Jernladyens revolusjon
Torsdag 6. mai, 2004
Venstresida hadde skapt problem for seg sjølv, med ein upopulær streik gjennom «misnøyens vinter» 1978-79. Reklameguruane Saatchi&Saatchi hadde skapt slagordet Labour Isn't Working. Statsministerkandidaten til Det konservative partiet hadde skapt seg eit image i skarp kontrast til Labours grå menn - avbilda ved komfyren, med forkle og det heile. Valplakatane viste fram ei mjukare, meir menneskeleg høgreside.
Då Margaret Thatcher kom til makta levde 14 prosent av britiske ungar i fattigdom. I 1993, etter 14 år med konservativt styre, var kvar tredje unge - 33 prosent - fattige. I 1998 kapra Storbritannia plassen som landet med høgast barnefattigdom i EU-området.
Seks år før maktovertakinga hadde Thatcher uttalt at finansminister var det høgaste ei kvinne kunne rekna med å nå, og ho meinte det. Men Thatcher nådde lenger enn noka kvinne i britisk politikk. Og lenger enn dei fleste menn: Thatcher vart den lengst regjerande statsminister på over 150 år. Og ho fekk utretta mykje.
Nyliberalismens statsminister
- Ho øydela industrien vår. Ho byrja riva ned velferdsstaten. Ho tok frå helsesektoren ressursane den trengte. Ho utarma utdanning, skular og så vidare, og ho gjorde enorm skade på samfunnet. Dette seier Tony Benn i eit intervju med PBS. Benn gjekk ut av parlamentet i 2001, etter 51 års rekordlang teneste for Labour, inkludert 15 år i regjering. Benn var statsråd i dei siste to regjeringane før Thatcher tok over i 1979. Han har mykje å vera bitter for.Den økonomiske ulikskapen eksploderte under Thatcher. Regjeringane hennar sette ned skatten og auka momsen, dei skar ned på offentlege utgifter, kutta i trygd og stilte harde krav til dei arbeidslause. Og dei var det mange av.
- Ho fekk arbeidsløysa opp i over tre millionar i 1986, det høgaste sidan 1930-talet, kommenterer Benn.
Og det var privatisering. Gjennom 1980-talet gjekk milliardverdiar unna i rekordtempo. British Petroleum, British Aerospace, dei statlege hamnene, British Telecom, British Airways, British Steel og ei lang rekke andre selskap vart seld til private investorar under Thatcher. Ho skapte «ein plattform for privatisering over heile kloten», seier Tony Alt i investeringsbanken Rothschild til The Guardian.
Thatcher vart eit internasjonalt førebilete. Ho var nyliberalismens fyrste statsminister i Europa.
Klassekampen
Margaret Thatcher var ingen stor teoretikar og hadde aldri ein original ide, men ho gjekk i spissen for ei meir ideologisk og aggressiv høgreside, inspirert av nyliberalistiske ideologar som Friederich Hayek og Milton Friedman. Og øvst på agendaen stod kampen mot fagforeiningane.Då kompromissviljen til John Meynard Keynes vann fram etter krisa på 1930-talet, var det til stor sorg for dei mest ihuga liberalistane, som ikkje ville ha noko klassekompromiss med arbeidarrørsla. «Vi skyr den brå utreinskinga ... vi føretrekk den varige sjukdomen», klaga Lionel Robbins ved London School of Economics den gongen.
På 1970-talet kom tilhengjarane av «brå utreinsking» på offensiven igjen.
I Thatchers strategidokument «Stepping Stones» frå 1977, understreka rådgjevarane frå Centre for Policy Studies at «Det finst eitt stort hinder - den negative rolla til fagorganisasjonane». Strategane for den nye marknadsliberalismen slo fast at «føresetnaden for suksess vil vera ei total endring av fagrørslas rolle». Der keynesianarane hadde gått utanom, marsjerte thatcheristane rett fram. Dei skapte nytt lovverk for å tukta fagrørsla. Thatcher innførte reglar som dette:
Lovforbod mot sympatistreik.
Forbod mot kollektivt fagforeiningsmedlemskap.
Lovpålegg om hemmeleg, skriftleg røysting om streik, slik at avgjerda blir tatt av kvar einskild heime ved kjøkkenbordet.
Erstatningsansvar for fagorganisasjonane ved all arbeidskonflikt som ikkje fylgjer alle lover og reglar (som hemmeleg røysting).
Arbeidskjøparane fekk rett til selektive oppseiingar under streik.
Thatcher nedkjempa den mektige organisasjonen til gruvearbeidarane gjennom den eitt år lange streiken i 1984-85. Talet på fagorganiserte i Storbritannia har falle jamt og trutt dei siste 25 åra.
