Har monopol på helse
Mandag 10. mai, 2004
– Det er ille nok at legar får sponsa reiser og opphald av industrien, men det skumle i stor samanheng er at legemiddelindustrien er så rik og mektig, både i pengar, kunnskap og påverknad, at den på mange måtar programmerer heile den medisinske tenkinga.Kjemiske medisinarDette seier professor Per Fugelli til Klassekampen. Samfunnsmedisinaren ynskjer oppropet som «Leger mot økt kommersialisering og korrupsjon» lanserte laurdag velkommen. No vil han ha eit oppgjer med maktposisjonen til den private legemiddelindustrien som går langt ut over sponsa konferansereiser og andre former for smøring. – Medisinsk forsking er kolonisert og nesten monopolisert av den private industrien. Det fører til ei ekstrem overvekt på kjemisk medisinering, også av sjukdommar som har med levekår og samfunnsorganisering å gjera, hevdar Fugelli. Legemiddelindustrien i Noreg er liten i internasjonal målestokk. Likevel har dei private interessene overtaket. Det er anslått frå bransjen at det i gjennomsnitt blir brukt 50.000 til 70.000 kroner på marknadsføring for kvar lege. I så fall går det med mellom 800 millionar og 1,1 milliardar til marknadsføring mot legar årleg i Noreg. Til samanlikning brukte alle norske sjukehus 509 millionar kroner til forsking innan kliniske fag i 1999.Privat styringStyreleiar Olav Helge Førde i Helse Nord, som har ansvaret for heile helsevesenet i dei tre nordlegaste fylka, deler diagnosen til Fugelli.– Premissane for helsevesenet blir meir og meir lagt av den kommersielle industrien. Dei private selskapa styrer nesten all forsking. Slik er det berre det som kan bli økonomisk profitabelt som får ein sjanse til å bli sant, seier Førde til Klassekampen. Dette har fleire uheldige verknader, meiner styreleiaren. • Enkle og rimelege løysingar blir ikkje forska på, berre det som er kostbart.• Forskinga blir dreidd mot kjemiske legemiddel og ikkje mot andre behandlingsformer. • Legemiddel som kan brukast på mange menneske blir prioritert.– Så vi ser at i psykiatrien er det alltid kjemiske løysingar som har grundig forskingsdokumentasjon, ikkje andre former for terapi. Eller vi ser at enorme ressursar kan bli sett inn på nyvinningar som har liten helseeffekt, men som likevel er lønnsame fordi målgruppa er stor. – Ein systemfeilDen norske legemiddelmarknaden var verdt omlag 15 milliardar kroner i 2003. Rundt 40 utanlandske og to norske legemiddelforetak opererer i Noreg. Medan den private bransjen har høg forteneste, slit dei offentlege helseforetaka med botnskrapte budsjett. Legemiddelindustrien har små problem med å sleppa til i det offentlege helsevesenet, som ikkje har pengar til å senda legane sine på konferansar og seminar for fagleg oppdatering. – Om pengane frå industrien forsvinn, får vi eit vakuum. Det blir eit økonomisk tomrom. Slik har det vore lenge. Dette er nesten ei avtalt rollefordeling, der industrien har ei sentral rolle både når det gjeld økonomiske ressursar og informasjon, seier Førde. Store legemiddelstudiar er «nesten uten unntak avhengig av finansiering og støtte fra ett eller flere legemiddelfirmaer», skriv Statens legemiddelverk i ein rapport frå juli 2003.Førde meiner det finst døme på korrupsjon blant legar, men hevdar den generelle systemfeilen er eit langt større problem. – Vi har ein faretrugande ubalanse mellom den private legemiddelindustrien og helsevesenet. Fagfolka er ikkje tilstrekkeleg uavhengige, det er det store problemet. Og det gjeld ikkje berre forskinga, men også heile etter- og vidareutdanninga, som legane peikar på i sitt opprop. Tre tiltakOvertaket til den private legemiddelindustrien er eit internasjonalt fenomen, understrekar Førde. – Det er gått så langt at eit av dei tyngste medisinske tidsskrifta internasjonalt nyleg skreiv at dei hadde problem med å finna kompetente leiarskribentar som ikkje hadde uheldige bindingar til industrien.Olav Helge Førde meiner det er på høg tid å snu utviklinga. Og det tyder meir pengar til forsking i offentleg regi. – Vi må ha eit system som ikkje er avhengig av kommersielle interesser.Per Fugelli er glad for at helseminister Dagfinn Høybråten varslar at det til hausten kjem forskrifter som skal regulera samrøret mellom helsepersonell og legemiddelindustri. I tillegg presenterer Fugelli tre forslag for helseministeren: 1 Etabler eit tilsynsorgan under Helsetilsynet, som fører kontroll med samrøret mellom legar og industri.2 Gjennomfør ei kraftig auke i offentleg finansiering av både forsking og etterutdanning. 3 Opprett eit fond for forsking retta mot sjukdomsgrupper i den tredje verda, som i dag så og seia blir neglisjert. @sitat:Premissane for helsevesenet blir meir og meir lagt av den kommersielle industrienOlav Helge Førde, Helse Nord@
