– Aksjon kan ta liv
Tirsdag 29. juni, 2004
Tre veker etter at aksjonen for å fjerna dei narkomane frå Plata starta, er det ingen som veit sikkert kor dei narkomane har blitt av.
Medan Frp i byrådet i Oslo har stilt seg svært positiv til aksjonen, som er gjennomført i eit samarbeid mellom Oslo kommune og politiet, kritiserer Frp sin sosialpolitikar på Stortinget, John Alvheim, det som skjer.
- Eg fryktar politiaksjonen kan ta liv, seier Alvheim til Klassekampen. Han meiner det er nyttelaust å flytta dei narkomane frå ein stad til ein annan.
- Dette er folk som tar godt vare på kvarandre. Når miljøet blir splitta opp, kan det få alvorlege følgjer, seier Frp-politikaren. Han varslar at han vil ta opp i Stortinget eit framlegg om å få sett ned ein breitt samansett narkotikakommisjon som kan gå gjennom alle ledd i norsk narkotikapolitikk. Blant dei spørsmåla han vil ha vurdert, er vektlegginga på å straffa brukarane, medan det kan sjå ut til at langarar og bakmenn går fri.
Lovbrott
- Men kva vil du gjera i forhold til det som skjer i Oslo? Aksjonen mot Plata er gjennomført i samråd med din partikollega byråd Margaret Eckbo?- Eg vil ikkje blanda meg borti det som skjer i Oslo, seier stortingsrepresentanten.
Margaret Eckbo, byråd for velferd og sosiale tjenester i Oslo, ser ingen grunn til å beklaga den aksjonen som er i gang.
- Politiet har gripe mange som har brote norsk lov, seier ho. Eckbo meiner det er for tidleg å seia noko meir om verknadene av aksjonen. Ho har høyrt rykte om at det har danna seg nye samlingsplassar for dei som før møttest på Plata, og meiner det er viktig at politiet følgjer med.
- Dersom det går føre seg omsetting av narkotika på nye stader, må politiet slå til, seier byråden.
- Din partikollega John Alvheim er uroleg for kva som skjer med dei narkomane i Oslo?
- Eg forstår hans uro. Men når vi har ei lovgiving, kan vi ikkje sjå gjennom fingrane med dei som bryt lova. Anten må vi legalisera narkotika, eller så må vi handheva den lova vi har, seier Eckbo.
Politiet er nøgd
Geir Tveit, fungerande stasjonssjef ved Grønland politistasjon, er nøgd med resultata av aksjonen så langt. Han meiner det ikkje har danna seg nye samlingsplassar for narkomane i vesentleg grad.- Vi hindrar ingen i å treffast på Plata. Det vi reagerer på, er sal av stoff. Det fører til at vedkommande blir politimeld, og ser vi at nokon set skott, destruerer vi innhaldet i sprøyta, og bortviser vedkommande for 24 timar, forklarer Tveit.
Kor mange bortvisingsmeldingar politiet har skrive ut i tillegg til dei nær 600 som var registrert for ei veke sia, har Tveit førebels ikkje oversikt over. Han har heller ikkje tal på kor mange barn og unge som har blitt plukka opp av politiet, men meiner det er noko fleire enn det som elles har vore vanleg, noko som kan ha å gjera med at politiet er meir til stades.
- Ingen må tru at denne aksjonen løyser narkotikaproblemet, men vi er nøgde med at vi har lykkast i å løysa opp det harde miljøet som hadde etablert seg på Plata, seier den fungerande stasjonssjefen.
- Den som ønskjer å kjøpa stoff, klarer å finna fram til det, legg han til.
Klassekampen lykkast ikkje i å få informasjon om kva erfaringar som er gjort av Oppsøkende og koordinerende tjeneste i Oslo. Dei tilsette der har ikkje høve til å uttala seg til pressa, og deira overordna, direktør Lilleba Fauske i Rusmiddeletaten, var ikkje tilgjengeleg for kommentar i går.
