Vil ha valsamarbeid
Mandag 29. mars, 2004
Grunnplanet i LO vil dra i gang valkampen allereie no. 31 lokale LO-avdelingar var i helga samla på Folkets Hus i Oslo, og dei vil ha fagrørsla aktivt inn i mobiliseringa fram mot 2005. Styremedlem i Attac Noreg, Magnus Marsdal, deltok som observatør på møtet. No tilbyr Attac LO drahjelp i arbeidet med å demma opp for nyliberalismen i Noreg. Marsdal viste i sin tale til forsamlinga til at Attac klarte å samle 10.000 demonstrantar mot ein «lusen forskarkonkurranse i regi av Verdsbanken». Han meiner fagrørsla har mykje å vinne på eit samarbeid med desse kreftene. Det var brei semje på konferansen om å takke ja til invitasjonen frå Attac.– Vi ynskjer ei felles mobilisering av grasrota. Dei folkelege rørslene må setje sin eigen dagsorden fram mot valet i 2005. Fagrørsla og dei nye rørslene har saman styrke til å gjere det. Vi har ikkje alltid same agenda, vi har ulike program, men det er eit så stort samanfall når det gjeld privatisering, nyliberalisme og pengemakt at det burde vere grunnlag for ei felles mobilisering, seier Magnus Marsdal til Klassekampen.Leiar i LO i Oslo, og initiativtakar til samlinga i helga, Kleiv Fiskvik, er berre positiv til utspelet frå Attac.– Dette er vi positive til, no må vi snakke nærare med Attac om korleis eit slikt samarbeid kan konkretiserast, seier Fiskvik.Ny regjeringLO-samlinga i helga brukte mykje tid på å diskutere innstillingane frå pensjonskommisjonen og arbeidsmiljølovutvalet. Fiskvik håper desse spørsmåla skal dominere fram mot valkampen.– Målet med valet i 2005 må vere å få ei ny regjering, som kan reversere desse reformene, seier Fiskvik. Representantane vedtok å oppfordre LO-leiinga til å starte valkampen umiddelbart for å få ei sentrum-venstre-regjering etter valet i 2005.Magnus Marsdal og Attac ynskjer ikkje å blande seg inn i diskusjonen om kven som bør danne regjering etter valet:– Attac meiner ingenting om regjeringskonstellasjonar, men vi ynskjer særleg at Frp og Høgre skal bli så små som mogleg, og at Ap vert så lite nyliberalistisk som mogleg. Det handlar om å mobilisere eit press for at politikken skal få ei anna retning, seier Marsdal.– Kva kan Attac tilføre fagrørsla?– Vi mobiliserte fleire mot Verdsbankens forskarkonferanse enn det som mobiliserast til 1. mai i Oslo. Dette er eit engasjement fagrørsla kan dra nytte av. Samstundes har vi mykje å lære av fagrørsla. Fagrørsla har sterk forankring i lokalsamfunn og arbeidsplassar og blant folk flest i Noreg. Der det norske livet vert levd, der er fagrørsla, men ikkje Attac, seier Marsdal.PrivatiseringskampEtter lang debatt vedtok landsmøtet i Attac 14. mars samrøystes å prioritere kampen mot privatisering på topp i året som kjem. Arbeidsutvalet i Attac fylgde opp vedtaket straks, ved å sende ein observatør til LO-konferansen i helga. Det var berre godvilje å høyre på konferansen om initiativet til Attac om nærare samarbeid mellom Attac og fagrørsla. Leiar i Trondheim LO Arne Byrkjeflot var mellom dei som roste initiativet:– Dette er veldig velkoment i heile fagrørsla, seier Byrkjeflot. – Oppfattar du Attacs prioritering av privatisering som ei politisk tilnærming til fagrørsla?