Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, mandag 21. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120521
Innenriks
Torsdag 22. juli, 2004

EU vil forby blokadar

Torsdag 22. juli, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Gjennom ei ny «Lov om håndheving av det frie varebytte innen EØS» blir Noreg erstatningspliktig om staten ikkje gjer alt den kan for å få slutt på blokadar som hindrar varetransporten.

Dei franske transportarbeidarstreikane i november 1997 fekk EU-kommisjonen til å sjå raudt. Blokadane av vegtransporten fekk kommisjonen til å ta direkte kontakt med partane, og Frankrike vart truga med rettsleg etterspel. Blokaden hindra den frie flyten av varer i EUs indre marknad. No får EU og EØS-landa på plass eit lovverk som kan tvinga medlemslanda til å ta meir resolutt affære mot slike aksjonar.

Justis- og politidepartementet sendte i går ut på høyring eit utkast til «Lov om håndheving av det frie varebytte innen EØS». Denne innfører i Noreg den såkalla handhevingsforordninga, som EU-rådet vedtok i desember 1998, som ein respons på bråket i Frankrike.

«Håndhevingsforordningen skal sikre at det ikke oppstår alvorlige faktiske hindringer for det frie varebytte, for eksempel private blokader og ødeleggelser. Forordningen pålegger statene å iverksette nødvendige tiltak for å fjerne slike hindringer», skriv departementet.

Kvart EØS-land pliktar å informera EU-kommisjonen om alle hinder som oppstår i den frie vareflyten. EU-kommisjonen får rett til å «anmode EØS-staten om å treffe alle nødvendige og hensiktsmessige tiltak for å fjerne hindringen innen en frist den fastsetter». Deretter må EØS-landet svara innan fem dagar.

Dersom eit EU- eller EØS-land ikkje fylgjer prinsippet med å «treffe alle nødvendige og hensiktsmessige tiltak for å fjerne hindringen» av den frie vareflyten, kan landet bli erstatningspliktig: «Brudd på forpliktelsene etter forordningen kan resultere i traktatbruddssøksmål og erstatningsansvar etter alminnelige EU-rettslige regler», skriv departementet.

Trugar strekeretten?

Det er spesielt bønder og arbeidarar i Frankrike som har tradisjon for vegblokadar. Bakgrunnen for handhevingsforordninga er mellom anna ein dom i EU-domstolen mot Frankrike på bakgrunn av franske bondeaksjonar for å hindra hindre import av jordbruksvarer frå andre EU-statar. Frankrike vart dømt for brot på reglane om fritt varebytte og på lojalitetsplikta, fordi fransk politi ikkje hadde gjort nok for å hindra aksjonane.

Teksten i EU-forordninga understrekar at ho ikkje rører ved «grunnleggende rettigheter ... herunder retten eller friheten til å streike». Likevel kan arbeidskonfliktar koma i søkjeljoset til EU-kommisjonen, dersom dei streikande går til blokade mot transport fagorganisasjonen meiner er streikebrott.

Blokadar under streik har vore eit heitt stridstema i Noreg. Transportarbeidarane vart dømt for brot på Boikottlova etter streiken i 1998. «Lov om håndheving av det frie varebytte innen EØS» kan gje gode kort på handa til dei som i ein blokadesituasjon vil ha politiet til å gripa inn mot dei streikande. Dette stiller forbundsleiar Per Østvold i Transportarbeidarforbundet seg sterkt kritisk til.

- Vi er i mot at EU kjem med reglar som styrer kva som skal skje i ein konfliktsituasjon her i landet. Om EU-regelverket køyrer over norsk lov, vil fagrørsla oppfatta det som dramatisk, seier Østvold til Klassekampen. Han understrekar at han uttaler seg på prinsipielt grunnlag, og at han har ikkje lese artiklane i EU-forordninga.

I grenselandet

Ulikt Frankrike, er ikkje vegblokaden ein vanleg politisk aksjonsform i Noreg, sjølv om vi for nokre år sidan hadde «dieselaksjonen» som blokkerte transporten i Oslo-området.

- Nei, vi har lite tradisjon for dette i Noreg. Men vi kan ikkje spå korleis dette utviklar seg i framtida. Og reglane for slike konfliktar bør springa ut av norsk lov, ikkje EUs forordningar, meiner Østvold.

Departementet vedgår at denne forordninga «ligger i grenseområdet for EØS-avtalens virkeområde, fordi den berører den alminnelige justispolitikken (utøvelse av tvangsmakt)». Justispolitikken ligg utanfor verkefeltet til EØS-avtala. Men i og med at blokadar vil påverka den frie

flyten av varer, meiner departementet likevel at dette EU-regelverket kan passera som EØS-relevant.

Handhevingsforordninga vart godkjent i den lukka og hemmelege EØS-komiteen på Stortinget 8. juni i år. Høyringsfristen for «Lov om håndheving av det frie varebytte innen EØS» er 1. september.

@sitat: Kvart EØS-land pliktar å informera EU-kommisjonen om alle hinder i den frie vareflyten

@

Kultur & medier
Mandag 21. mai, 2012
- Statsstøtte gir økt frihet

- Statsstøtte gir økt frihet

Føringene som legges på teatrene, går ikke ut over den kunstneriske friheten, mener kulturministeren: - Den største friheten kulturinstitusjonene kan få, er midler til å gjennomføre det de har lyst til, sier hun.
Utenriks
Mandag 21. mai, 2012
Hengemyr til blodpris

Hengemyr til blodpris

KRIGSRÅD: Afghanistan-krigens byrder overskygger Natos toppmøte i Chicago. Samtidig innleder en ny gruppe kamp mot USAs planer om å ha styrker i Afghanistan til 2024.
Innenriks
Mandag 21. mai, 2012
To av tre ga opp på 20 år

To av tre ga opp på 20 år

OPPGITT: To av tre har sluttet med landbruk i landets beste kornbygder de siste 20 åra, sier kornbonden Svein Stubberud i Vestby. Han frykter at regjeringens tilbud til bøndene vil få flere til å gi opp.
Dagens leder
Mandag 21. mai, 2012
Alf Skjeseth
Blanke f...

Blanke f...

Dagens leder
Powered by eonBIT