Får stor ekstrarekning
Tirsdag 1. juni, 2004
- Folk kan tru at 25 kroner per behandling ikkje er så mykje. Men ein må hugsa at dette gjeld folk som har kroniske sjukdommar, som ofte treng opp til tre behandlingar i veka, berre det blir nesten 4000 kroner i året. I tillegg kjem at mange treng spesialtransport som det også må betalast eigendel for.
Det seier Tom Floeng (34) til Klassekampen. Han er ein av dei som kan få merka følgjene dersom det blir fleirtal for eit framlegg som er til behandling i Stortinget akkurat no:
I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å innføra nye eigendelar på fysikalsk behandling for grupper som til no har vore skjerma for dette. Dei som har diagnosar som mellom anna polio, cerebral parese, revmatisme, multippel sklerose og bekkenløysing har til no ikkje behøvd å betala for fysikalsk behandling. Eigendelen på 25 kroner per behandling, skal gi ei innsparing i 2004 på 75 millionar kroner.
Mange eigendelar
Sjølv har Tom Floeng to diagnosar, både leddgikt og muskelatrofi, og har hatt bruk for fysikalsk behandling regelmessig sia han var seks år.- For den som sit i rullestol kan det i seg sjølv gjera at ein treng fysikalsk behandling for å halda musklane nokolunde vedlike, og for å førebyggja nye skadar, seier Floeng.
Han har hatt eit opphald i bruken av fysikalsk behandling i det siste, men reknar med at det kan bli aktuelt å setja i gang att om kort tid, og for hans del vil tilgang til slik behandling vera avgjerande for resten av livet.
- Dei som skal avgjera kor store kostnader dei skal påleggja oss, må hugsa at for folk med kroniske sjukdommar kjem denne eigendelen på fysikalsk behandling på toppen av alle dei andre utgiftene som følgjer av det å vera kronisk sjuk og ha bruk for hjelp til det meste. Det ein risikerer, er at folk som treng behandling, likevel utset behandlinga i det lengste, seier Floeng.
Han minner om at det også må betalast eigendel på heimetenester, og eit framlegg om å innføra eigendel på bruk av personlege assistentar er ute på høyring. Floeng har lang erfaring i å slåst med bydelen om kor mange timar han skal/bør/må ha personleg assistent i veka eller månaden. Både heimetenester og personlege assistentar er for mange funksjonshemma heilt avgjerande for at dei skal kunne bu i sin eigen heim.
Floeng har òg ein tryggingsalarm han ikkje betaler for, men han fryktar at han frå hausten får krav om å betala ein eigendel på 150 kroner i månaden.
- Blir det aktuelt, så må eg kutta ut tryggingsalarmen. Eg er overraska over at det ikkje ser ut til å vera nokon ende på kva for kostnader som skal påførast oss som har kroniske sjukdommar, seier han.
- Svært mange av dei som blir ramma av desse kostnadene, er folk som berre har ein minstepensjon eller ei uføretrygd å leva av. Dette landet burde ha råd til å behandla folk annleis, legg han til.
Sviktar prinsipp
Gunnar Buvik, forbundsleiar i Norges Handikapforbund, meiner regjeringa sviktar sine eigne prinsipp med framlegget om eigendelar på fysikalsk behandling.- Regjeringa seier dei skal skjerma storforbrukarane av helsetenester mot eigendelar. Menn denne innføringa ein ny eigendel rammar nettopp først og fremst storforbrukarane, seier Buvik.
Det går no føre seg forhandlingar mellom Arbeidarpartiet og regjeringspartia sine finanspolitikarar om det reviderte nasjonalbudsjettet. Aps finanspolitiske talskvinne Hill Marta Solberg varsla ifølgje Aftenposten at dei går imot regjeringa sine framlegg om auka eigendelar. Om det også omfattar framlegget om eigendelar på fysikalsk behandling for kronisk sjuke, er ikkje klart, og det lykkast ikkje Klassekampen å få tak i Solbegr i går.
- Folk kan tru at 25 kroner per behandling ikkje er så mykje. Men ein må hugsa at dette gjeld folk som har kroniske sjukdommar, som ofte treng opp til tre behandlingar i veka, berre det blir nesten 4000 kroner i året. I tillegg kjem at mange treng spesialtransport som det også må betalast eigendel for.
Det seier Tom Floeng (34) til Klassekampen. Han er ein av dei som kan få merka følgjene dersom det blir fleirtal for eit framlegg som er til behandling i Stortinget akkurat no:
I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å innføra nye eigendelar på fysikalsk behandling for grupper som til no har vore skjerma for dette. Dei som har diagnosar som mellom anna polio, cerebral parese, revmatisme, multippel sklerose og bekkenløysing har til no ikkje behøvd å betala for fysikalsk behandling. Eigendelen på 25 kroner per behandling, skal gi ei innsparing i 2004 på 75 millionar kroner.
Mange eigendelar
Sjølv har Tom Floeng to diagnosar, både leddgikt og muskelatrofi, og har hatt bruk for fysikalsk behandling regelmessig sia han var seks år.
- For den som sit i rullestol kan det i seg sjølv gjera at ein treng fysikalsk behandling for å halda musklane nokolunde vedlike, og for å førebyggja nye skadar, seier Floeng.
Han har hatt eit opphald i bruken av fysikalsk behandling i det siste, men reknar med at det kan bli aktuelt å setja i gang att om kort tid, og for hans del vil tilgang til slik behandling vera avgjerande for resten av livet.
- Dei som skal avgjera kor store kostnader dei skal påleggja oss, må hugsa at for folk med kroniske sjukdommar kjem denne eigendelen på fysikalsk behandling på toppen av alle dei andre utgiftene som følgjer av det å vera kronisk sjuk og ha bruk for hjelp til det meste. Det ein risikerer, er at folk som treng behandling, likevel utset behandlinga i det lengste, seier Floeng.
Han minner om at det også må betalast eigendel på heimetenester, og eit framlegg om å innføra eigendel på bruk av personlege assistentar er ute på høyring. Floeng har lang erfaring i å slåst med bydelen om kor mange timar han skal/bør/må ha personleg assistent i veka eller månaden. Både heimetenester og personlege assistentar er for mange funksjonshemma heilt avgjerande for at dei skal kunne bu i sin eigen heim.
Floeng har òg ein tryggingsalarm han ikkje betaler for, men han fryktar at han frå hausten får krav om å betala ein eigendel på 150 kroner i månaden.
- Blir det aktuelt, så må eg kutta ut tryggingsalarmen. Eg er overraska over at det ikkje ser ut til å vera nokon ende på kva for kostnader som skal påførast oss som har kroniske sjukdommar, seier han.
- Svært mange av dei som blir ramma av desse kostnadene, er folk som berre har ein minstepensjon eller ei uføretrygd å leva av. Dette landet burde ha råd til å behandla folk annleis, legg han til.
Sviktar prinsipp
Gunnar Buvik, forbundsleiar i Norges Handikapforbund, meiner regjeringa sviktar sine eigne prinsipp med framlegget om eigendelar på fysikalsk behandling.
- Regjeringa seier dei skal skjerma storforbrukarane av helsetenester mot eigendelar. Menn denne innføringa ein ny eigendel rammar nettopp først og fremst storforbrukarane, seier Buvik.