnadene ved OPS-sjukehusa, fortel Jaffe.
- Katastrofale resultat
Den radikale tankesmia Catalyst har gjort ein analyse av korleis OPS påverkar lønns- og arbeidsvilkår. Resultatet er nedslåande, set frå dei tilsette:
I 2002 og 2003 tente fengselsvaktene i privatkontrakterte fengsel 16 077 pund i året. I dei offentleg eigde fengsla låg lønna 43 prosent høgare: 23 017 pund.
Dei privat tilsette hadde to timar lengre arbeidsveke enn dei offentlege.
Dei private hadde 20-23 fridagar i året, mot 25-33 i det offentlege.
Pensjonsordningane var langt dårlegare for dei tilsette i OPS-fengsla.
- Tala bør seia noko om at motstanden mot OPS er viktig for fagrørsla, kommenterer Jaffe. Unison avviser også påstanden om at OPS inneber at det offentlege og private selskap fullt ut deler risikoen i prosjekta.
- Vi ser at dette ikkje er tilfellet i praksis. Resultata er katastrofale, hevdar ho. Eit eksempel er skulekrinsen Tower Hamlets i London.
Skuleungar taper
Selskapet Ballast var utbyggjar for fleire OPS-skular i Tower Hamlets. Då dei nederlandske eigarane bestemte seg for å leggja ned Ballast, gjekk utbygginga heilt i stå. I Tower Hamlets har skular stått halvferdige i over eit år.
- Skulen er meir eller mindre ein byggeplass. Ungane blir undervist i den delen som er ferdig. Foreldra flyttar elevar vekk til andre skular frå hausten av, fortel Jaffe.