Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 17. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120515
Not_categorized
Torsdag 10. februar, 2005

Større og større

George Monbiot seier ja til EUs grunnlovsforslag. Men det er berre eit fyrste steg. Det neste skal vera etableringa av eit Verdsparlament som kan halda det globale pengediktaturet til ansvar. George Monbiot seier ja til EUs grunnlovsforslag. Men det er berre eit fyrste steg. Det neste skal vera etableringa av eit Verdsparlament som kan halda det globale pengediktaturet til ansvar.

«En verdensmyndighet kommer til å oppstå, uansett om vi deltar i den eller ikke». Dette slår George Monbiot fast i «Demokratiets tidsalder – et manifest for en ny verdensorden». «Vi» er i dette tilfellet «den globale rettferdighetsbevegelsen». Og no har vi løfta blikket frå den nasjonale sfæren, der det er demokrati, men ingen valfridom, til den globale sfæren, der det er valfridom, men ikkje demokrati.Valfridommen er fjerna av dei dårlege sidene ved det forfattaren kallar «globalisering». Restriksjonane på kapitalflytting er fjerna. Handel og næringsliv er avregulert. Dei store selskapa har blitt globale maktfaktorar. Diagnosen er velkjent. Det nye er medisinen: «Vi må temme globaliseringen, og benytte dens uavvendelige utvikling til å styrte institusjonene den benytter seg av og erstatte dem med våre egne.» Tre institusjonarDen demokratiske verdsrevolusjonen må ta i bruk tre nye, globale institusjonar:   Eit verdsparlament valt direkte frå 600 valkrinsar med ti millionar menneske i kvar. Parlamentet blir ikkje lovgjevande, får ingen armé og ikkje mange pengar, men til gjengjeld skal det ha global legitimitet og moralsk autoritet.   Ein «Fair Trade Organisation», som skal «vedta og håndheve obligatoriske krav til alle konserner som ønsker å ta del i internasjonal handel».  Ein «Betalingssentral» for verdshandelen, som sikrar at ingen land akkumulerer store over- eller underskot i sin verdshandel. – Du skriv at nye alternativ til nyliberalismen ikkje vil ha nokon effekt med mindre dei «omfatter hele verden». Kan vi ikkje reversera noko som helst? For eksempel innføra kapitalkontroll ved grensene igjen?– Mykje kan reverserast. Vi kan ta tilbake offentleg eigedom som er privatisert. Vi kan endra handelsreglane. Og vi kan innføra kapitalkontroll, til beste både for rike og fattige land. Eg kan ikkje forstå kvifor kontroll med kapitaleksport ikkje kan vera ein del av den politiske verktøykassa for statane i dag, som dei var det for nokre tiår sidan, svarer Monbiot, som er i Oslo og lanserer bok. Kontinuerleg pressJobben til dei tre nye, globale institusjonane blir å «holde pengeinteressenes diktatur til ansvar» står det i «Demokratiets tidsalder».– Er det slik demokratar møter diktatur i våre dagar? Held diktaturet til ansvar?– Vel, det er fryste steg: Å byggja ein motstand som avslører dei mektige og gjer det pinsamt for dei. Det er eit viktig steg. Så må du bruka handlingsrommet til å utvikla ei global rørsle som kan riva ned det gamle systemet. I dag blir dei tekne med buksene nede av og til, men så får dei berre på seg buksa igjen, og så er vi tilbake ved start. Eit verdsparlament kan halda oppe presset kontinuerleg. – Ser du på kapitalismen som eit system som skal reddast frå seg sjølv, eller skal det opphevast gjennom eit meir rettvist og demokratisk alternativ?– Det kjem an på kva du meiner med kapitalisme. Skal vi gjera slutt på alle marknader? Nei. Slutt på den enorme makta til finanskapitalen? Ja. Slutt på at kapitalen dominerer livet på kloten? Ja. Men eg er mot konsentrasjon av økonomisk makt i staten. Det er stort rom for arbeidarstyre og kollektivt eigarskap og sosialisert eigedom utan at staten tek over alt. Dette er ein viktig skilnad. – Så? – Vel, eg ser ikkje noko i vegen for at kollektiva tek over mykje av næringslivet, samtidig som vi held fast på eit liberalt, demokratisk styre. Dei einaste som tapar på det er vel kapitalistane på toppen? Røystar jaDet er få ting George Monbiot er meir imot i den nye boka si enn marknadsfundamentalisme. Likevel vil han røysta ja når EU-grunnlova kjem til folkerøysting i Storbritannia. I dette grunnlovsforslaget, meiner mellom andre direktør Bernard Cassen i Le Monde Diplomatique, er marknadsliberalismen «som hugget i stein».– Eg vil røysta ja. Med store atterhald. Det er mykje positivt i grunnlovsteksten, ein del sosiale forslag. Og så er det ein del veldig farlege nyliberalistiske forslag, kommenterer Monbiot. Han er entusiastisk ved sjølve tanken på å få ein EU-konstitusjon. Det einaste George Monbiot kanskje er meir imot en marknadsfundamentalisme, er nasjonalt trongsyn. – Utviklinga av EU-identitet, eller snarare europeisk identitet, er veldig positiv, meiner forfattaren. Og neste steg kan bli ein slags global identitet. Då har vi gått frå familie til stamme til klan til baroni til nasjon til superstat – og så heilt opp til det globale individet. – Det kan bli vanskeleg, men det verkar vel ganske logisk? – Vil du stilla til Verdsparlamentet sjølv?– Eg? Aldri. Eg ville vore verdas verste politikar. Hadde eg stifta mitt eige politiske parti, ville eg brote ut innan seks månader. Eg skiftar syn for ofte.@sitat:«Hadde eg stifta mitt eige politiske parti, ville eg brote ut innan seks månader»george monbiot@@sitat:«Utviklinga av EU-identitet, eller snarare europeisk identitet, er veldig positiv»george monbiot@

