Å vere far er som å ta tran. Ein lyt ta ei skei kvar dag.
- Den siste tida har eg fordjupa meg noko i ein litteratur som inntil nyleg var meg heilt framand: svangerskapsbøker. Eg skal verte far snart og som mjuk mann busett sentralt i det eg trudde var ein vaginalstat, var eg såleis budd på å setje meg inn i både eitt og anna om mirakelet. Eg trudde at når to sambuande frivillig valde å få barn, så var dette eit felles prosjekt. Men der har svangerskapsbøkene vore ein nyttig korreksjon.