– Ja, det gjer eg. Eg er glad for at Attac oppdagar at globaliseringa er ein del av kvardagslivet i Noreg òg, og ikkje berre i Praha og København, seier Byrkjeflot.Styremedlem i LO i Tromsø, Bjørn Willumsen, støttar Byrkjeflot:– Attac er ein heilt naturleg alliansepartnar for fagrørsla. Fagrørsla har mykje å lære av det ungdomelege uttrykket og evna deira til å få det til å «svinge» av sakene, seier Willumsen, og fortel at LO i Tromsø sende eigne delegatar til European Social Forum i Paris i fjor.Look to TrondheimHeller ikkje nestleiar i LO i Trondheim, Heidi Larsen, ser motførestellingar mot eit tettare samarbeid med Attac. Røynslene frå nettopp Trondheim inspirerer til vidare alliansebyggjing. Der stilte LO sine eigne krav til partia i kommunevalet i 2003, og fagrørsla bidrog sterkt til at det vart slutt på det mangeårige Høgre-styret i byen.– Eg trur nok enkelte i fagrørsla var skeptiske til at Morgenbladet initierte Attac i Norge og difor var usikre på organisasjonen i byrjinga. Men denne skepsisen er no borte og dei fleste ser på Attac som ein naturleg alliansepartnar, seier Larsen. LO-samlinga i helga var den første landsomfattande samlinga for lokale LO-avdelingar. Samlinga vedtok mellom anna å arbeide for tysdag 19. oktober som landsomfattande aksjonsdag til forsvar for arbeidsmiljølov og folketrygda. Samlinga vedtok dessutan ei oppfordring til Arbeiderpartiet om å prioritere arbeidet med å få i stand ei sentrum/venstre-regjering framfor det å opne for ein ny EU-søknad. Eit opphavleg forslag om samstundes å råde Ap til å love at det ikkje skulle sendast ny EU-søknad i stortingsperioden 2005 til 2009 fekk ikkje tilslutning.@sitat:Dei folkelege rørslene må setje sin eigen dagsorden fram mot valet. Fagrørsla og dei nye rørslene har saman styrke til å gjere detMagnus Marsdal, Attac@@sitat:Dette er veldig velkoment i heile fagrørslaArne Byrkeflot@
Grunnplanet i LO vil dra i gang valkampen allereie no. 31 lokale LO-avdelingar var i helga samla på Folkets Hus i Oslo, og dei vil ha fagrørsla aktivt inn i mobiliseringa fram mot 2005. Styremedlem i Attac Noreg, Magnus Marsdal, deltok som observatør på møtet. No tilbyr Attac LO drahjelp i arbeidet med å demma opp for nyliberalismen i Noreg. Marsdal viste i sin tale til forsamlinga til at Attac klarte å samle 10.000 demonstrantar mot ein «lusen forskarkonkurranse i regi av Verdsbanken». Han meiner fagrørsla har mykje å vinne på eit samarbeid med desse kreftene. Det var brei semje på konferansen om å takke ja til invitasjonen frå Attac.– Vi ynskjer ei felles mobilisering av grasrota. Dei folkelege rørslene må setje sin eigen dagsorden fram mot valet i 2005. Fagrørsla og dei nye rørslene har saman styrke til å gjere det. Vi har ikkje alltid same agenda, vi har ulike program, men det er eit så stort samanfall når det gjeld privatisering, nyliberalisme og pengemakt at det burde vere grunnlag for ei felles mobilisering, seier Magnus Marsdal til Klassekampen.Leiar i LO i Oslo, og initiativtakar til samlinga i helga, Kleiv Fiskvik, er berre positiv til utspelet frå Attac.– Dette er vi positive til, no må vi snakke nærare med Attac om korleis eit slikt samarbeid kan konkretiserast, seier Fiskvik. Ny regjeringLO-samlinga i helga brukte mykje tid på å diskutere innstillingane frå pensjonskommisjonen og arbeidsmiljølovutvalet. Fiskvik håper desse spørsmåla skal dominere fram mot valkampen.