Går mot EU-selskap
Fredag 30. juli, 2004
Etter å har prøvd i over 30 år, skal EU endeleg få økonomiske aktørar som er regulert av EU-lover og heva over nasjonal selskapsrett. Ein heilt ny selskapsform blir innført 8. oktober, om EU og regjeringa får som dei vil: Det europeiske selskap (SE) skal operera fritt over heile EU/EØS-området. SE-selskapet kan flytta hovudkontoret over grensene, utan å leggja ned selskapet i land A og reetablera det i land B. Konsekvensane for fagrørsla i Noreg kan bli enorme.
- Her står det om uhyre viktige spørsmål for fagrørsla og heile arbeidslivet. Det er veldig skummelt at ikkje finst meir debatt om det som er i ferd med å skje, seier Rolf Utgård til Klassekampen. Han var i mange år konserntillitsvald og styremedlem i industrigiganten Kværner. I dag er han arbeidslivsforskar og knytt til Fafo.
Det store stridsspørsmålet er rolla til fagorganisasjonane innanfor SE-selskapet. Det norske systemet sikrar dei tilsette lovfesta rett til styrerepresentasjon, i store selskap minst ein tredel av styret. Utgård fryktar at dette systemet kan bli rasert med innføringa av SE-selskapet.
Smutthol
Ved omdanning av eit norsk selskap til SE-selskap, sikrar i utgangspunktet EU-direktivet som regulerer dei tilsette sine rettar at dei tilsette sine rettar til representasjon og informasjon blir ført vidare. Kravet er at selskapet innfører «minst det samme nivået for medbestemmelse» som det som eksisterte før omdanninga.Arbeids- og administrasjonsdepartementet vedgår likevel i sitt høyringsbrev at oppretting av SE-selskap kan vera «godt egnet som del av en handlingsplan som tar sikte på å frata eller nekte arbeidstakerne innflytelse eller nekte dem slike rettigheter». Dette skuldast at kravet om «minst det samme nivået» berre gjeld ved opprettinga av SE-selskapet. Klassekampen kan presentera eit utval attraktive smutthol for den kreative direktør.
1. To selskap som har tilsette i styret kan etablera eit SE gjennom dotterselskap som ikkje har tilsette i styret. Ved etableringa blir denne representasjonen (null) vidareført, og lovkravet er oppfylt.
Deretter kan SE-selskapet fusjonera med morselskapa, og brått står alle dei tilsette der utan rett til representasjon i styret.2. I dag blir eit utanlandsk selskap som etablerer seg i Noreg underlagt norsk selskapsrett, men dersom det fyrst har omdanna seg til SE i eit land der det slepp å ha dei tilsette i styret, kan det deretter flytta forretningsstad til Noreg, og sleppa å ta inn dei tilsette i styret.
3. I Tyskland er ikkje dei tilsette representert i styret, men har halvparten av plassane i eit kontrollorgan. Dersom eit norsk og eit tysk AS går saman om å danna eit SE, og det nye selskapet vel å halda på den tyske modellen, er det uklart kva som er å rekna som «minst det samme nivået for medbestemmelse» som før omdanninga. Departementet si tolking er at det kan vera heilt legalt å ta frå dei tilsette retten til ein tredel av plassane i styret, til fordel for halvparten av plassane i det langt mindre mektige kontrollorganet. Den endelege tolkinga blir opp til EF-domstolen.
4. Dei tilsette kan gå med på ei avtale om redusert representasjon. Forhandlinga om dette blir gjennomført av eit særskilt forhandlingsutval som skal representere alle dei tilsette i SE-prosessen. Dersom dei tilsette i andre land med dårlegare ordningar er i fleirtal i det nye SE-selskapet, risikerer norske tillitsvalde at representantane for desse stemmer for avtaler som fjernar retten til styrerepresentasjon.
Alle desse smutthola er det i praksis fritt fram for å nytta, men fyrst etter eitt års «karantenetid» etter omdanninga til SE.
- Dei tilsette si rolle i styret er ein av dei viktige pilarane i den norske fagrørsla sin innverknad på arbeidslivet, og det norske systemet er jamt over betre sett frå vår ståstad enn i dei aller fleste europeiske landa, kommenterer Utgård. Han ber Stortinget seia nei til forslaget om å innføra Europeisk selskap.
- Vi har ingen bruk for SE-selskapet i Noreg. Intensjonen er at selskapa skal kunna shoppa land, at dei fritt skal etablera seg der dei finn det mest gunstig. Dette treng vi ikkje la norske selskap driva med. Derfor bør Stortinget seia nei til denne EU-forordninga.
Etter å har prøvd i over 30 år, skal EU endeleg få økonomiske aktørar som er regulert av EU-lover og heva over nasjonal selskapsrett. Ein heilt ny selskapsform blir innført 8. oktober, om EU og regjeringa får som dei vil: Det europeiske selskap (SE) skal operera fritt over heile EU/EØS-området. SE-selskapet kan flytta hovudkontoret over grensene, utan å leggja ned selskapet i land A og reetablera det i land B. Konsekvensane for fagrørsla i Noreg kan bli enorme.
- Her står det om uhyre viktige spørsmål for fagrørsla og heile arbeidslivet. Det er veldig skummelt at ikkje finst meir debatt om det som er i ferd med å skje, seier Rolf Utgård til Klassekampen. Han var i mange år konserntillitsvald og styremedlem i industrigiganten Kværner. I dag er han arbeidslivsforskar og knytt til Fafo.
Det store stridsspørsmålet er rolla til fagorganisasjonane innanfor SE-selskapet. Det norske systemet sikrar dei tilsette lovfesta rett til styrerepresentasjon, i store selskap minst ein tredel av styret. Utgård fryktar at dette systemet kan bli rasert med innføringa av SE-selskapet.
Smutthol
Ved omdanning av eit norsk selskap til SE-selskap, sikrar i utgangspunktet EU-direktivet som regulerer dei tilsette sine rettar at dei tilsette sine rettar til representasjon og informasjon blir ført vidare.
Kravet er at selskapet innfører «minst det samme nivået for medbestemmelse» som det som eksisterte før omdanninga.
Arbeids- og administrasjonsdepartementet vedgår likevel i sitt høyringsbrev at oppretting av SE-selskap kan vera «godt egnet som del av en handlingsplan som tar sikte på å frata eller nekte arbeidstakerne innflytelse eller nekte dem slike rettigheter». Dette skuldast at kravet om «minst det samme nivået» berre gjeld ved opprettinga av SE-selskapet. Klassekampen kan presentera eit utval attraktive smutthol for den kreative direktør.
1. To selskap som har tilsette i styret kan etablera eit SE gjennom dotterselskap som ikkje har tilsette i styret. Ved etableringa blir denne representasjonen (null) vidareført, og lovkravet er oppfylt.
Deretter kan SE-selskapet fusjonera med morselskapa, og brått står alle dei tilsette der utan rett til representasjon i styret.
2. I dag blir eit utanlandsk selskap som etablerer seg i Noreg underlagt norsk selskapsrett, men dersom det fyrst har omdanna seg til SE i eit land der det slepp å ha dei tilsette i styret, kan det deretter flytta forretningsstad til Noreg, og sleppa å ta inn dei tilsette i styret.