Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 17. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120515
Innenriks
Tirsdag 4. mai, 2004

Noreg på tvangstoppen

Tirsdag 4. mai, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
- Sjølvråderetten til psykiatriske pasientar har blitt redusert dei siste åra, mellom anna ved dommar i Høgsterett, seier professor Georg Høyer. Noreg ligg på Europa-toppen i bruk av bruk av tvangsmiddel i psykiatrien.

Professor Georg Høyer ved Universitetet i Tromsø la i går fram tal som viser at Noreg ligg på toppen av statistikken både når det gjeld tvangsinnleggingar og bruk av tvangsmiddel i psykiatrien, jamført med andre europeiske land. På konferansen «Tvang og frivillighet i psykisk helsevern», som går føre seg i Oslo i går og i dag, får både brukarar, pårørande og behandlarar komme til orde.

- Alt det som kan målast når det gjeld psykiatri og bruk av tvang, viser svært høge tal for Noreg. Sjølv om talet på tvangsinnleggingar viser ein liten nedgang frå vel 13.000 innleggingar i 2001 til om lag 11.400 i 2002, var det likevel høgare i 2002 enn i 1996. Det finst ingen vitskapleg dokumentasjon som viser at tvang har nokon positiv verknad på behandlingsresultatet, seier Høyer.

- Ein må vera klar over at eit tvangsinnlegging er noko av det mest alvorlege ein kan gjera mot eit menneske.

- Få farlege situasjonar

Han peiker på at med tvangsinnleggingar er det også eit større potensial for bruk av tvang i behandlinga, både bruk av mekaniske tvangsmiddel som reimer og tvangsmedisinering.

- Kva må til om ein vil redusera bruken av tvang?

- Svært få av dei tilfella der tvangsinnlegging blir brukt, er verkeleg farlege situasjonar som kan rettferdiggjera bruken. Bruker ein meir tid til å motivera for behandling, kan det gjenomførast utan tvang. Bruken av ambulante team, team av helsepersonell som kjem heim til brukaren, bør byggjast ut, og kan vera ei god hjelp til å redusera tvangsbruken.

Høyer minner elles om at dersom ein trur på folks rett til å velja, må ein også tola at dei seier nei til eit tilbod om innlegging eller anna behandling.

- Når det blir sagt at tvangsbruken er «til pasientens beste», er dette i strid med alle menneskerettar. Sjølvråderetten til psykiatriske pasientar har blitt redusert dei siste åra, mellom anna ved dommar i Høgsterett, understrekar professoren.

Politi og psykiatri

Både politiet, representert ved visepolitimeister Geir Gudmundsen, Hordaland, og fleire fagfolk frå psykiatrien, fortalde om erfaringar med innleggingar med uniformerte politifolk, handjern og politibilar.

- Kvifor skal psykiatriske pasientar hentast med politibil, og ikkje med ambulanse? Mi erfaring er at politiet blir brukt i altfor stor grad overfor psykiatriske pasientar, seier Gudmundsen.

Karen Louise Pedersen, pårørande, kunne fortelja at alle dei gongene sonen hennar hadde blitt tvangsinnlagd, skjedde det etter at han først hadde prøvd å be om å bli innlagd på ordinær måte, fordi han kjende at han hadde bruk for det, men blitt avvist.

- Tvangsmedisinering på uverdig vis er noko av det som er aller vanskelegast å godta, seier Pedersen.

Deprimert, ikkje farleg

Brukarane sine erfaringar fortalde tydeleg at tvang i mange høve blir sett i verk utan at andre alternativ blir prøvd først.

- Eg var utagerande, kvifor var det ingen som prøvde å snakka med meg før dei tilkalte politiet? For meg representerer politiet dei som står for straff. Eg har aldri skjønt kvifor eg skulle straffast fordi eg var sjuk, seier Ann-Christin Saastaad, som har opplevt å bli tvangsinnlagd fleire gonger.

Både Ingunn Øye og Göran Nilsson kunne fortelja om angsten som sit i kroppen, og som framleis er der når dei ser ein politibil, sjølv om erfaringane med politiet ligg mange år tilbake i tid.

- Eg var deprimert, djupt ulykkeleg, men ikkje farleg for nokon. Ein gong vart eg sitjande i tre timar med handjern på ein benk utanfor sjukehuset før eg fekk komma inn. Det gjorde at det tok ekstremt lang tid før eg kunne skrivast ut, fortel Nilsson.

- Men kva bør ein gjera dersom ein skal henta ein pasient som er motvillig til behandling, spør psykiater Tom Andersen.

- Skulle eg ha henta ein pasient, ville eg gitt han ein klem, seier Nilsson.

Saastad understrekar at dette handlar om kommunikasjon.

- Sjå meg som eit heilt menneske. Eg har ein jobb, ei utdanning, ein familie. Eg er eit heilt menneske, mykje meir enn det du ser akkurat no, seier ho.

Onsdag 16. mai, 2012
Bøndenes priser raser

Bøndenes priser raser

NEDGANG: På 25 år har prisene på bøndenes varer gått kraftig ned, viser ferske tall. - Forbrukerne får ikke billigere mat, men matvarekjedene blir sittende igjen med fortjenesten, sier landbruksøkonom Ola Flaten.
Utenriks
Onsdag 16. mai, 2012
Haiti vender seg mot sør

Haiti vender seg mot sør

NYE VENNER: Mens flere hjelpeorganisasjoner forlater Haiti etter bare to år, knytter Haiti tettere bånd med landene i den radikale Alba-
Kultur & medier
Onsdag 16. mai, 2012
En lavmælt integrasjon

En lavmælt integrasjon

I kampen om kulturkronene er biblioteket ofte den store taperen. Men på landets folkebiblioteker foregår noe av landets viktigste integrasjonsarbeid, viser flere forskningsprosjekter.
Dagens leder
Onsdag 16. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ja, vi elter

Ja, vi elter

Dagens leder
Powered by eonBIT