Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, mandag 21. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120521
Innenriks
Torsdag 29. juli, 2004

– Gje partia gratis tv-tid

Torsdag 29. juli, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
- Vi kan gje partia ei viss gratis sendetid. Ei slik ordning kan takast inn i konsesjonsvilkåra for tv-kanalar, foreslår Francis Sejersted.

- Vi treng ei utgreiing av dette: Korleis skal dei politiske partia kunna kommunisera direkte med veljarane gjennom fjernsyn utan at redaktørmakta styrar kommunikasjonen, og utan at pengane er ein avgjerande faktor.

Det seier leiar av Ytringsfrihetskommisjonen, Francis Sejersted til Klassekampen.

Tysdag vart det kjent at før 1. april neste år kjem eit lovforslag om å opna for politisk tv-reklame i Noreg. Dette er i tråd med innstillinga frå fleirtalet i Ytringsfrihetskommisjonen, eit fleirtal Sejersted var med i.

No møter opninga for politisk tv-reklame kritikk fordi den flyttar makt til dei pengesterke samfunnsinteressene.

TV 2 opplyser at tre visningar i døgeret i to veker vil kosta rundt ein halv million kroner.

Direktør Jarle Thalberg i mediebyrået Carat seier til Dagsavisen at «ein middels to-vekers kampanje» på tv vil kosta ein million. I tillegg kjem produksjonen av sjølve reklamefilmen, som kan kosta rundt ein halv million per film.

- I ytste konsekvens kan ein seia at det partiet som har mest pengar og hyrar dei beste reklamefolka vinn, åtvara reklameskapar Kjetil Try i Dagsavisen i går.

Redaktørfilteret

Francis Sejersted står likevel fast på at forbodet mot politisk tv-reklame bør vekk.

- Fjernsyn er den viktigaste kommunikasjonskanalen for å nå ut til folk flest. I dag er det ein sterk filterfunksjon som styrer kven som slepp til og kva dei slepp til med. Dette er redaktørfilteret, seier han.

Sejersted meiner redaktørane og journaliststanden har fått for stor makt over den politiske dagsordenen.

- Den sterke filtreringa av samfunnsdebatten gjennom massemedia er ein fare for demokratiet.

Francis Sejersted meiner politikarane bør kunna få veljarane direkte i tale, også i det viktigaste mediumet. Dette blir mogleg med ei opning for politisk tv-reklame.

Men han ser at dei høge kostnadene ved tv-reklame installerer eit pengefilter i staden for redaktørfilteret.

- Og dette er heilt klart eit problem. Også eit slikt pengefilter rører ved ytringsfridomen. Men den prinsipielle haldninga til kommisjonen er at staten skal hjelpa dei som har vanskar, heller enn å hindra dei som har ressursane dei treng, opplyser han.

- Gratis sendetid

Francis Sejersted går inn for ei utgreiing av tiltak for å redusera styrken i pengefilteret.

- Vi kan gje partia ei viss gratis sendetid. Kommisjonen viser til ordningar av denne typen i andre land. Ei slik ordning kan takast inn i konsesjonsvilkåra for tv-kanalar, foreslår han.

- Samtidig kan det ikkje vera eit system der alle som rekk opp handa har automatisk rett til sendetid, legg han til.

Dermed finst det praktiske vanskar ved forslaget.

- Og derfor trengst det ei utgreiing av kva som er mogleg.

Kultur & medier
Mandag 21. mai, 2012
- Statsstøtte gir økt frihet

- Statsstøtte gir økt frihet

Føringene som legges på teatrene, går ikke ut over den kunstneriske friheten, mener kulturministeren: - Den største friheten kulturinstitusjonene kan få, er midler til å gjennomføre det de har lyst til, sier hun.
Utenriks
Mandag 21. mai, 2012
Hengemyr til blodpris

Hengemyr til blodpris

KRIGSRÅD: Afghanistan-krigens byrder overskygger Natos toppmøte i Chicago. Samtidig innleder en ny gruppe kamp mot USAs planer om å ha styrker i Afghanistan til 2024.
Innenriks
Mandag 21. mai, 2012
To av tre ga opp på 20 år

To av tre ga opp på 20 år

OPPGITT: To av tre har sluttet med landbruk i landets beste kornbygder de siste 20 åra, sier kornbonden Svein Stubberud i Vestby. Han frykter at regjeringens tilbud til bøndene vil få flere til å gi opp.
Dagens leder
Mandag 21. mai, 2012
Alf Skjeseth
Blanke f...

Blanke f...

Dagens leder
Powered by eonBIT