Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 17. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120515
Innenriks
Onsdag 2. juni, 2004

Fleirtal mot ny skatt på sjukdom

Onsdag 2. juni, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Fleirtalet på Stortinget seier nei til regjeringa sitt framlegg om nye eigendelar på fysikalsk behandling for kronisk sjuke. Men det gir ingen garanti mot at framlegget kan bli vedteke.

Både Arbeidarpartiet, Frp, SV og Senterpartiet er imot både framlegget om at kronisk sjuke skal betala 25 kroner for kvar fysikalske behandling, som Klassekampen omtalte i går, og andre framlegg til auka eigendelar som regjeringa har lansert i det reviderte nasjonalbudsjett. Men det garanterer ikkje at det ikkje kan bli laga eit budsjettforlik som gjer at regjeringa får igjennom dette framlegget.

- Urimeleg

John Alvheim (Frp), leiar for sosialkomiteen i Stortinget, er krass i sin kritikk av regjeringa sin politikk når det gjeld eigendelar.

- Dette er den verste regjeringa eg har sett når det gjeld å snikinnføra nye eigendelar, det er berre dei to Bondevik-regjeringane som har auka eigendelane så mykje som det vi no ser. Frp går imot alle slike framlegg, seier Alvheim til Klassekampen.

Olav Gunnar Ballo (SV) og Morten Lund (Sp) er også heilt imot regjeringa sitt framlegg.

- Det er generelt grunn til å kritisera regjeringa sine ulike framlegg om auka eigendelar. Spesielt ille, og direkte ulogisk er det når dei vil innføra nye eigendelar som rammar dei ein har sagt ein skal skjerma, seier Ballo. Han minner om at revidert nasjonalbudsjett er meint å vera ei justering av budsjettet, og meiner det blir særleg urimeleg at regjeringa bruker dette høvet til å innføra nye kostnader for folk som frå før er hardt utsette.

75 millionar

Regjeringa forventar ei innsparing på 75 millionar ved å påleggja ei rekkje kronisk sjuke som til no har fått slik behandling gratis, å betala 25 kroner for kvar fysioterapibehandling. Forklaringa på dette framlegget er i budsjettet at «omfanget av gratis fysioterapibehandling på grunnlag av diagnoselisten har økt betydelig, og er nå på mer enn 50 pst. av det samlede behandlingsvolumet.»

Senterpartiet går konsekvent imot nye eigendelar, men Morten Lund (Sp) i finanskomiteen gjer det klart at her kan budsjettforhandlingane mellom Arbeidarpartiet og regjeringspartia få mykje å seia for kva som blir det faktiske resultatet.

Bjarne Håkon Hanssen (A), nestleiar i sosialkomiteen, er ikkje glad for framlegget om nye eigendelar.

- Vi jobbar med å prøva å unngå dette, men vi er ikkje ferdige med budsjettopplegget enno, og ei løysing vil vera avhengig av at vi finn inndekning på andre postar, seier han.

Budsjettbalansen

- Men 75 millionar er ingen stor sum på dette budsjettet?

- Eg er einig i at det er grunn til å sjå nøye på korleis vi kan unngå at dette framlegget blir vedteke, men det er dumt å lova at det går i orden før vi er heilt sikre. Greier vi å finansiera det, reknar eg med full støtte frå opposisjonen i Stortinget, seier Ap-representanten.

Korleis forhandlingane mellom Ap og regjeringspartia ender, veit vi førebels ikkje. Men at det blant eigendelsmotstandarane er ulike syn på korleis budsjettbalansen skal sikrast, er tydeleg.

- Slike eigendelar er skatt på sjukdom. Når det samtidig blir gjennomført skattelette for dei friske, blir det synleg kva regjeringa står for, seier Ballo.

- Vi går imot både auka eigendelar og reduksjon av toppskatten, seier Lund.

- Korleis ein skal ta inn pengane, må det forhandlast om. Vi aksepterer ikkje skatteauke, det er nok pengar å ta av elles, seier Alvheim.

@sitat:«Dette er den verste regjeringa eg har sett når det gjeld å snikinnføra nye eigendelar»

John Alvheim, FrP

@

Onsdag 16. mai, 2012
Bøndenes priser raser

Bøndenes priser raser

NEDGANG: På 25 år har prisene på bøndenes varer gått kraftig ned, viser ferske tall. - Forbrukerne får ikke billigere mat, men matvarekjedene blir sittende igjen med fortjenesten, sier landbruksøkonom Ola Flaten.
Utenriks
Onsdag 16. mai, 2012
Haiti vender seg mot sør

Haiti vender seg mot sør

NYE VENNER: Mens flere hjelpeorganisasjoner forlater Haiti etter bare to år, knytter Haiti tettere bånd med landene i den radikale Alba-
Kultur & medier
Onsdag 16. mai, 2012
En lavmælt integrasjon

En lavmælt integrasjon

I kampen om kulturkronene er biblioteket ofte den store taperen. Men på landets folkebiblioteker foregår noe av landets viktigste integrasjonsarbeid, viser flere forskningsprosjekter.
Dagens leder
Onsdag 16. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ja, vi elter

Ja, vi elter

Dagens leder
Powered by eonBIT