@sitat:«Dette er folk som tar godt vare på kvarandre. Eg fryktar politiaksjonen kan ta liv»john alvheim, frp@Tre veker etter at aksjonen for å fjerna dei narkomane frå Plata starta, er det ingen som veit sikkert kor dei narkomane har blitt av.
Medan Frp i byrådet i Oslo har stilt seg svært positiv til aksjonen, som er gjennomført i eit samarbeid mellom Oslo kommune og politiet, kritiserer Frp sin sosialpolitikar på Stortinget, John Alvheim, det som skjer.
- Eg fryktar politiaksjonen kan ta liv, seier Alvheim til Klassekampen. Han meiner det er nyttelaust å flytta dei narkomane frå ein stad til ein annan.
- Dette er folk som tar godt vare på kvarandre. Når miljøet blir splitta opp, kan det få alvorlege følgjer, seier Frp-politikaren. Han varslar at han vil ta opp i Stortinget eit framlegg om å få sett ned ein breitt samansett narkotikakommisjon som kan gå gjennom alle ledd i norsk narkotikapolitikk. Blant dei spørsmåla han vil ha vurdert, er vektlegginga på å straffa brukarane, medan det kan sjå ut til at langarar og bakmenn går fri.
Lovbrott
- Men kva vil du gjera i forhold til det som skjer i Oslo? Aksjonen mot Plata er gjennomført i samråd med din partikollega byråd Margaret Eckbo?
- Eg vil ikkje blanda meg borti det som skjer i Oslo, seier stortingsrepresentanten.
Margaret Eckbo, byråd for velferd og sosiale tjenester i Oslo, ser ingen grunn til å beklaga den aksjonen som er i gang.
- Politiet har gripe mange som har brote norsk lov, seier ho. Eckbo meiner det er for tidleg å seia noko meir om verknadene av aksjonen. Ho har høyrt rykte om at det har danna seg nye samlingsplassar for dei som før møttest på Plata, og meiner det er viktig at politiet følgjer med.
- Dersom det går føre seg omsetting av narkotika på nye stader, må politiet slå til, seier byråden.
- Din partikollega John Alvheim er uroleg for kva som skjer med dei narkomane i Oslo?
- Eg forstår hans uro. Men når vi har ei lovgiving, kan vi ikkje sjå gjennom fingrane med dei som bryt lova. Anten må vi legalisera narkotika, eller så må vi handheva den lova vi har, seier Eckbo.
Politiet er nøgd
Geir Tveit, fungerande stasjonssjef ved Grønland politistasjon, er nøgd med resultata av aksjonen så langt. Han meiner det ikkje har danna seg nye samlingsplassar for narkomane i vesentleg grad.
- Vi hindrar ingen i å treffast på Plata. Det vi reagerer på, er sal av stoff. Det fører til at vedkommande blir politimeld, og ser vi at nokon set skott, destruerer vi innhaldet i sprøyta, og bortviser vedkommande for 24 timar, forklarer Tveit.
Kor mange bortvisingsmeldingar politiet har skrive ut i tillegg til dei nær 600 som var registrert for ei veke sia, har Tveit førebels ikkje oversikt over. Han har heller ikkje tal på kor mange barn og unge som har blitt plukka opp av politiet, men meiner det er noko fleire enn det som elles har vore vanleg, noko som kan ha å gjera med at politiet er meir til stades.
- Ingen må tru at denne aksjonen løyser narkotikaproblemet, men vi er nøgde med at vi har lykkast i å løysa opp det harde miljøet som hadde etablert seg på Plata, seier den fungerande stasjonssjefen.
- Den som ønskjer å kjøpa stoff, klarer å finna fram til det, legg han til.
Klassekampen lykkast ikkje i å få informasjon om kva erfaringar som er gjort av Oppsøkende og koordinerende tjeneste i Oslo. Dei tilsette der har ikkje høve til å uttala seg til pressa, og deira overordna, direktør Lilleba Fauske i Rusmiddeletaten, var ikkje tilgjengeleg for kommentar i går.
@sitat:«Dette er folk som tar godt vare på kvarandre. Eg fryktar politiaksjonen kan ta liv»
john alvheim, frp@










