Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, mandag 21. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120521
Innenriks
Torsdag 10. juni, 2004

Vil ha nordisk forbund

Torsdag 10. juni, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
- Eit samla Norden kan bli ein verdifull stemme i den internasjonale debatten, meiner EU-parlamentarikar Ole Krarup. Han vil ha eit nordisk forbund som opnar marknaden sin for dei fattige landa i sør.

51 prosent av danskane vil heller ha eit sterkare nordisk samarbeid enn EU-medlemskap. Berre 36 prosent støttar EU-medlemskap når alternativet er eit sjølvstendig Norden som har handels- og samarbeidsavtaler med EU. Dette viser ei meiningsmåling som vart offentleg i mai.

- Men oppslutnaden om eit nordisk alternativ blir fullstendig ignorert av den politiske eliten i Danmark. Eit Danmark utanfor Unionen er vårt største politiske tabu. Dette er den forbodne debatten, seier Ole Krarup til Klassekampen.

Krarup stiller til valg i EU-parlamentet for tredje gong på søndag, då det er venta at mindre enn 50 prosent av danskane skal gå til dei europeiske urnene. No lanserer EU-parlamentarikaren frå Folkebevægelsen mod EU eit nordisk alternativ til dansk EU-medlemskap: «Et selvstændigt Danmark, i et politisk forbund med Sverige og Norge».

- Kan bli realistisk

Også i Noreg og Sverige har det nordiske alternativet fleirtal framfor EU-alternativet, med 46 mot 40 og 49 mot 45 prosent, viser målinga frå mai. Krarup vedgår likevel at eit nordisk politisk forbund ikkje står spesielt høgt på dagsordenen i noko av dei nordiske landa.

- Men dette kan bli eit realistisk alternativ. Det gjeld å vera parat når augneblinken er der. Og det kan skje i løpet av relativt kort tid, når den nye EU-konstitusjonen blir nedstemt i eitt eller fleire land, meiner han.

Utkastet til EUs grunnlovstekst opnar for at dersom dokumentet blir ratifisert i fire femdelar av medlemsstatane, kan dei som seier nei gå ut av unionen. Den omstridde grunnlova kan bli ferdig under toppmøtet 17. og 18. juni. Deretter byrjar den farefulle ferda gjennom ei rad folkerøystingar i EU-landa, inkludert Danmark.

Nordiske havari

Det nordiske forsvarsforbundet havarerte i 1949. Det nordiske økonomiske forbund (Nordek) frå rundt 1970 har ingen høyrt om. Ingen bryr seg spesielt mykje om kva som i dag skjer i Nordisk Råd (frå 1952) og Nordisk Ministerråd (1971). Likevel er Ole Krarups bidrag i boka «Europa. Hvorhen?» eit scenario for «Norden som nabo til EU».

- Dei tidlegare havaria for nordiske prosjekt skjedde i stor grad på grunn av redsla for svensk dominans. Den er ikkje reell lenger, meiner professoren.

- I tillegg er det umogleg å oversjå at Norden faktisk har utvikla eit tett samarbeid på viktige område.

Krarup nemner:

  Felles arbeidsmarknad.

  Passunion.

  Sosialkonvensjonen (likestilt rett til sosialhjelp og sosiale tenester).

  Språkkonvensjonen (innbyggjarane kan bruka sitt eige språk ved kontakt med offentleg makt, helsevesen et cetera).

På grunnlag av dette samarbeidet, som er utvikla gjennom mange tiår, meiner Krarup at Danmark, Sverige og Noreg utanfor EU kan utvikla eit djupare og sterkare forbund spesielt i internasjonale spørsmål.

- På sikt kan det bli mogleg med eit politisk forbund som gjer at Norden kan tala med ei røyst i internasjonale fora som FN, WTO, samarbeid med EU, og så vidare, seier Krarup. Han understrekar at eit nordisk forbund vil arta seg svært ulikt EU-prosessen.

- Dette er ikkje sterk overnasjonal styring, men mekanismar som kan utvikla seg gradvis. Og i motsetnad til EU-prosessen, er det nordiske samarbeidet bygd med brei demokratisk oppslutnad. Dette bør vi ta vare på.