Roll back the state?
Den vellukka hemnen over arbeidarrørsla gjorde Thatcher til eit ikon for dei konservative. Men i 1990 var glansdagane over. Thatcher vart pressa ut av maktposisjonen av sine eigne, ikkje minst fordi ho var ein ihuga EU-skeptikar. Og etter 18 år ved makta måtte Det konservative partiet ut av regjeringskontora i 1997.Saldo? Thatcheristane hadde lova å «roll back the state». Labour-veteran Tony Benn avviser blankt at thatcherismen og nyliberalismen har gjeve staten ei mindre rolle.
- Det som har skjedd er at storselskapa har teke makt over regjeringane, og gjort staten mykje sterkare til beste for finanskapitalen. Staten i Storbritannia er mykje mektigare enn den var då Mrs Thatcher kom til makta. Ho øydela fagforeiningane, ho øydela det lokale sjølvstyret, ho innskrenka ytringsfridomen og rekrutterte ein masse opprørspoliti.
- Så tanken om at marknadskreftene har svekt staten er nonsens. Den er styrkt, hevdar Benn. 76 år gamal gjekk han ut av parlamentet «for å få meir tid til å driva med politikk». Benn er meir inspirert av opprøret i Seattle enn av sitt eige parti no for tida.
Thatchers finaste ettermæle:
I 1983, då han fyrst kom inn i parlamentet, slost Tony Blair for eit Labour-program som ville utvida offentleg eigarskap i økonomien. I dag privatiserer New Labour drifta av skuler, sjukehus, eldreomsorg og t-banen i London. Tony Benn meiner det er New Labour som i dag fører vidare arven frå Margaret Thatcher. Og han er ikkje den einaste.The Guardian rapporterte 15. juli 2003 om inntektsstatistikken frå Tony Blairs Cool Britannia: «Dei rike har no ein større del av nasjonens inntekt etter skatt enn nokon gong under Mrs Thatcher». Professor Madsen Pirie, grunnleggjar av den nyliberalistiske tenketanken Adam Smith Institute som utvikla politikk for thatcheristane på 1980-talet, oppsummerer arven etter Jernladyen slik:
«Før Thatcher tok over, fanst det ein strid mellom to system. Den finst ikkje lenger. På mange måtar er New Labour Thatchers finaste ettermæle».
Venstresida hadde skapt problem for seg sjølv, med ein upopulær streik gjennom «misnøyens vinter» 1978-79. Reklameguruane SaatchiSaatchi hadde skapt slagordet Labour Isn't Working. Statsministerkandidaten til Det konservative partiet hadde skapt seg eit image i skarp kontrast til Labours grå menn - avbilda ved komfyren, med forkle og det heile. Valplakatane viste fram ei mjukare, meir menneskeleg høgreside.
Då Margaret Thatcher kom til makta levde 14 prosent av britiske ungar i fattigdom. I 1993, etter 14 år med konservativt styre, var kvar tredje unge - 33 prosent - fattige. I 1998 kapra Storbritannia plassen som landet med høgast barnefattigdom i EU-området.
Seks år før maktovertakinga hadde Thatcher uttalt at finansminister var det høgaste ei kvinne kunne rekna med å nå, og ho meinte det. Men Thatcher nådde lenger enn noka kvinne i britisk politikk. Og lenger enn dei fleste menn: Thatcher vart den lengst regjerande statsminister på over 150 år. Og ho fekk utretta mykje.
Nyliberalismens statsminister
- Ho øydela industrien vår. Ho byrja riva ned velferdsstaten. Ho tok frå helsesektoren ressursane den trengte. Ho utarma utdanning, skular og så vidare, og ho gjorde enorm skade på samfunnet. Dette seier Tony Benn i eit intervju med PBS. Benn gjekk ut av parlamentet i 2001, etter 51 års rekordlang teneste for Labour, inkludert 15 år i regjering. Benn var statsråd i dei siste to regjeringane før Thatcher tok over i 1979. Han har mykje å vera bitter for.
Den økonomiske ulikskapen eksploderte under Thatcher. Regjeringane hennar sette ned skatten og auka momsen, dei skar ned på offentlege utgifter, kutta i trygd og stilte harde krav til dei arbeidslause. Og dei var det mange av.
- Ho fekk arbeidsløysa opp i over tre millionar i 1986, det høgaste sidan 1930-talet, kommenterer Benn.
Og det var privatisering. Gjennom 1980-talet gjekk milliardverdiar unna i rekordtempo. British Petroleum, British Aerospace, dei statlege hamnene, British Telecom, British Airways, British Steel og ei lang rekke andre selskap vart seld til private investorar under Thatcher. Ho skapte «ein plattform for privatisering over heile kloten», seier Tony Alt i investeringsbanken Rothschild til The Guardian.