– Det er ille nok at legar får sponsa reiser og opphald av industrien, men det skumle i stor samanheng er at legemiddelindustrien er så rik og mektig, både i pengar, kunnskap og påverknad, at den på mange måtar programmerer heile den medisinske tenkinga. Kjemiske medisinarDette seier professor Per Fugelli til Klassekampen. Samfunnsmedisinaren ynskjer oppropet som «Leger mot økt kommersialisering og korrupsjon» lanserte laurdag velkommen. No vil han ha eit oppgjer med maktposisjonen til den private legemiddelindustrien som går langt ut over sponsa konferansereiser og andre former for smøring. – Medisinsk forsking er kolonisert og nesten monopolisert av den private industrien. Det fører til ei ekstrem overvekt på kjemisk medisinering, også av sjukdommar som har med levekår og samfunnsorganisering å gjera, hevdar Fugelli. Legemiddelindustrien i Noreg er liten i internasjonal målestokk. Likevel har dei private interessene overtaket. Det er anslått frå bransjen at det i gjennomsnitt blir brukt 50.000 til 70.000 kroner på marknadsføring for kvar lege. I så fall går det med mellom 800 millionar og 1,1 milliardar til marknadsføring mot legar årleg i Noreg. Til samanlikning brukte alle norske sjukehus 509 millionar kroner til forsking innan kliniske fag i 1999.Privat styringStyreleiar Olav Helge Førde i Helse Nord, som har ansvaret for heile helsevesenet i dei tre nordlegaste fylka, deler diagnosen til Fugelli.– Premissane for helsevesenet blir meir og meir lagt av den kommersielle industrien. Dei private selskapa styrer nesten all forsking. Slik er det berre det som kan bli økonomisk profitabelt som får ein sjanse til å bli sant, seier Førde til Klassekampen. Dette har fleire uheldige verknader, meiner styreleiaren. • Enkle og rimelege løysingar blir ikkje forska på, berre det som er kostbart.• Forskinga blir dreidd mot kjemiske legemiddel og ikkje mot andre behandlingsformer. • Legemiddel som kan brukast på mange menneske blir prioritert.– Så vi ser at i psykiatrien er det alltid kjemiske løysingar som har grundig forskingsdokumentasjon, ikkje andre former for terapi. Eller vi ser at enorme ressursar kan bli sett inn på nyvinningar som har liten helseeffekt, men som likevel er lønnsame fordi målgruppa er stor. – Ein systemfeilDen norske legemiddelmarknaden var verdt omlag 15 milliardar kroner i 2003. Rundt 40 utanlandske og to norske legemiddelforetak opererer i Noreg. Medan den private bransjen har høg forteneste, slit dei offentlege helseforetaka med botnskrapte budsjett. Legemiddelindustrien har små problem med å sleppa til i det offentlege helsevesenet, som ikkje har pengar til å senda legane sine på konferansar og seminar for fagleg oppdatering. – Om pengane frå industrien forsvinn, får vi eit vakuum. Det blir eit økonomisk tomrom. Slik har det vore lenge. Dette er nesten ei avtalt rollefordeling, der industrien har ei sentral rolle både når det gjeld økonomiske ressursar og informasjon, seier Førde. Store legemiddelstudiar er «nesten uten unntak avhengig av finansiering og støtte fra ett eller flere legemiddelfirmaer», skriv Statens legemiddelverk i ein rapport frå juli 2003.Førde meiner det finst døme på korrupsjon blant legar, men hevdar den generelle systemfeilen er eit langt større problem. – Vi har ein faretrugande ubalanse mellom den private legemiddelindustrien og helsevesenet. Fagfolka er ikkje tilstrekkeleg uavhengige, det er det store problemet. Og det gjeld ikkje berre forskinga, men også heile etter- og vidareutdanninga, som legane peikar på i sitt opprop. Tre tiltakOvertaket til den private legemiddelindustrien er eit internasjonalt fenomen, understrekar Førde. – Det er gått så langt at eit av dei tyngste medisinske tidsskrifta internasjonalt nyleg skreiv at dei hadde problem med å finna kompetente leiarskribentar som ikkje hadde uheldige bindingar til industrien.Olav Helge Førde meiner det er på høg tid å snu utviklinga. Og det tyder meir pengar til forsking i offentleg regi. – Vi må ha eit system som ikkje er avhengig av kommersielle interesser.Per Fugelli er glad for at helseminister Dagfinn Høybråten varslar at det til hausten kjem forskrifter som skal regulera samrøret mellom helsepersonell og legemiddelindustri. I tillegg presenterer Fugelli tre forslag for helseministeren: 1 Etabler eit tilsynsorgan under Helsetilsynet, som fører kontroll med samrøret mellom legar og industri.2 Gjennomfør ei kraftig auke i offentleg finansiering av både forsking og etterutdanning. 3 Opprett eit fond for forsking retta mot sjukdomsgrupper i den tredje verda, som i dag så og seia blir neglisjert. @sitat:Premissane for helsevesenet blir meir og meir lagt av den kommersielle industrienOlav Helge Førde, Helse Nord@