Politisk tradisjon

Dansk næringsliv eksporterer i dag meir til dei andre nordiske landa enn til Tyskland. Den svenske eksporten til dei nordiske nabolanda (med 15 millionar innbyggjarar) er større enn Sveriges samla eksport til Tyskland og Frankrike (med 140 millionar innbyggjarar), opplyser Krarup. Dermed er Norden ein heimemarknad med godt utgangspunkt for å halda gode økonomiske relasjonar med EU, dersom Danmark og Sverige går ut av unionen. Men det er også langt djupare strukturar som bind oss saman, meiner nei-mannen.

- Nordisk politisk tradisjon og praksis skil seg markant frå den kontinental-europeiske tradisjonen. EU-systemet er på alle vesentlege punkt prega av den franske forvaltingstradisjonen, med sterk sentralisering og lukka avgjerdsprosessar styrt av embetsverket.

Sivilsamfunnet og den folkelege deltakinga har ein annan styrke i dei nordiske landa.

- Dette er noko å byggja eit fungerande politisk fellesskap på, meiner EU-parlamentarikaren.

Usolidarisk?

- Nokon kan hevda at ei samling av rike land i Norden er mindre solidarisk enn eit EU der sør- og austeuropeiske land er med?

- Tradisjonen for u-landspolitikk, miljøpolitikk og global utjamning i dei nordiske landa stort sett langt meir produktiv enn politikken EU fører, svarer Krarup. Han hevdar handlingsrommet til å gjera noko for global utjamning, fred og miljøomsyn er langt større for land som står utanfor stormaktsblokkene.

- Sjå på Noreg, som nettopp derfor kan fungera som fredsmeklar. Under FN-toppmøtet i Johannesburg i 2002, då Noreg gjekk i spissen for at WTO-reglar ikkje skal gå framfor internasjonale miljøavtaler, måtte Danmark tala med same røyst som EU-kommisjonen, som stod på same side som USA, mot miljøet.

Noreg, i allianse med andre, vann fram i Johannesburg.

- Då var det ganske mange i EU som var glade for at Noreg framleis har sjølvstende.

Krarup seier eit samla Norden kan bli ein desto meir verdifull stemme i den internasjonale debatten.

- Og ei opning av heile den nordiske marknaden til fordel for varer frå u-land vil ha store, umiddelbare verknader.

På sikt meiner han både Finland og dei baltiske landa høyrer med i eit nordisk forbund.

- Eg er overtydd over at det blir eit betre løysing for dei også. Ikkje minst for dei baltiske landa vil Norden vera eit alternativ til å bli små filialar av EU-systemet.

@sitat:«Det nordiske samarbeidet bygd med brei demokratisk oppslutnad. Dette bør vi ta vare på»

Ole Krarup

@

Kultur & medier
Mandag 21. mai, 2012
- Statsstøtte gir økt frihet

- Statsstøtte gir økt frihet

Føringene som legges på teatrene, går ikke ut over den kunstneriske friheten, mener kulturministeren: - Den største friheten kulturinstitusjonene kan få, er midler til å gjennomføre det de har lyst til, sier hun.
Utenriks
Mandag 21. mai, 2012
Hengemyr til blodpris

Hengemyr til blodpris

KRIGSRÅD: Afghanistan-krigens byrder overskygger Natos toppmøte i Chicago. Samtidig innleder en ny gruppe kamp mot USAs planer om å ha styrker i Afghanistan til 2024.
Innenriks
Mandag 21. mai, 2012
To av tre ga opp på 20 år

To av tre ga opp på 20 år

OPPGITT: To av tre har sluttet med landbruk i landets beste kornbygder de siste 20 åra, sier kornbonden Svein Stubberud i Vestby. Han frykter at regjeringens tilbud til bøndene vil få flere til å gi opp.
Dagens leder
Mandag 21. mai, 2012
Alf Skjeseth
Blanke f...

Blanke f...

Dagens leder
Powered by eonBIT