Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, mandag 21. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120521
Not_categorized
Tirsdag 22. februar, 2005

Stille om levealder

– Innføring av delingstal er i praksis ei omfordeling frå dei fattige til dei rike, seier helsesosiolog Espen Dahl ved Høgskolen i Oslo. Universitetslektoren lever nær 18 år etter pensjonsalderen, drosjesjåføren lever i nær 12 år etter fylte 67.– Innføring av delingstal er i praksis ei omfordeling frå dei fattige til dei rike, seier helsesosiolog Espen Dahl ved Høgskolen i Oslo. Universitetslektoren lever nær 18 år etter pensjonsalderen, drosjesjåføren lever i nær 12 år etter fylte 67.

Det største innsparingsforslaget til regjeringa og Pensjonskommisjonen er levealdersjustering av folketrygda. Den årlege pensjonen skal ned etter kvart som gjennomsnittleg levealder går opp. Kvart årskull skal få eit «delingstal» som avgjer kor mykje pensjonen blir redusert. Kriteriet på kva levealder som ligg til grunn for din pensjon, blir fødselsåret ditt. Men andre kriterium verkar langt sterkare inn på kor mange år du får leva som pensjon. For eksempel yrke. – Dei manuelle arbeidaryrka lever heilt gjennomgåande kortare enn yrkesgrupper med høgare utdanning, understrekar forskar Tove Midtsundstad ved Fafo. Ein universitetslærar lever i gjennomsnitt 17,7 år etter fylte 67 år, som er pensjonsalder. Ein arbeidar i servitøryrket lever i gjennomsnitt 11,2 år etter fylte 67. Det viser den seinaste statistikken på området (sjå faktaboks). – Så arbeidarane betaler ofte inn til pensjonssystemet minst like lenge som andre, men får mindre ut, poengterer Fafo-forskaren.Ulik levealder Levealderjustering av pensjonen skaper ei omfordeling frå tunge yrke med låg inntekt til lettare yrke med høg inntekt, meiner helsesosiolog Espen Dahl ved Høgskolen i Oslo.– Ei endring som reduserer årleg pensjon fordi gjennomsnittleg levealder for alle aukar, er i praksis ei omfordeling frå dei fattige til dei rike, seier Dahl til Klassekampen. Han er ein av dei fremste forskarane på sosiale skilnader i levealder her i landet. Statistisk sentralbyrås statistikk viser at yrkesgrupper med lang levetid jamt over aukar sin del av arbeidsstyrken. Gjennomsnittleg levealder aukar derfor raskare enn levealderen for yrkesgruppene med kortast levetid. Med levealderjustering må dei likevel vera med å betala for ein auka levealder, som dei i mindre grad enn andre grupper nyt godt av sjølve.Dahl minner om at Pensjonskommisjonen og regjeringa vil ha sterkare samanheng mellom det folk betaler inn og det vi får ut av pensjonssystemet. – Men når det gjeld ulik levealder for ulike yrkesgrupper er ikkje dette aktuelt, ser det ut til, kommenterer han. – Det er kanskje praktisk vanskeleg å laga eit pensjonssystem med ulike kalkylar for ulike yrkesgrupper?– Kanskje det, men spørsmåla må i det minste opp på bordet. Vi har viktige fakta her, som kompliserer tanken om pensjon etter gjennomsnittleg levealder kraftig. Til no er spørsmålet berre lagt daudt, svarer Dahl.Verre med AFPTove Midtsundstad meiner urettvisa i pensjonsfordeling mellom yrkesgruppene blir endå større dersom regjeringa får igjennom forslaget om «avkorting» av pensjonen til folk som går av før 67 år, for eksempel med avtalefesta pensjon (AFP). – Eg forskar på AFP, og ser at det i hovudsak er folk i manuelle arbeidaryrke som nyttar ordninga. Her handlar det om helse og slitasje, seier ho. Ein som går av ved 62 år skal etter regjeringa sin modell få redusert årleg pensjonsutbetaling med 25 prosent resten av livet. – Innføring av delingstal på grunn av generelt auka levalder vil også forsterka problemet i nokon grad, meiner Midtsundstad. – Ein del av denne urettvisa ligg jo også i dagens system, med kanskje meir skjult, legg ho til. «Fra fattige og syke til rike og friske»Fagforbundet, som er LOs desidert største forbund, kommenterer problemet med sosial ulikskap i levealder i si høyringsfråsegn om pensjonsreform: «Fagforbundet vil i denne sammenheng ikke unnlate å peke på at det er en betydelig forskjell i forventet levealder i ulike segmenter av befolkningen [...] Spissformulert kan man si at det er mulig vi får en utvikling fremover der man får forsterket innslaget av en omfordeling fra de fattige og syke til de rike og friske». Også senorforskar Jens-Kristian Borgan i Statistisk sentralbyrå understrekar dette som eit viktig moment for pensjonsdebatten. I «Samfunnsspeilet» 3/2004 kommenterer Borgan forslaget om å innføra «avkorting» ved avtalefesta pensjon (AFP), som vil gje drastisk redusert pensjon for den som går av før 67 år: «De som går av tidligere, vil få reduserte ytelser selv om de begynte tidligere i yrkeslivet, og har hatt like mange opptjeningsår ved fylte 62 år som andre først vil ha ved fylte 67 år. For eksempel kan høyere funksjonærer blant menn vente å leve nesten like lenge etter fylte 67 år som ufaglærte arbeidere kan vente å leve etter fylte 62 år».@sitat:«Folk med låg status og utdanning får mykje mindre ut av pensjonssystemet enn høgstatusgruppene» Espen Dahl, helsesosiolog@

