Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 17. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120515
Innenriks
Torsdag 27. mai, 2004

Fryktar ukultur

Torsdag 27. mai, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Sentrale SV-arar er kritiske til det uformelle SV-Ap-nettverket, og fryktar at samtalene kan føra til politiske avklaringar utanfor partipolitiske prosessar.

Dagbladet sitt oppslag måndag om hemmelege samtalar i eit uformelt SV-Ap-nettverk for å fjerna utanrikspolitiske hindringar for eit regjeringssamarbeid etter valet i 2005 har ført til reaksjonar blant SV-arar i ulike posisjonar. Somme reagerer mest på det at det som har gått føre seg, har vore halde hemmeleg. Andre er også urolege for at det kan få politiske konsekvensar som partidemokratiet ikkje maktar å forhindra.

SV-veteranen Hans Ebbing, tidlegare medlem av sentralstyret, kjenner att eit mønster frå Erik Solheim si tid som partileiar. Solheim er den som ifølgje Dagbladet alt før jul i fjor saman med tidlegare statssekretær Espen Barth Eide (Ap) tok initiativet til det uformelle utanrikspolitiske forumet.

- Dette er typisk for den organisasjonskulturen som rådde i Solheim si tid som SV-leiar. Han la vekt på å løysa ein del spørsmål ved forhandlingar med både politiske motstandarar og alliansepartnerar utanfor partiapparatet, seier Ebbing. Han nemner haldninga til Kosovo-konflikten hausten 1998 som eit eksempel, der SV si stortingsgruppe vart stilt overfor eit standpunkt som var avgjort utan at dei fekk høve til å påverka det.

Tvang til kompromiss

SU-leiar Ingrid Fiskaa er heller ikkje glad for det uformelle samarbeidet.

- Dei som har gått inn i dette, har ikkje noko mandat, det er eit privat initiativ, og eg ønskjer ikkje å gi det nokon status. Men problemet er at det kan ha ein indirekte verknad på kva som blir utforma av politikk i skjeringspunktet Ap/SV. Her kan det skje avklaringar av kva som er ok politikk for SV utan at folk i partiet veit om det, seier SU-leiaren.

- Erik Solheim har ingen formell posisjon i partiet, og han kan heldigvis ikkje gjera krav på ei rolle som talsmann for SV, understrekar Fiskaa.

Ny utanriksminister

Hans Ebbing presiserer at han sjølvsagt ikkje har noko imot at folk snakkar saman, men at problema melder seg dersom nokon gjennom slike samtalar bind seg opp til standpunkt som ikkje har vore tema for ordinære prosessar i partiet.

- Det problematiske er at nokon ser på partiet som sin eigedom, og gjennom det legg eit press på medlemsdemokratiet, seier Ebbing.

- Kva er ditt råd til partiet i den aktuelle situasjonen?

- Partileiinga må gjera det klart at alt som gjeld regjeringssamarbeid etter valet i 2005, skal avklarast gjennom ordinære prosessar fram til og på landsmøtet våren 2005, seier han. SV-veteranen er ikkje i tvil om at det gjennom det uformelle utanriksnettverket også går føre seg personposisjoneringar.

- Ein må vera politisk blind og dauv for ikkje å sjå at Erik Solheim er i ferd med å posisjonera seg som den nye utanriksministeren i ei samarbeidsregjering. Kanskje kan Raymond Johansen vera ein konkurrent, men han kan kanskje bli bistandsminister? Eg saknar Paul Chaffey i kabalen, kanskje kan han vera ein aktuell industriminister, om han ikkje har meldt overgang til Høgre innan dette blir aktuelt, seier Ebbing, med ein tydeleg ironisk undertone.

Problematisk hemmeleghald

Fylkesleiar Steinar Miland i Telemark SV har forståing for at det blir gjort freistnader på å samordna politikken framfor neste stortingsval, og er oppteken av å sjå kva SV og andre parti kan bli einige om, men også han misliker måten det skjer på.

- Privatpraktiserande utanrikspolitikk har eg ikkje mykje sans for. Vi har tidlegare kritisert Arbeidarpartiet for ikkje å vera opne, eg vil ha ryddige prosessar i SV, seier Miland.

Ellen Øseth, fylkesleiar i Troms SV, meiner denne saka har blitt gjort større enn den fortener.

- Kjempepositivt om ein kan finna fram til semje på viktige område. Det uformelle har ikkje myndigheit til å vedta noko, seier Øseth.

SV-representantar på Stortinget som Klassekampen har vore i kontakt med, er mest opptekne av det hemmelege ved Ap-SV-sonderingane.

- Hemmeleghald er ein kultur vi ikkje vil ha, det verkar hemmande på lagmoralen, vi må ha opne prosessar, seier Audun Lysbakken.

Han er trygg på at dei viktige avgjerdene blir tekne i partiorgana, og avviser spørsmål om Solheim som ny utanriksminister som spekulasjonar.

Onsdag 16. mai, 2012
Bøndenes priser raser

Bøndenes priser raser

NEDGANG: På 25 år har prisene på bøndenes varer gått kraftig ned, viser ferske tall. - Forbrukerne får ikke billigere mat, men matvarekjedene blir sittende igjen med fortjenesten, sier landbruksøkonom Ola Flaten.
Utenriks
Onsdag 16. mai, 2012
Haiti vender seg mot sør

Haiti vender seg mot sør

NYE VENNER: Mens flere hjelpeorganisasjoner forlater Haiti etter bare to år, knytter Haiti tettere bånd med landene i den radikale Alba-
Kultur & medier
Onsdag 16. mai, 2012
En lavmælt integrasjon

En lavmælt integrasjon

I kampen om kulturkronene er biblioteket ofte den store taperen. Men på landets folkebiblioteker foregår noe av landets viktigste integrasjonsarbeid, viser flere forskningsprosjekter.
Dagens leder
Onsdag 16. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ja, vi elter

Ja, vi elter

Dagens leder
Powered by eonBIT