Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, mandag 21. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120521
Innenriks
Mandag 28. juni, 2004

– Ufullstendig rapport

Mandag 28. juni, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Verknadene av den svenske lova som forbyr kjøp av seksuelle tenester er nyleg samla i ein rapport. Eksprostituerte Louise Eek er kritisk til granskinga.

Den svenske Socialstyrelsen la nyleg fram ein rapport om korleis lova som forbyr kjøp av seksuelle tenester har verka inn på prostitusjonsmarknaden.

Rapporten er bygd på 35 intervju med politi, prostitusjonsgrupper og andre som arbeider med å hjelpa prostituerte ut av prostitusjonen. Politiet i Stockholm har blant anna registrert ein nedgang på 90 prosent i talet på gateprostituerte sia 1998.

Louise Eek, som sjølv har prostitusjonserfaring, og har utdanning både som journalist og sosiolog, meiner rapporten er svært ufullstendig.

- Eg etterlyser ei kritisk gransking av lova og verknadene av den, og av dei prostituerte si rolle i samfunnet. Ei rekkje kvalitative intervju berre med «hjelparane» gir ikkje eit godt nok grunnlag for å vurdera verknadene av lova fullt ut, seier Eek.

Også frå andre hald har det vore spurt etter ein omfattande rapport som kan gi svar på kva som er dei eigentlege verknadene av lova, som ble innførd i 1999.

Mindre trafikk

Ifølgje Rikskriminalpolisen fungerer den svenske lova som ein barriere mot at menneskehandlarar etablerer seg i Sverige. Det er vanskeleg å få verksemda til å lønna seg fordi det er for risikabelt å la kvinnene delta i gateprostitusjon.

Prostitusjonsgruppa i sosialtenesta meiner at talet på kvinner på gata kvar kveld er om lag halvert.

Frå Stockholm, Göteborg og Malmö blir det meldt om færre sexkjøparar og mindre omfattande trafikk enn tidlegare. I kor stor grad prostitusjonen no går føre seg via andre kanalar, gir rapporten ikkje svært tydelege svar på.

Ikkje god nok

Louise Eek stiller spørsmålsteikn ved kvaliteten på delar av rapporten.

Eek meiner det at ein har valt kvalitative intervju gjer at dei fakta som finst, blir tolka av informantane, og ho saknar talmaterialet basert på grundigare undersøkingar.

- Dei som er kritiske til lova, bør spørja om prostituerte i Sverige ville hatt det betre utan lova, seier ho.

Hennar viktigaste kritikk mot svenske styremakter er at dei ikkje har lagt til rette for den omfattande oppfølginga som trengst dersom lova skal bli ein reiskap til å hjelpa kvinnene ut av prostitusjonen.

Ho understrekar at ho meiner lova er bra, men at lova ikkje er nok.

Vil ha forandring

- Dersom ein ikkje gjer meir for å hjelpa dei som vil vekk frå prostitusjonen, blir resultatet at kvinnene blir i verksemda, men at den berre tar andre former. Spørsmålet er om ein vil forandra eller konservera, seier Eek.

Eitt av spørsmåla som rapporten gir noko ulike svar på, er om sexkjøpsforbodet har ført til meir formidling av prostitusjon via internett.

Frå politihald blir det hevda at mellom 200 og 250 kvinner sel sex via internett, men dette er ikkje basert på systematisk kartlegging. Prostitusjonsforskaren Sven-Axel Månsson uttaler i eit intervju at han meiner det berre er mellom 80 og 100 kvinner i Sverige som sel sex via internett, men at ein del opptrer med ulike namn.

Det blir i rapporten også understreka at formidlinga av prostitusjon via nettet starta før den svenske lova tok til å verka, slik at ein bør vera svært varsam med å sjå internettprostitusjonen som ein konsekvens av lova.

Også andre former for innandørsprostitusjon blir omtalt, men utan at det finst noko talmessig grunnlag for å vurdera omfanget og eventuelle endringar etter 1999.

Stigmatisering

Eek har fått tilbod om arbeid blant prostituerte i København, men ville gjerne hatt ein tilsvarande jobb i Sverige.

- Sosialstyremaktene i Sverige vil ha meg til å førelesa for sosialarbeidarar, men det undrar meg at dei til no ikkje har ønskt meg velkommen til å arbeida blant dei prostituerte. Eg trur min kompetanse, med at eg både har prostitusjonserfaring og akademisk utdanning, er unik og viktig. Men kanskje sit stigmatiseringa så djupt at eg framleis må straffast, seier Eek.

@sitat:«Spørsmålet er om ein vil forandra eller konservera»

Louise Eek, sosiolog og eksprostituert

@

Kultur & medier
Mandag 21. mai, 2012
- Statsstøtte gir økt frihet

- Statsstøtte gir økt frihet

Føringene som legges på teatrene, går ikke ut over den kunstneriske friheten, mener kulturministeren: - Den største friheten kulturinstitusjonene kan få, er midler til å gjennomføre det de har lyst til, sier hun.
Utenriks
Mandag 21. mai, 2012
Hengemyr til blodpris

Hengemyr til blodpris

KRIGSRÅD: Afghanistan-krigens byrder overskygger Natos toppmøte i Chicago. Samtidig innleder en ny gruppe kamp mot USAs planer om å ha styrker i Afghanistan til 2024.
Innenriks
Mandag 21. mai, 2012
To av tre ga opp på 20 år

To av tre ga opp på 20 år

OPPGITT: To av tre har sluttet med landbruk i landets beste kornbygder de siste 20 åra, sier kornbonden Svein Stubberud i Vestby. Han frykter at regjeringens tilbud til bøndene vil få flere til å gi opp.
Dagens leder
Mandag 21. mai, 2012
Alf Skjeseth
Blanke f...

Blanke f...

Dagens leder
Powered by eonBIT