Det største innsparingsforslaget til regjeringa og Pensjonskommisjonen er levealdersjustering av folketrygda. Den årlege pensjonen skal ned etter kvart som gjennomsnittleg levealder går opp. Kvart årskull skal få eit «delingstal» som avgjer kor mykje pensjonen blir redusert. Kriteriet på kva levealder som ligg til grunn for din pensjon, blir fødselsåret ditt. Men andre kriterium verkar langt sterkare inn på kor mange år du får leva som pensjon. For eksempel yrke. – Dei manuelle arbeidaryrka lever heilt gjennomgåande kortare enn yrkesgrupper med høgare utdanning, understrekar forskar Tove Midtsundstad ved Fafo. Ein universitetslærar lever i gjennomsnitt 17,7 år etter fylte 67 år, som er pensjonsalder. Ein arbeidar i servitøryrket lever i gjennomsnitt 11,2 år etter fylte 67. Det viser den seinaste statistikken på området (sjå faktaboks). – Så arbeidarane betaler ofte inn til pensjonssystemet minst like lenge som andre, men får mindre ut, poengterer Fafo-forskaren. Ulik levealder Levealderjustering av pensjonen skaper ei omfordeling frå tunge yrke med låg inntekt til lettare yrke med høg inntekt, meiner helsesosiolog Espen Dahl ved Høgskolen i Oslo.– Ei endring som reduserer årleg pensjon fordi gjennomsnittleg levealder for alle aukar, er i praksis ei omfordeling frå dei fattige til dei rike, seier Dahl til Klassekampen. Han er ein av dei fremste forskarane på sosiale skilnader i levealder her i landet. Statistisk sentralbyrås statistikk viser at yrkesgrupper med lang levetid jamt over aukar sin del av arbeidsstyrken. Gjennomsnittleg levealder aukar derfor raskare enn levealderen for yrkesgruppene med kortast levetid. Med levealderjustering må dei likevel vera med å betala for ein auka levealder, som dei i mindre grad enn andre grupper nyt godt av sjølve.Dahl minner om at Pensjonskommisjonen og regjeringa vil ha sterkare samanheng mellom det folk betaler inn og det vi får ut av pensjonssystemet. – Men når det gjeld ulik levealder for ulike yrkesgrupper er ikkje dette aktuelt, ser det ut til, kommenterer han. – Det er kanskje praktisk vanskeleg å laga eit pensjonssystem med ulike kalkylar for ulike yrkesgrupper?– Kanskje det, men spørsmåla må i det minste opp på bordet. Vi har viktige fakta her, som kompliserer tanken om pensjon etter gjennomsnittleg levealder kraftig. Til no er spørsmålet berre lagt daudt, svarer Dahl. Verre med AFPTove Midtsundstad meiner urettvisa i pensjonsfordeling mellom yrkesgruppene blir endå større dersom regjeringa får igjennom forslaget om «avkorting» av pensjonen til folk som går av før 67 år, for eksempel med avtalefesta pensjon (AFP). – Eg forskar på AFP, og ser at det i hovudsak er folk i manuelle