– Målet med valet i 2005 må vere å få ei ny regjering, som kan reversere desse reformene, seier Fiskvik. Representantane vedtok å oppfordre LO-leiinga til å starte valkampen umiddelbart for å få ei sentrum-venstre-regjering etter valet i 2005.Magnus Marsdal og Attac ynskjer ikkje å blande seg inn i diskusjonen om kven som bør danne regjering etter valet:– Attac meiner ingenting om regjeringskonstellasjonar, men vi ynskjer særleg at Frp og Høgre skal bli så små som mogleg, og at Ap vert så lite nyliberalistisk som mogleg. Det handlar om å mobilisere eit press for at politikken skal få ei anna retning, seier Marsdal. – Kva kan Attac tilføre fagrørsla?– Vi mobiliserte fleire mot Verdsbankens forskarkonferanse enn det som mobiliserast til 1. mai i Oslo. Dette er eit engasjement fagrørsla kan dra nytte av. Samstundes har vi mykje å lære av fagrørsla. Fagrørsla har sterk forankring i lokalsamfunn og arbeidsplassar og blant folk flest i Noreg. Der det norske livet vert levd, der er fagrørsla, men ikkje Attac, seier Marsdal. PrivatiseringskampEtter lang debatt vedtok landsmøtet i Attac 14. mars samrøystes å prioritere kampen mot privatisering på topp i året som kjem. Arbeidsutvalet i Attac fylgde opp vedtaket straks, ved å sende ein observatør til LO-konferansen i helga. Det var berre godvilje å høyre på konferansen om initiativet til Attac om nærare samarbeid mellom Attac og fagrørsla. Leiar i Trondheim LO Arne Byrkjeflot var mellom dei som roste initiativet:– Dette er veldig velkoment i heile fagrørsla, seier Byrkjeflot. – Oppfattar du Attacs prioritering av privatisering som ei politisk tilnærming til fagrørsla?– Ja, det gjer eg. Eg er glad for at Attac oppdagar at globaliseringa er ein del av kvardagslivet i Noreg òg, og ikkje berre i Praha og København, seier Byrkjeflot.Styremedlem i LO i Tromsø, Bjørn Willumsen, støttar Byrkjeflot:– Attac er ein heilt naturleg alliansepartnar for fagrørsla. Fagrørsla har mykje å lære av det ungdomelege uttrykket og evna deira til å få det til å «svinge» av sakene, seier Willumsen, og fortel at LO i Tromsø sende eigne delegatar til European Social Forum i Paris i fjor. Look to TrondheimHeller ikkje nestleiar i LO i Trondheim, Heidi Larsen, ser motførestellingar mot eit tettare samarbeid med Attac. Røynslene frå nettopp Trondheim inspirerer til vidare alliansebyggjing. Der stilte LO sine eigne krav til partia i kommunevalet i 2003, og fagrørsla bidrog sterkt til at det vart slutt på det mangeårige Høgre-styret i byen.– Eg trur nok enkelte i fagrørsla var skeptiske til at Morgenbladet initierte Attac i Norge og difor var usikre på organisasjonen i byrjinga. Men denne skepsisen er no borte og dei fleste ser på Attac som ein naturleg alliansepartnar, seier Larsen. LO-samlinga i helga var den første landsomfattande samlinga for lokale LO-avdelingar. Samlinga vedtok mellom anna å arbeide for tysdag 19. oktober som landsomfattande aksjonsdag til forsvar for arbeidsmiljølov og folketrygda. Samlinga vedtok dessutan ei oppfordring til Arbeiderpartiet om å prioritere arbeidet med å få i stand ei sentrum/venstre-regjering framfor det å opne for ein ny EU-søknad. Eit opphavleg forslag om samstundes å råde Ap til å love at det ikkje skulle sendast ny EU-søknad i stortingsperioden 2005 til 2009 fekk ikkje tilslutning.@sitat:Dei folkelege rørslene må setje sin eigen dagsorden fram mot valet. Fagrørsla og dei nye rørslene har saman styrke til å gjere detMagnus Marsdal, Attac@@sitat:Dette er veldig velkoment i heile fagrørslaArne Byrkeflot@