Thatcher vart eit internasjonalt førebilete. Ho var nyliberalismens fyrste statsminister i Europa.
Klassekampen
Margaret Thatcher var ingen stor teoretikar og hadde aldri ein original ide, men ho gjekk i spissen for ei meir ideologisk og aggressiv høgreside, inspirert av nyliberalistiske ideologar som Friederich Hayek og Milton Friedman. Og øvst på agendaen stod kampen mot fagforeiningane.
Då kompromissviljen til John Meynard Keynes vann fram etter krisa på 1930-talet, var det til stor sorg for dei mest ihuga liberalistane, som ikkje ville ha noko klassekompromiss med arbeidarrørsla. «Vi skyr den brå utreinskinga ... vi føretrekk den varige sjukdomen», klaga Lionel Robbins ved London School of Economics den gongen.
På 1970-talet kom tilhengjarane av «brå utreinsking» på offensiven igjen.
I Thatchers strategidokument «Stepping Stones» frå 1977, understreka rådgjevarane frå Centre for Policy Studies at «Det finst eitt stort hinder - den negative rolla til fagorganisasjonane». Strategane for den nye marknadsliberalismen slo fast at «føresetnaden for suksess vil vera ei total endring av fagrørslas rolle». Der keynesianarane hadde gått utanom, marsjerte thatcheristane rett fram. Dei skapte nytt lovverk for å tukta fagrørsla. Thatcher innførte reglar som dette:
Lovforbod mot sympatistreik.
Forbod mot kollektivt fagforeiningsmedlemskap.
Lovpålegg om hemmeleg, skriftleg røysting om streik, slik at avgjerda blir tatt av kvar einskild heime ved kjøkkenbordet.
Erstatningsansvar for fagorganisasjonane ved all arbeidskonflikt som ikkje fylgjer alle lover og reglar (som hemmeleg røysting).
Arbeidskjøparane fekk rett til selektive oppseiingar under streik.
Thatcher nedkjempa den mektige organisasjonen til gruvearbeidarane gjennom den eitt år lange streiken i 1984-85. Talet på fagorganiserte i Storbritannia har falle jamt og trutt dei siste 25 åra.
Roll back the state?
Den vellukka hemnen over arbeidarrørsla gjorde Thatcher til eit ikon for dei konservative. Men i 1990 var glansdagane over. Thatcher vart pressa ut av maktposisjonen av sine eigne, ikkje minst fordi ho var ein ihuga EU-skeptikar. Og etter 18 år ved makta måtte Det konservative partiet ut av regjeringskontora i 1997.
Saldo? Thatcheristane hadde lova å «roll back the state». Labour-veteran Tony Benn avviser blankt at thatcherismen og nyliberalismen har gjeve staten ei mindre rolle.
- Det som har skjedd er at storselskapa har teke makt over regjeringane, og gjort staten mykje sterkare til beste for finanskapitalen. Staten i Storbritannia er mykje mektigare enn den var då Mrs Thatcher kom til makta. Ho øydela fagforeiningane, ho øydela det lokale sjølvstyret, ho innskrenka ytringsfridomen og rekrutterte ein masse opprørspoliti.
- Så tanken om at marknadskreftene har svekt staten er nonsens. Den er styrkt, hevdar Benn. 76 år gamal gjekk han ut av parlamentet «for å få meir tid til å driva med politikk». Benn er meir inspirert av opprøret i Seattle enn av sitt eige parti no for tida.
Thatchers finaste ettermæle:
I 1983, då han fyrst kom inn i parlamentet, slost Tony Blair for eit Labour-program som ville utvida offentleg eigarskap i økonomien. I dag privatiserer New Labour drifta av skuler, sjukehus, eldreomsorg og t-banen i London. Tony Benn meiner det er New Labour som i dag fører vidare arven frå Margaret Thatcher. Og han er ikkje den einaste.
The Guardian rapporterte 15. juli 2003 om inntektsstatistikken frå Tony Blairs Cool Britannia: «Dei rike har no ein større del av nasjonens inntekt etter skatt enn nokon gong under Mrs Thatcher». Professor Madsen Pirie, grunnleggjar av den nyliberalistiske tenketanken Adam Smith Institute som utvikla politikk for thatcheristane på 1980-talet, oppsummerer arven etter Jernladyen slik:
«Før Thatcher tok over, fanst det ein strid mellom to system. Den finst ikkje lenger. På mange måtar er New Labour Thatchers finaste ettermæle».