arbeidaryrke som nyttar ordninga. Her handlar det om helse og slitasje, seier ho. Ein som går av ved 62 år skal etter regjeringa sin modell få redusert årleg pensjonsutbetaling med 25 prosent resten av livet. – Innføring av delingstal på grunn av generelt auka levalder vil også forsterka problemet i nokon grad, meiner Midtsundstad. – Ein del av denne urettvisa ligg jo også i dagens system, med kanskje meir skjult, legg ho til. «Fra fattige og syke til rike og friske»Fagforbundet, som er LOs desidert største forbund, kommenterer problemet med sosial ulikskap i levealder i si høyringsfråsegn om pensjonsreform: «Fagforbundet vil i denne sammenheng ikke unnlate å peke på at det er en betydelig forskjell i forventet levealder i ulike segmenter av befolkningen [...] Spissformulert kan man si at det er mulig vi får en utvikling fremover der man får forsterket innslaget av en omfordeling fra de fattige og syke til de rike og friske». Også senorforskar Jens-Kristian Borgan i Statistisk sentralbyrå understrekar dette som eit viktig moment for pensjonsdebatten. I «Samfunnsspeilet» 3/2004 kommenterer Borgan forslaget om å innføra «avkorting» ved avtalefesta pensjon (AFP), som vil gje drastisk redusert pensjon for den som går av før 67 år: «De som går av tidligere, vil få reduserte ytelser selv om de begynte tidligere i yrkeslivet, og har hatt like mange opptjeningsår ved fylte 62 år som andre først vil ha ved fylte 67 år. For eksempel kan høyere funksjonærer blant menn vente å leve nesten like lenge etter fylte 67 år som ufaglærte arbeidere kan vente å leve etter fylte 62 år».@sitat:«Folk med låg status og utdanning får mykje mindre ut av pensjonssystemet enn høgstatusgruppene» Espen Dahl, helsesosiolog@

Kultur & medier
Mandag 21. mai, 2012
- Statsstøtte gir økt frihet

- Statsstøtte gir økt frihet

Føringene som legges på teatrene, går ikke ut over den kunstneriske friheten, mener kulturministeren: - Den største friheten kulturinstitusjonene kan få, er midler til å gjennomføre det de har lyst til, sier hun.
Utenriks
Mandag 21. mai, 2012
Hengemyr til blodpris

Hengemyr til blodpris

KRIGSRÅD: Afghanistan-krigens byrder overskygger Natos toppmøte i Chicago. Samtidig innleder en ny gruppe kamp mot USAs planer om å ha styrker i Afghanistan til 2024.
Innenriks
Mandag 21. mai, 2012
To av tre ga opp på 20 år

To av tre ga opp på 20 år

OPPGITT: To av tre har sluttet med landbruk i landets beste kornbygder de siste 20 åra, sier kornbonden Svein Stubberud i Vestby. Han frykter at regjeringens tilbud til bøndene vil få flere til å gi opp.
Dagens leder
Mandag 21. mai, 2012
Alf Skjeseth
Blanke f...

Blanke f...

Dagens leder
Powered by eonBIT