Ingen bak-kanal
Tirsdag 8. februar, 2005
Den trulova trioen Ap, SV og Sp vil ikkje gripa inn i striden om pensjonsreform med eit felles kompromissforslag. I alle fall ikkje før saka er ferdig handama i kvart parti.– Nei, vi forhandlar ikkje om dette. Pensjon har vore lufta i møte mellom Åslaug Haga, Kristin Halvorsen og Jens Stoltenberg. Men vi har ingen prosess som tek sikte på å koma ut likt med Ap og Sp i denne saka, seier SVs partisekretær Bård Vegar Solhjell til Klassekampen. – Vi vedtek vår eigen politikk på dette feltet, og det skjer i landsstyret og på landsmøtet, legg han til. Landsstyremøtet finn stad førstkomande helg. Landsmøtet samlar seg i Kristiansand i månadsskiftet mars/april. Og debatten går friskt i partiet, etter at SVs sentralstyre delte seg i eit fleirtal som går inn for kutt i folketrygda og eit mindretal som avviser innstramming.Aukande engasjement– Eg er glad for å høyra dette frå Solhjell. SV-leiinga bør ikkje inngå kompromiss med nokon i denne saka, kommenterer fagleg leiar Ingun Gjerstad, som høyrer til mindretalet i sentralstyret som går mot pensjonskutt. Ho viser til at mange på grunnplanet i LO er arge over at LO-leiar Gerd-Liv Valla før jul ga støtte til eit forslag frå Aps programkomite som inneber like store kutt i folketrygda som innstillinga frå regjeringa. Dette skjedde midt oppe i LOs eigen pensjonsdiskusjon, som går fram til kongressen i mai.– Dette vil vi ikkje oppleva i SV. Vi merkar eit aukande engasjement ute i fylkeslaga. Og eg opplever at innstillinga frå mindretalet får stor oppslutnad. Eg kjenner meg trygg på at SV skal få til kloke vedtak på landsmøtet, seier Gjerstad.Gjerstad har ingenting imot at det er kontakt mellom partileiingane som byggjer eit nytt regjeringsprosjekt, men set ikkje pris på at det blir forhandla om store politiske saker utan at dei valde organa er involvert. Avsløringa i fjor av den utanrikspolitiske «Majorstua-kanalen» mellom dei kanskje komande regjeringskameratane var ikkje superpopulær i SV.Breiare forlikGeneralsekretær Dagfinn Sundsbø i Senterpartiet stadfestar at det ikkje blir ført forhandlingar om pensjon. – Og i denne saka er jo ambisjonen å få eit endå breiare forlik. Spørsmålet no er om ein når fram breitt eller ikkje i det heile teke, legg han til. Sundsbø siktar til ambisjonen om «eit breitt pensjonsforlik». Regjeringa vil helst ha med både Ap, Frp og SV, for å unngå tendensar til omkamp om eit reformvedtak som bør liggja fast ei god stund når det fyrst er gjort. Kampen for det breie forliket går etter planen i Finanskomiteen på Stortinget fram til innstilling 19. mai. Ambisjonen er at Stortinget gjer vedtak 26. mai.
Den trulova trioen Ap, SV og Sp vil ikkje gripa inn i striden om pensjonsreform med eit felles kompromissforslag. I alle fall ikkje før saka er ferdig handama i kvart parti.– Nei, vi forhandlar ikkje om dette. Pensjon har vore lufta i møte mellom Åslaug Haga, Kristin Halvorsen og Jens Stoltenberg. Men vi har ingen prosess som tek sikte på å koma ut likt med Ap og Sp i denne saka, seier SVs partisekretær Bård Vegar Solhjell til Klassekampen. – Vi vedtek vår eigen politikk på dette feltet, og det skjer i landsstyret og på landsmøtet, legg han til. Landsstyremøtet finn stad førstkomande helg. Landsmøtet samlar seg i Kristiansand i månadsskiftet mars/april. Og debatten går friskt i partiet, etter at SVs sentralstyre delte seg i eit fleirtal som går inn for kutt i folketrygda og eit mindretal som avviser innstramming. Aukande engasjement– Eg er glad for å høyra dette frå Solhjell. SV-leiinga bør ikkje inngå kompromiss med nokon i denne saka, kommenterer fagleg leiar Ingun Gjerstad, som høyrer til mindretalet i sentralstyret som går mot pensjonskutt. Ho viser til at mange på grunnplanet i LO er arge over at LO-leiar Gerd-Liv Valla før jul ga støtte til eit forslag frå Aps programkomite som inneber like store kutt i folketrygda som innstillinga frå regjeringa. Dette skjedde midt oppe i LOs eigen pensjonsdiskusjon, som går fram til kongressen i mai.– Dette vil vi ikkje oppleva i SV. Vi merkar eit aukande engasjement ute i fylkeslaga. Og eg opplever at innstillinga frå mindretalet får stor oppslutnad. Eg kjenner meg trygg på at SV skal få til kloke vedtak på landsmøtet, seier Gjerstad.Gjerstad har ingenting imot at det er kontakt mellom partileiingane som byggjer eit nytt regjeringsprosjekt, men set ikkje pris på at det blir forhandla om store politiske saker utan at dei valde organa er involvert. Avsløringa i fjor av den utanrikspolitiske «Majorstua-kanalen» mellom dei kanskje komande regjeringskameratane var ikkje superpopulær i SV. Breiare forlikGeneralsekretær Dagfinn Sundsbø i Senterpartiet stadfestar at det ikkje blir ført forhandlingar om pensjon. – Og i denne saka er jo ambisjonen å få eit endå breiare forlik. Spørsmålet no er om ein når fram breitt eller ikkje i det heile teke, legg han til. Sundsbø siktar til ambisjonen om «eit breitt pensjonsforlik». Regjeringa vil helst ha med både Ap, Frp og SV, for å unngå tendensar til omkamp om eit reformvedtak som bør liggja fast ei god stund når det fyrst er gjort. Kampen for det breie forliket går etter planen i Finanskomiteen på Stortinget fram til innstilling 19. mai. Ambisjonen er at Stortinget gjer vedtak 26. mai.