«En verdensmyndighet kommer til å oppstå, uansett om vi deltar i den eller ikke». Dette slår George Monbiot fast i «Demokratiets tidsalder – et manifest for en ny verdensorden». «Vi» er i dette tilfellet «den globale rettferdighetsbevegelsen». Og no har vi løfta blikket frå den nasjonale sfæren, der det er demokrati, men ingen valfridom, til den globale sfæren, der det er valfridom, men ikkje demokrati.Valfridommen er fjerna av dei dårlege sidene ved det forfattaren kallar «globalisering». Restriksjonane på kapitalflytting er fjerna. Handel og næringsliv er avregulert. Dei store selskapa har blitt globale maktfaktorar. Diagnosen er velkjent. Det nye er medisinen: «Vi må temme globaliseringen, og benytte dens uavvendelige utvikling til å styrte institusjonene den benytter seg av og erstatte dem med våre egne.» Tre institusjonarDen demokratiske verdsrevolusjonen må ta i bruk tre nye, globale institusjonar:   Eit verdsparlament valt direkte frå 600 valkrinsar med ti millionar menneske i kvar. Parlamentet blir ikkje lovgjevande, får ingen armé og ikkje mange pengar, men til gjengjeld skal det ha global legitimitet og moralsk autoritet.   Ein «Fair Trade Organisation», som skal «vedta og håndheve obligatoriske krav til alle konserner som ønsker å ta del i internasjonal handel».  Ein «Betalingssentral» for verdshandelen, som sikrar at ingen land akkumulerer store over- eller underskot i sin verdshandel. – Du skriv at nye alternativ til nyliberalismen ikkje vil ha nokon effekt med mindre dei «omfatter hele verden». Kan vi ikkje reversera noko som helst? For eksempel innføra kapitalkontroll ved grensene igjen?– Mykje kan reverserast. Vi kan ta tilbake offentleg eigedom som er privatisert. Vi kan endra handelsreglane. Og vi kan innføra kapitalkontroll, til beste både for rike og fattige land. Eg kan ikkje forstå kvifor kontroll med kapitaleksport ikkje kan vera ein del av den politiske verktøykassa for statane i dag, som dei var det for nokre tiår sidan, svarer Monbiot, som er i Oslo og lanserer bok. Kontinuerleg pressJobben til dei tre nye, globale institusjonane blir å «holde pengeinteressenes diktatur til ansvar» står det i «Demokratiets tidsalder». – Er det slik demokratar møter diktatur i våre dagar? Held diktaturet til ansvar?– Vel, det er fryste steg: Å byggja ein motstand som avslører dei mektige og gjer det pinsamt for dei. Det er eit viktig steg. Så må du bruka handlingsrommet til å utvikla ei global rørsle som kan riva ned det gamle systemet. I dag blir dei tekne med buksene nede av og til, men så får dei berre på seg buksa igjen, og så er vi tilbake ved start. Eit verdsparlament kan halda oppe presset kontinuerleg. – Ser du på kapitalismen som eit system som skal reddast frå seg sjølv, eller skal det opphevast gjennom eit meir rettvist og demokratisk alternativ?