Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 17. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120515
Innenriks
Onsdag 26. mai, 2004

Vil ha AS Nasjonalformue

Onsdag 26. mai, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
- Nasjonen kan organiserast i ein konsernmodell, meiner SAS Braathens-sjefen Petter Jansen. Dei største selskapa i Noreg diskuterer i samarbeid med Europaprogrammet ei storstilt omlegging som kan gje næringsinteressene tilgang til kapitalen i oljefondet.

Petter Jansen er ikkje kven som helst i norsk næringsliv. Han har vore konserndirektør i DnB NOR og Postbanken, og har lang bakgrunn frå banknæringa og Forsvaret. 15. april mønstra Jansen på som administrerande direktør for det nye SAS Braathens. No tek han til orde for ei drastisk omlegging av den økonomiske politikken i Noreg. Målet er å utnytta den gedigne oljeformuen meir effektivt, helst like effektivt som dei fleirnasjonale selskapa som dominerer verdsøkonomien.

«Nasjonen kan organiseres i en konsernmodell» skriv Jansen i siste nummer av Fokus Europa, publisert av Europaprogrammet. Gjennom dette konsernet må vi «investere tilstrekkelige deler av oljeformuen i eierskap i flernasjonale selskaper og derigjennom sikre både omsetning og utvikling av norsk næringsliv».

Målet er at dei sterke kreftene i norsk næringsliv skal få tilgang til meir av den finansielle styrken som ligg latent i oljeformuen. «Det er derved nærliggende å se deler av oljeformuen som den kapitalmakt nasjonen bør bruke for å utvikle sine egeneide virksomheter til flernasjonale selskaper», skriv Jansen.

Konsernstyre

Jansen har sett seg lei på at den norske oljeformuen blir passivt plassert i små eigarpostar i store utanlandske selskap. Ved meir målretta utnytting kan avkastinga av oljemilliardane drivast langt over dei 5,3 prosent som er oppnådd i Statens petroleumsfond dei siste seks åra: Fleire av storkonserna som har satsa målretta på område som bioteknologi, kraft og farmasi har hatt ei avkasting på eigenkapitalen mellom 15 og 22 prosent i samme tidsrom, understrekar SAS Braathens-sjefen.

- Vi må innsjå kor stor del av verdiskapinga globalt som skjer i regi av fleirnasjonale selskap. Og vi må leggja merke til at alle desse er organisert etter same mønster: Som eit konsern, der konsernstyret har den overgripande leiinga over ei rad underordna selskap. Fokus for konsernstyret er alltid avkastinga på kapitalen, seier Jansen til Klassekampen.

Dette er visjonen for dei norske oljemilliardane:

  Invester målretta i dei aller beste av dei største multinasjonale konserna globalt, og kjøp opp ein solid eigarposisjon i kvart selskap.

  Kapitaliser opp eit knippe norske storselskap så dei kan bli verkeleg store aktørar internasjonalt. Jansen nemner spesifikt Telenor, Hydro, Statoil og Cermaq.

  Samla dei norske storselskapa under eitt eller fleire konsernstyre.

- I dag kontrollerer eigaravdelinga i Næringsdepartementet dette. Vi kan anten halda fram med eit slikt samla grep, eller kanskje det bør etablerast fleire holdingselskap etter bransje, seier Jansen. Han ser for seg etablering av storkonsern på til dømes desse områda: havbruk, IT, olje og energi, telekommunikasjon og farmasi.

Politisk aksept

SAS Braathens-sjefen viser til at fleire land har fått til eit robust samarbeid mellom staten og kapitalen. Frankrike har over tid hatt eit sterkt samarbeid mellom regjeringsorgan, store privateigde konsern og offentleg eigde forretningsselskap.«Deres møteplass er Le Plan, som er regjeringens samordnings- og styringsorgan av nasjonens næringslivsinteresser», skriv Jansen. Visjonen bak «nasjonen som konsern» er eit norsk Le Plan.

- Kva står i vegen for noko slikt i dag?

- Politisk aksept.

- Når kan din visjon bli gjennomført?

- Eg trur det suksessivt vil utvikla seg i den retninga som eg skisserer. Men vi må ha tid til å utvikla leiarskap og innsikt som gjer oss i stand til å operera i dette internasjonale systemet.

Onsdag 16. mai, 2012
Bøndenes priser raser

Bøndenes priser raser

NEDGANG: På 25 år har prisene på bøndenes varer gått kraftig ned, viser ferske tall. - Forbrukerne får ikke billigere mat, men matvarekjedene blir sittende igjen med fortjenesten, sier landbruksøkonom Ola Flaten.
Utenriks
Onsdag 16. mai, 2012
Haiti vender seg mot sør

Haiti vender seg mot sør

NYE VENNER: Mens flere hjelpeorganisasjoner forlater Haiti etter bare to år, knytter Haiti tettere bånd med landene i den radikale Alba-
Kultur & medier
Onsdag 16. mai, 2012
En lavmælt integrasjon

En lavmælt integrasjon

I kampen om kulturkronene er biblioteket ofte den store taperen. Men på landets folkebiblioteker foregår noe av landets viktigste integrasjonsarbeid, viser flere forskningsprosjekter.
Dagens leder
Onsdag 16. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ja, vi elter

Ja, vi elter

Dagens leder
Powered by eonBIT