– Det kjem an på kva du meiner med kapitalisme. Skal vi gjera slutt på alle marknader? Nei. Slutt på den enorme makta til finanskapitalen? Ja. Slutt på at kapitalen dominerer livet på kloten? Ja. Men eg er mot konsentrasjon av økonomisk makt i staten. Det er stort rom for arbeidarstyre og kollektivt eigarskap og sosialisert eigedom utan at staten tek over alt. Dette er ein viktig skilnad. – Så? – Vel, eg ser ikkje noko i vegen for at kollektiva tek over mykje av næringslivet, samtidig som vi held fast på eit liberalt, demokratisk styre. Dei einaste som tapar på det er vel kapitalistane på toppen? Røystar jaDet er få ting George Monbiot er meir imot i den nye boka si enn marknadsfundamentalisme. Likevel vil han røysta ja når EU-grunnlova kjem til folkerøysting i Storbritannia. I dette grunnlovsforslaget, meiner mellom andre direktør Bernard Cassen i Le Monde Diplomatique, er marknadsliberalismen «som hugget i stein».– Eg vil røysta ja. Med store atterhald. Det er mykje positivt i grunnlovsteksten, ein del sosiale forslag. Og så er det ein del veldig farlege nyliberalistiske forslag, kommenterer Monbiot. Han er entusiastisk ved sjølve tanken på å få ein EU-konstitusjon. Det einaste George Monbiot kanskje er meir imot en marknadsfundamentalisme, er nasjonalt trongsyn. – Utviklinga av EU-identitet, eller snarare europeisk identitet, er veldig positiv, meiner forfattaren. Og neste steg kan bli ein slags global identitet. Då har vi gått frå familie til stamme til klan til baroni til nasjon til superstat – og så heilt opp til det globale individet. – Det kan bli vanskeleg, men det verkar vel ganske logisk? – Vil du stilla til Verdsparlamentet sjølv?– Eg? Aldri. Eg ville vore verdas verste politikar. Hadde eg stifta mitt eige politiske parti, ville eg brote ut innan seks månader. Eg skiftar syn for ofte.@sitat:«Hadde eg stifta mitt eige politiske parti, ville eg brote ut innan seks månader»george monbiot@@sitat:«Utviklinga av EU-identitet, eller snarare europeisk identitet, er veldig positiv»george monbiot@

Innenriks
Onsdag 16. mai, 2012
Bøndenes priser raser

Bøndenes priser raser

NEDGANG: På 25 år har prisene på bøndenes varer gått kraftig ned, viser ferske tall. - Forbrukerne får ikke billigere mat, men matvarekjedene blir sittende igjen med fortjenesten, sier landbruksøkonom Ola Flaten.
Utenriks
Onsdag 16. mai, 2012
Haiti vender seg mot sør

Haiti vender seg mot sør

NYE VENNER: Mens flere hjelpeorganisasjoner forlater Haiti etter bare to år, knytter Haiti tettere bånd med landene i den radikale Alba-
Kultur & medier
Onsdag 16. mai, 2012
En lavmælt integrasjon

En lavmælt integrasjon

I kampen om kulturkronene er biblioteket ofte den store taperen. Men på landets folkebiblioteker foregår noe av landets viktigste integrasjonsarbeid, viser flere forskningsprosjekter.
Dagens leder
Onsdag 16. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ja, vi elter

Ja, vi elter

Dagens leder
Powered by eonBIT